Utløpt

Psykolog og psykologspesialist ved Øyane DPS

Arbeidsgiver
Helse Bergen - Divisjon psykisk helsevern / Øyane distriktspsykiatriske senter /
Stillingstittel
Psykologspesialist og psykolog
Frist
01.09.2018
Ansettelsesform
Fast
Bli kjent med Haukeland universitetssjukehus
Ynskjer du å bidra i eit distriktspykiatrisk senter i vekst?

Vi har ein ledig fast stilling for psykologspesialist og eit ledig vikariat på eit år for psykolog ved Øyane DPS, allmennpsykiatrisk poliklinikk. Startdato etter nærare avtale.

Øyane DPS har sektoransvar for kommunane Askøy, Fjell, Sund og Øygarden. Området har 65 000 innbyggarar og har hatt sterk befolkningsvekst. Allmennpsykiatrisk poliklinikk har etablert eige team for MBT. MBT behandling gis både individuelt og i gruppe. Det vert bygd opp eit alternativ til døgn tilbod knytta til poliklinikken kor det vert tilbydd ulike formar for gruppeterapi, mellom anna traumestabilisering og DBT-basert behandling for pasientar med ADHD.

Vi ynskjer oss fleire fagleg engasjerte medarbeidarar som kan bidra i utviklinga av Øyane DPS og vi vil ha kontakt med deg som har noko du brenn for i utgreiing og behandling av psykiske lidingar.

Øyane DPS er lokalisert i flotte lokale på Straume, om lag 15 minuttars køyring frå Sentrum av Bergen. Her finn du to sengepostar, allmennpsykiatrisk seksjon med 12 plassar og seksjon for psykoselidingar med 8 plassar. Vidare har vi rehabiliteringspoliklinikk og ein allmennpsykiatrisk poliklinikk med tilhøyrande ambulant akutteam.

Allmennpsykiatrisk poliklinikk som består av fem team. To av teama er allmennpsykiatrisk tverrfagleg med psykologspesialist som teamleiar og overlegar i full stilling. Dei består elles av psykologar, psykiatrisk sjukepleiar og sosionom. Det tredje teamet er ambulant akutteam (AAT), med fast psykiater, psykolog og erfarne psykiatriske sjukepleiarar. Elles har vi eige team for gruppebehandling og MBT.

Vi har eit godt tverrfagleg samarbeidsklima og arbeidsmiljø. Har brei kompetanse med rom for ulike terapeutiske fordjupingar. Vi har kompetanse innan MBT, psykoedukasjon, kortidsdynamiske og andre relasjonelt orienterte behandlingsformer, kognitiv terapi, traumebehandling, CBT-E for spiseforstyrringar, gruppebehandling og biologiske behandlingsmetodar. Vi legg vekt på fagleg utvikling.

Arbeidsoppgåver

  • Utgreiing, diagnostisering og behandling
  • Bidra i fagutvikling og forsking
  • Rettleiingsoppgåver og samarbeid med 1.linetenesta

Kvalifikasjonar

  • Norsk autorisasjon
  • Godkjend spesialist i klinisk psykologi
  • Psykolog
  • Relevant erfaring
  • Særskild kompetanse vil bli lagt vekt på
  • Søkjarar må meistre norsk svært godt, både munnleg og skriftleg

Utdanning

  • Profesjonsstudium
  • Psykologi
  • Vidareutdanning / Tilleggsutdanning utover oppnådd grad

Språk

  • Norsk

Eigenskapar

  • Må ha gode samarbeidsevner og kunne bidra i vårt gode arbeidsmiljø
  • Personleg eigna for stillinga

Vi tilbyr

  • Stillingsbrøk: 100%
  • Lønn etter avtale
  • Fagleg utvikling og høve til spissing av kompetanse
  • Spanande utviklingsoppgåver

Om arbeidsgiveren

Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har over 12.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane våre, og rett opplæring til våre pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 800.000 pasientar og bidreg i utdanninga av eit par tusen helsearbeidarar. Forsking er ei viktig oppgåve, og vi er blant dei fremste i landet innanfor dette feltet. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.

Sektor
Offentlig
Antall stillinger
2
Sted
Blombakkane 75, 5353 Straume
Bransje
Helse og omsorg
Stillingsfunksjon
Helsepersonell / Psykolog

Nøkkelord

Øyane, DPS, psykolog

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Anne Seim Grønningsæter
Stillingstittel
Ass. klinikkdirektør
Telefon
90 77 89 43
Følg firma
2249 følger dette firmaet

Blombakkane 75, 5353 Straume

Annonseinformasjon

FINN-kode 126927052
Sist endret 17. aug. 2018 16:02

Rapporter annonse