Utløpt

Vil du vere med å bygge Kinn kommune?

Arbeidsgiver
Kinn kommune
Stillingstittel
Prosjektleiar
Frist
08.10.2018
Ansettelsesform
Fast

Vil du vere med å "bygge" den nye Kinn kommune?

Flora og Vågsøy skal slå seg saman til Kinn kommune 01.01.2020. Den nye kommunen vil få ca. 18 000 innbyggjarar. Kommunane ligg heilt ute ved havet med Norges vestlegaste byar, Måløy og Florø. Naturen som omgjev oss er stor og stolt, frå hav til fjell med fantastiske turmoglegheiter. 

I desse dagar er det i gang eit omfattande arbeid for å planlegge m.a. organiseringa av den nye kommune.

Flora bygg og eigedom forvaltar og driftar i dag Flora kommune sine formålsbygg og opptrer som grunneigar på vegne av kommune. Tenesta disponerer 34 årsverk med allsidig kompetanse innan arkitekt, ingeniør, arealplanlegging, byutvikling, prosjektutvikling, prosjektleiing, byggeleiing, reinhald, økonomi og byggfag.

Kommunen har store utbyggingsoppgåver i tida framover og treng å styrke sin kapasitet/kompetanse. Som nytilsett prosjektleiar vert hovudoppgåva dei første åra å leie realisering av nytt administrasjonsbygg i Florø.

Sentrale arbeidsområde vil vere:

  • Planlegge og utvikle kommunal bygningsmasse, herunder utarbeiding av prosjekt-løysingar og anbodsgrunnlag
  • Gjennomføre kontraktstingingar og inngå kontrakter med konsulentar, entreprenørar og leverandører
  • Delta/leie utviklingsarbeid relatert til nybygg/tilbygg/ombygging av eksisterande bygningsmasse
  • Budsjettering og rapportering iht prosjekta si framdrift og gjennomføring

Ønskelege kvalifikasjonar:

  • Arkitekt / Siv.ing. med relevant fagkrets innanfor bygg- og anleggsverksemd
  • God og relevant praksis frå bygg, anlegg og eigedomsprosjekt
  • Kjennskap til og kontaktar innanfor byggherre-, rådgjevar- og entreprenørsida
  • God norsk muntleg og skriftleg framstillingsevner
  • Kjennskap til regelverket for offentlege anskaffelsar og erfaring med utarbeiding av kontrakter
  • Førarkort kl. B

Personprofil:

Som prosjektleiar er du strukturert, ein aktiv pådrivar og god relasjonsbyggar. Du må evne og jobbe strategisk og langsiktig, og ha god oversikt. Du må være tydeleg og god på samarbeid og samhandling, samt sjå og forstå heile planlegging- og gjennomføringsprosessen. Du er tilgjengeleg og ha evne til å involvere medarbeidarar og dele informasjon. Du er ein jordnær person som trivast både på kontoret og ute på anlegga. 

Vi tilbyr:

  • Ein spennande jobb innan utvikling, planlegging og gjennomføring av byggeprosjekt
  • Gode moglegheiter for personleg utvikling
  • Fleksitid
  • Konkurransedyktig lønn 
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Fast jobb i 100%
  • Kommunane er IA-verksemd, og vil legge forholda til rette for søkarar med redusert funksjonsevne
  • Eit godt arbeidsmiljø

Om arbeidsgiveren

Flora og Vågsøy blir frå 01.01.2020 til Kinn kommune. Vi leiter etter din kompetanse for å styrke vår organisasjon!

Nettverk
Facebook
Sektor
Offentlig
Sted
Markegata 51, 6905 Florø
Bransje
Arkitektur, areal og interiør,
Bygg og anlegg,
Industri og produksjon
Stillingsfunksjon
Ingeniør / Bygge- og anleggsteknikk,
Arkitekt og planlegging,
Prosjektledelse

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Vidar Vårdal
Stillingstittel
Tenesteleiar bygg og eigedom
Telefon
95 75 40 51
Følg firma
26 følger dette firmaet

Markegata 51, 6905 Florø

Annonseinformasjon

FINN-kode 129751645
Sist endret 21. sep. 2018 11:44

Rapporter annonse