Utløpt

Vil du jobbe med miljø- og klimaspørsmål i jordbruket?

Arbeidsgiver
Landbruksdirektoratet
Stillingstittel
Vi har ledig eit vikariat på eitt år som førstekonsulent/rådgiver
Frist
09.09.2018
Ansettelsesform
Vikariat
Om arbeidsområde

Vi har ledig eit vikariat og søkjer etter ein medarbeidar med interesse for å vidareutvikle jordbruket i ein miljø- og klimavennleg retning.  

I Seksjon miljø og klima arbeider vi med tiltak for å fremje eit meir miljø- og klimavennleg jordbruk. Dei faglege oppgåvene i seksjonen gjeld tiltak for å redusere forureining av vatn, redusere klimagassutslepp, betre gjødselhandtering, oppretthalde kulturlandskapet, rapportering på miljøstatus i jordbruket, samt utvikling innan økologisk landbruk.

Arbeidsoppgåver

  • Utgreiing og sakshandsaming av miljø- og klimatiltak i jordbruket.
  • Delta i arbeidet med å vidareutvikle forvaltninga av miljøtilskot i jordbruket.
  • Rapportering, statistikk og analyser om miljøtilstanden i jordbruket.
  • Samarbeid med ulike forskingsmiljø, fylkesmennene og næringsorganisasjonar.

Arbeidsoppgåvene vil kunne tilpassast interesser og kvalifikasjonar, samt seksjonens behov.

Du vil få god opplæring og mogelegheiter for fagleg utvikling.

Kvalifikasjonar

  • Du har relevant utdanning på masternivå frå universitet eller høgskule.
  • Du har interesse for klima- og miljøspørsmål i jordbruket.
  • Du har god skriftleg og munnleg framstillingsevne.
  • Det er ein fordel at du har erfaring med sakshandsaming og utgreiingar
  • Det er ynskeleg at du har kunnskap om offentleg forvaltning.
Personlege eigenskapar

  • Du er strukturert og analytisk.
  • Du har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner.
  • Du er effektiv og har god gjennomføringsevne.
  • Du tar initiativ, ser mogelegheiter og arbeider for å finne gode løysningar.

Det vil bli lagt vekt på at søkjaren er personleg eigna til stillinga.   

Kontaktperson for stillinga

Kaja Killingland, fung. seksjonssjef, tlf 78 60 6110 eller 911 74 532

Vi tilbyr

  • Interessante oppgåver innafor eit viktig fagfelt
  • Fagleg utvikling gjennom teamarbeid og kontakt med ulike fagmiljø innan miljø, klima og jordbruk
  • Vikariat som førstekonsulent i lønnsspenn frå kr 449 400,- til kr 505 800,- eller som rådgjevar i lønnsspenn frå kr 472 300,- til kr 555 100,- avhengig av kvalifikasjonar.  Særskilt kvalifiserte søkjarar kan vurderast for stillinga som seniorrådgjevar og høgare lønn. Vikariatet varar i eit år.
  • Sentralt plassert kontorstad i Oslo og god kantineordning
  • Aktivt bedriftsidrettslag og refusjon av utgifter til trening
  • Familievennleg og fleksibel personalpolitikk
  • Gode arbeidstidsordningar (fleksibel arbeidstid, sommartid, betalt overtid)
  • Medlemskap i Statens Pensjonskasse.
Generelle opplysningar

Attestar/vitnemål må registrerast i portalen eller ettersendast pr. post før søknadsfristen går ut. Innsende dokument vil ikkje bli returnerte. Søkjarar som blir kalla inn til intervju, må ta med stadfesta kopiar av attestar og vitnemål.

Vi gjer merksam på at opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjelista. Søkjaren blir varsla dersom oppmodinga ikkje blir teken til følje.

Søknad sendast elektronisk. Om du har problem med utfylling av elektronisk CV, kan du kontakte kundeservice hos Jobbnorge på e-post: kundeservice@jobbnorge.no eller ringe på telefon: 75 54 22 27.

For Landbruksdirektoratet er det eit personalpolitisk mål å spegle samansetjinga i samfunnet når det gjeld alder, kjønn og kulturell bakgrunn. Vi ynskjer derfor at alle kvalifiserte kandidatar søkjer, uavhengig av alder, kjønn, funksjonsevne, nasjonalitet og etnisk bakgrunn.

Landbruksdirektoratet er også ei IA-verksemd. I dette ligg mellom anna at vi vil leggje til rette på arbeidsplassen dersom det er behov for det.

Om arbeidsgiveren

Landbruksdirektoratet set i verk landbrukspolitikken og handelspolitikken på landbruksområdet. Oppdraget vårt er å drive samordna og effektiv forvaltning av økonomiske og juridiske verkemiddel.

Vi er også støtte- og utgreiingsorgan for Landbruks- og matdepartementet. Vi er 220 tilsette med kontor i Oslo og Alta. For meir informasjon, sjå  www.landbruksdirektoratet.no.

Sektor
Offentlig
Sted
Postboks 8140 Dep, 0033 Oslo
Bransje
Offentlig administrasjon
Stillingsfunksjon
Rådgivning,
Saksbehandler,
Agronom
Følg firma
380 følger dette firmaet

Postboks 8140 Dep, 0033 Oslo

Annonseinformasjon

FINN-kode 127524059
Sist endret 28. aug. 2018 12:26

Rapporter annonse