Innkjøpskonsulent for Felles innkjøpskontor for Nord-Gudbrandsdalen
- Arbeidsgiver
- Vågå kommune
- Stillingstittel
- Innkjøpskonsulent
- Frist
- Snarest
- Ansettelsesform
- Fast
Ved innkjøpskontoret er det ledig 100 % fast stilling som innkjøpskonsulent. Stillinga har utfordrande oppgåver innanfor eit kontor og fag i utvikling. Saman med innkjøpsleiar vil du legge ramane for korleis vi kan skape gode løysingar og korleis vi kan nytte kommunanes avtaler på best mogleg måte.
Arbeidsoppgåver vil mellom anna vera:
• Forvaltning av regionens avtaleportefølje, medrekna utvikle bruk av
e-handelsløysing
• Implementering og kontraktsoppfølging av rammeavtalar
• Dialog og oppfølging av regionen sin leverandørmarknad
• Identifisere behov for nye rammeavtalar og utvikling av sortiment
• Ved behov, hjelpe kommunane i andre oppdrag som t.d. gjennomføring
av mindre anskaffingar, delta i større anskaffingar eller prosjekt.
• Vera ein sentral og tydeleg person som bidreg til at kommunane gjer gode
innkjøp
I utviklinga av innkjøpskontoret og rolla som innkjøpskonsulent, kan arbeidsoppgåver endre seg.
Vi søkjer etter person med:
• Relevant utdanning
• God formidlingsevne, samarbeidsevne og evne til å inkludera andre i
prosessar
• Evne til å arbeide sjølvstendig, systematisk og effektivt
• Det blir lagt stor vekt på personlege eigenskapar
Vi tilbyr:
• Godt arbeidsmiljø med tidsmessig utstyr
• Utfordrande arbeidsoppgåver
• Lønn og stillingsplassering etter ansvar og kvalifikasjonar
Tilsetting skjer på dei vilkår som går fram av dei gjeldande lover, reglement og tariffavtalar. Nærare opplysningar om stillinga får du ved å kontakte Erik Lindseth - mobil: 470 24 500 eller e-post: erik.lindseth@vaga.kommune.no
Søknad skal sendast på elektronisk søknadsskjema som du finn på Vågå kommune si heimeside.. Vedlegg til søknaden kan sendast som e-post til postmottak@vaga.kommune.no eller som ordinær post til Vågå kommune, Edvard Storms veg 2, 2680 Vågå.
Søknadsfrist: 02.09.18.
Vågå kommune er oppteke av mangfald og oppmodar kvalifiserte kandidatar til å søkje uavhengig av alder, kjønn, funksjonsevne, etnisitet eller nasjonal bakgrunn.
Vi gjer merksame på at søkjarnamn kan bli offentleggjort sjølv om ein reserverer seg mot det, jf. Off. lova §25. Du vil i tilfelle bli varsla om dette på førehand.
Om arbeidsgiveren
Kommunar anskaffar årlig varer og tenester for ein betydeleg sum og som innkjøparar er dei ansvarlege for at dette går føre seg på ein god måte. Derfor har kommunane Sel, Dovre, Lesja, Skjåk, Lom og Vågå etablert eit felles innkjøpskontor. Innkjøpskontoret er organisert som eit administrativt vertskommunesamarbeid og tenestestad er Vågå kommune.
- Nettverk
- Sektor
- Offentlig
- Sted
- Edv. Stormsveg 2, 2680 Vågå
- Bransje
- Konsulent og rådgivning
- Stillingsfunksjon
- Innkjøp/forhandling
Nøkkelord
innkjøpskonsulent, forvaltning, kontraktsoppfølging, rammeavtaler, innkjøp
Spørsmål om stillingen
- Kontaktperson
- Erik Lindseth
- Stillingstittel
- Innkjøpsleiar
- Mobil
- Vis telefonnummer
Edv. Stormsveg 2, 2680 Vågå