Avdelingsleiar i Senter for administrasjon og regnskap
- Arbeidsgiver
- Kystverket
- Stillingstittel
- Avdelingsleiar
- Frist
- 29.08.2018
- Ansettelsesform
- Fast
Avdelingsleiar har ansvar for at senteret leverer i høve til oppdrag frå hovudkontoret og skal være ein aktiv pådrivar mellom anna innan digitalisering, effektivisering og å gjere arbeidsprosessar enklare. I dette arbeidet er samhandling med einingar i Kystverket ein føresetnad for å kunne utnytte tildelte ressursar effektivt.
Avdelingsleiar er ein del av regiondirektøren si leiargruppe.
Arbeidsoppgåver
- Leie senteret
- Personalansvar og ansvar for utvikling av medarbeidarane
- Fagansvar med fokus på digitalisering, effektivisering og gjere prosessar enklare
- Budsjett- og resultatansvar
- Gjennomføre oppdrag tildelt senteret frå Kystverket sitt hovudkontor
- Delta i relevante prosjekt der mellom anna implementering av nytt lønnssystem vil vere ei sentral oppgåve i nær framtid
- Andre oppgåver kan bli tillagt stillinga
Kvalifikasjonar
- Høgare utdanning og kompetanse innanfor fagområda økonomi, personal og administrasjon
- Leiarerfaring og erfaring frå offentleg sektor er ønskeleg
- Erfaring med kontinuerleg forbetring er ønskeleg
- God munnleg og skriftleg framstillingsevne på begge målføre
- Den som blir tilsett må sikkerheitsklarerast
Utdanning
- Administrasjon og leiing
- Høgskule / Universitet
- Økonomi
Språk
- Norsk
Eigenskapar
- Er ein god personalleiar ved å gi ei klar oppleving av retning og halde fokus på måla
- Evne til å utvikle medarbeidarane gjennom involvering, rettleiing og ansvarleggjering
- Er systematisk og har god gjennomføringsevne
- Samhandler godt med andre og kommuniserer effektivt
- Produserer nye og innovative idear og løysingar
- Er engasjert, framtidsretta og påliteleg
Vi tilbyr
- Stillingsbrøk: 100%
- Ei utfordrande leiarstilling i ein stor og landsdekkande organisasjon i stadig endring
- God pensjonsordning i Statens pensjonskasse
- Fleksibel arbeidstid
- Gode velferdsordningar
- Stillinga vert lønna som avdelingsleiar, lønnskode 1407, kr. 607 700 - 754 900 etter kvalifikasjonar
- Kystverket er opptatt av mangfald, og vi vil derfor oppfordre alle som er kvalifisert til å søke stilling hos oss
Om arbeidsgiveren
Kystverket er ein nasjonal etat for kystforvalting, sjøsikkerheit og beredskap mot akutt forureining. Kystverket arbeider aktivt for ein effektiv og sikker sjøtransport gjennom å ivareta transportnæringas behov for framkome og effektive hamner. Kystverket driv førebyggande arbeid og reduserer skadeeffektane ved akutt forureining, og medverkar til ei bærekraftig utvikling av kystsona. Kystverket ligg under Samferdselsdepartementet.
- Sektor
- Offentlig
- Sted
- Fiskeriveien 3, 9750 Honningsvåg
- Bransje
- Økonomi og regnskap
- Stillingsfunksjon
- Ledelse
Spørsmål om stillingen
- Kontaktperson
- Jan Morten Hansen
- Stillingstittel
- regiondirektør
- Telefon
- 90 57 76 07
- Kontaktperson
- Bente Anita Rem Bjørkedal
- Stillingstittel
- stabsdirektør økonomi og virksomhetsstyring
- Telefon
- 90 94 40 29
Følg firma
1220 følger dette firmaet
Fiskeriveien 3, 9750 Honningsvåg