Utløpt

KL-montør / Energimontør, Voss

Arbeidsgiver
Bane NOR SF* - Bergensbanen Vest
Stillingstittel
KL-montør / Energimontør, Voss
Frist
19.08.2018
Ansettelsesform
Fast
Bli kjent med Bane NOR
Område Vest har ansvaret for forvalting, drift og vedlikehald av baneområda Bergensbanen og Flåmsbana. Bergensbanen er i positiv utvikling med sterk vekst i gods- og passasjertrafikk.

På Voss er det ledig stilling som KL-montør/energimontør.

Som energi-/kontaktleidningsmontør skal du montere, vedlikehalde, reparere og sette elektriske anlegg i drift. Det omhandlar også kontroll av anlegg, med dokumentasjon og rapportering.

Stillinga rapporterer til faggruppeleiar.

Arbeidsoppgåver

  • kontroll, vedlikehald, revisjon og reparasjonar knytt til Bane NOR sitt kontaktleidningsanlegg på strekninga Finse-Bergen og Flåmsbana
  • bygging/fornying av kontaktleidningsanlegg
  • prosjektarbeid og koordinering av oppgåver i samarbeid med dei andre fagområda i Bane NOR
  • delta i beredskapsvakt etter behov
  • dei til kvar tid delegerte oppgåver gitt av nærmaste leder

    Søkarar må vere villige til å delta i andre drifts- og vedlikehaldsoppdrag etter behov, samt vere innstilt på reising og turnusarbeid. Turnusarbeid inneber ein del helge- og nattarbeid.

Kvalifikasjonar

  • fagbrev som kontaktleidningsmontør, ev. fagbrev som energimontør/E-verksmontør, alternativt faggruppe A eller H
  • erfaring frå installasjons- og vedlikehaldsarbeid knytt til høgspentanlegg
  • godkjenning som hovedsikkerhetsvakt for arbeid i og ved spor, eller være villig til å ta denne opplæringa. Arbeidspsykologisk test vil bli gjennomførd før tilsetting.
  • kjennskap til bruk av dataverktøy
  • førarkort klasse B, ønskeleg med BE
  • førarkompetanse for framføring av skinnegåande arbeidsmaskinar er ønskeleg
  • kranførarkurs og liftkurs er ønskeleg
  • beherskar norsk munnleg og skriftleg

    Det vert stilt helsekrav til blant anna syn, fargesyn og høyrsel. Helseundersøkinga vert gjennomført i samband med eventuell tilsetting.

    Stillinga inngår i Bane NOR sin beredskapsordning. Tilsette i beredskapsordninga må, ved utrykking, kunne møte på stasjoneringsstaden innan 60 minutt. Det er krav om lokomotivførarutdanning. Fagarbeidarar utan lokomotivførarutdanning kan tilsettast i stillinga under føresetnad av at ein forpliktar seg til å ta lokomotivførarutdanning og består denne.

Eigenskapar

  • Deg vi søker finn gode løysningar, oppnår resultat, er sjølvstendig og tek initiativ. Du er fleksibel og har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner. Vidare må du vere omgjengelig og ha interesse for og eigenskapar innan fagområdet, samt vere villig til å holde deg faglig oppdatert. Det vert lagt vekt på forståing for tverrfagleghet og samarbeid med andre faggrupper.

    Vi legg vekt på lojalitet til Bane NOR sine etiske retningslinjer, og våre verdiar som er open, profesjonell og engasjert.

Vi tilbyr

  • Stillingsbrøk: 100%
  • eit godt arbeidsmiljø med dyktige kollegaer og fagmiljø
  • gode moglegheiter for etter- og vidareutdanning
  • pensjon og gruppelivsforsikring
  • personalbillett på NSB sine tog

    Dersom du ønskjer å reservere deg frå oppføring på offentlig søkarliste, må du opplyse om og grunngi dette i søknaden. Opplysningar kan bli offentliggjort sjølv om du har bedt om ikkje å bli oppført på søkarlista. Du vert varsla dersom ønsket om reservasjon ikkje vert teke til følgje.

Om arbeidsgiveren


Bane NOR SF er eit statleg føretak med ansvar for den nasjonale jernbaneinfrastrukturen. Føremålet til Bane NOR er å sørgje for tilgjengeleg jernbaneinfrastruktur og effektive og brukarvenlege tenester, inkludert knutepunkts- og godsterminalutvikling. Føretaket har ansvaret for planlegging, utbygging, forvaltning, drift og vedlikehald av det nasjonale jernbanenettet, trafikkstyring og forvaltning og utvikling av jernbaneeigedom. Bane NOR har det operative koordineringsansvaret for sikkerheitsarbeidet og operativt ansvar for samordning av beredskap og krisehandtering. Bane NOR har om lag 4.500 tilsette og har hovudkontor i Oslo.


Sektor
Offentlig
Sted
Ringheimsvegen 2, 5704 Voss
Bransje
Bygg og anlegg,
Kraft og energi
Stillingsfunksjon
Annet,
Håndverker / Andre montører

Nøkkelord

Jernbane, KL-montør, Kontaktledning

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Atle Almenningen
Stillingstittel
Faggruppeleiar
Telefon
91 65 92 61
Følg firma
4455 følger dette firmaet

Ringheimsvegen 2, 5704 Voss

Annonseinformasjon

FINN-kode 124810149
Sist endret 21. jul. 2018 09:05

Rapporter annonse