Utløpt

Ved NLA Høgskolen er tre vitskaplege stillingar i pedagogikk ledige frå 01.01.2019

Arbeidsgiver
NLA Høgskolen
Stillingstittel
Tre vitskaplege stillingar i pedagogikk ved NLA Høgskolen
Frist
01.09.2018
Ansettelsesform
Fast
Bli kjent med NLA Høgskolen AS
Tre vitskaplege stillingar i pedagogikk ved NLA Høgskolen

NLA Høgskolen er ein privat akkreditert høgskole med fire campusar, to i Bergen, ein i Oslo og ein i Kristiansand. Høgskolen har til saman 2500 studentar og 220 tilsette. Avdeling for pedagogikk er lokalisert i Sandviken, Bergen, og avdeling for lærarutdanning på Breistein i Bergen og i Oslo sentrum. Dei to campusane i Bergen vil frå 2020 bli samlokaliserte nær Bergen sentrum (Minde).

Avdeling for pedagogikk tilbyr undervisning på bachelor- og masternivå i pedagogikk: årsstudium i pedagogikk, bachelor i pedagogikk, bachelor i pedagogikk med vekt på spesialpedagogikk og interkulturell pedagogikk og eitt masterprogram i pedagogikk med tre alternative vektleggingar: allmenn pedagogikk, pedagogisk leiing og spesialpedagogikk. Ein har om lag 400 studentar. 100 av desse er masterstudentar.

Avdeling for lærarutdanning tilbyr grunnskulelærarutdanning 1-7 og 5-10 og barnehagelærarutdanning og har om lag 800 studentar i Bergen.

I Oslo startar første kullet i grunnskulelærarutdanning hausten 2018.  Alle avdelingane bidrar i institusjonens eksterne verksemd (etter- og vidareutdanning knytt til skole, barnehage, PPT etc.). 

Forskingsmiljøet omfattar fleire forskargrupper med fagleg orientering mot verdi- og grunnlagsspørsmål og forsking relevant for barnehage og skule. Totalt er det 30 vitskaplege stillingar i pedagogikk ved NLA Høgskolen. Ein PhD-grad er under planlegging knytt til grunnlagstenkning i pedagogikk med relevans for skole, barnehage, kultur og samfunn - med vekt på menneskeverd, inkludering, verdiar og det ansvaret vaksne har for neste generasjon. 

 

 

Nærare omtale av NLA Høgskolen med dei ulike avdelingane finn ein på vår nettside www.nla.no

 

Om stillingane 

Ved NLA Høgskolen kunngjer ein no tre vitskaplege stillingar i pedagogikk frå 01.01.2019 eller tidlegare etter avtale:

1.       Pedagogikk med vekt på spesialpedagogikk primært knytt til avdeling for pedagogikk med studiestad Sandviken

2.       Pedagogikk med vekt på pedagogisk leiing og utviklingsarbeid primært knytt til avdeling for lærarutdanning med studiestad Breistein.

3.       Pedagogikk med arbeid primært knytt til barnehagelærarutdanninga med studiestad Breistein.

For dei to første stillingane vil eksterne oppdrag knytt til endrings- og utviklingsarbeid i skule og barnehage være sentralt. Også for den tredje stillinga er kan det vere aktuelt med slike oppdrag ut frå kompetanse og erfaring til den som vert tilsett. God kjennskap til det norske utdanningssystemet og praksis frå barnehage/skule vil derfor bli vektlagt. 

Ønska kvalifikasjonar  

- God kjennskap til det norske utdanningssystemet og erfaring frå barnehage/skule

- Relevant forskarkompetanse og praksis frå universitet eller høgskole 

- Gode samarbeidsevner og evne til å bygge relasjoner

Felles for alle stillingane er krav om mastergrad/hovudfag i pedagogikk, eller tilsvarande  (spesialpedagogikk, barnehagepedagogikk, master i pedagogisk leiing etc.) eller tilsvarande dokumenterte kvalifikasjonar i pedagogikk. Den som blir tilsett som førsteamanuensis, må vanlegvis ha dr.grad i pedagogikk, spesialpedagogikk, barnehagepedagogikk, pedagogisk leiing etc.

Kriterium for stilling som førstelektor sjå: https://www.uhr.no/temasider/karrierepolitikk/opprykksordninger/

Søkar med kvalifikasjon som høgskolelektor kan bli mellombels tilsett for ein periode på inntil tre år, jf. universitets- og høgskolelova § 6-5, 1. ledd. Søknad om fast tilsetting med ny vurdering må skje i løpet av treårsperioden. Fast stilling som høgskolelektor er aktuelt for søkarar med relevant erfaring frå skule, barnehage og organisasjonsutvikling.

Undervisningsspråket er normalt norsk. Dersom den tilsette ikkje kan flytande norsk, svensk eller dansk, vil det bli forventa at stillingsinnehavaren innan to år tileignar seg kompetanse i å undervise på norsk.  

NLA Høgskolen tilbyr

- Et støttende, inspirerende og målrettet arbeidsmiljø

- Medlemskap i Statens pensjonskasse og avtale om Inkluderende arbeidsliv (IA-bedrift) 

- Lønn: professor l.tr 74, førstestilling i LR 24.6 (Ltr 62 - 70) og høgskolelektor i LR 25.4 (50 - 62).

Om arbeidsgiveren

Søkarane må før søknadsfristen lagre desse dokumenta i Jobbnorge si nettside: https://www.jobbnorge.no

- Søknad  

- CV med attesterte vitnemål og oversikt over fullførte studium. CV må gjere greie for utdanning, tidlegare stillingar, innhaldet i desse, pedagogisk verksemd, administrativ erfaring. CV må innehalde ei fullstendig publikasjonsliste. 

- Eventuelt fullstendige kopiar av eit utval på inntil 15 av dei mest relevante vitskaplege publikasjonane/arbeida med tanke på vurdering.  

- Beskriving av andre aktivitetar som søkaren har deltatt i, som ein ser som relevant for stillinga, og som ein ønskjer vurderingskomiteen skal ta med i vurderinga.  

- Alle dokumenta må lastast opp og lagrast i den elektroniske søknaden. Søkaren er ansvarleg for å sende fullstendig dokumentasjon innan søknadsfristen.   

 

 

Søkerane vert bedne om å plassere seg i forhold til utlysinga og gjere greie for motivasjon for å søke og visjoner ein har for det faglege arbeidet. Aktuelle søkarar vert kalla inn til intervju, og det kan verte aktuelt med prøveforelesning. NLA Høgskolen er ein høgskule med kristent verdigrunnlag, og aktuelle kandidatar må kunne identifisere seg med høgskulens verdigrunnlag. Dette bør ein kommentere i søknaden. I den samla vurderinga av søkarane vil fagleg kompetanse, relevant erfaring og personlege eigenskapar verte vektlagt.
 

Spørsmål om stillingane kan rettast til:  

Avdelingsleiar Jan Gilje
jan.gilje@nla.no tlf 55 54 07 55 

Avdelingsleiar lærarutdanning Grete Skjeggestad Meyer Grete.Skjeggestad.Meyer@nla.no Tlf 55 53 69 63 

Prorektor for utdanning Svenning Bjørke
svenning.bjorke@nla.no tlf 55 53 69 00 

  

Søknadsfrist: 1. september  

Sektor
Privat
Antall stillinger
3
Sted
Amalie Skrams vei 3, 5812 Bergen
Bransje
Forskning, utdanning og vitenskap
Stillingsfunksjon
Undervisning og pedagogikk
Følg firma
278 følger dette firmaet

Amalie Skrams vei 3, 5812 Bergen

Annonseinformasjon

FINN-kode 126798795
Sist endret 16. aug. 2018 00:00

Rapporter annonse