Utløpt

Pedagogisk leiar, 3. gongs utlysing

Arbeidsgiver
Øygarden kommune
Stillingstittel
Pedagogisk leiar
Frist
05.08.2018
Ansettelsesform
Vikariat

Kort om stillinga
Øygarden kommune har, for barnehageåret 2018/2019, 1 ledig vikariat som pedagogisk leiar i 100% stilling, i Tjeldstø
barnehage, med moglegheit for fast tilsetjing.

Tjeldstø barnehage er ein kommunal barnehage som ligg på Tjeldstø, i nordre del av Øygarden kommune.
Barnehagen ligg i eit eldre bygg som vart pussa opp og teken i bruk som barnehage i 2005. Bygget er stort og romsleg,

med mange gode grupperom og utsikt over fjorden. Det er landlege omgjevnader ikring oss, og vi har både fotballbane,
fjære, skogsområder og bondegardar i nærområdet vårt. Det er og kort veg til butikk, bussterminal og barneskule.


Oppgåver/satsingsområder
Våre satsingsområder er sosial- og emosjonell kompetanse og kystkultur. Vi jobbar med dei pedagogiske programma
De Utrolige Årene og Dinosaurskulen, og har eit tett samarbeid med Skjergardsheimen leirskule. Barnehagen
fokuserer også på eit sunt kosthald, der fisk, frukt og grønsaker er viktige ingrediensar. Barnehagen har 3 avdelingar,
og forventa barnetal for komande barnehageår, er på inntil 18 storbarnsplassar og 18 småbarnsplassar.


Kvalifikasjoner for stillinga
Utdanning som offentleg godkjent barnehagelærar.

Me ser etter kandidatar som
Har gode leiareigenskapar
Har stor innsatsvilje, og som er engasjert og motivert for arbeidsoppgåvene
Vil bidra til vidareutvikling av barnehagen
Har gode samarbeidseigenskapar
Er positiv og løysningsorientert
Er opptatt av barnet i fokus
Helst har gjennomført grunnopplæringa i De Utrolige Årene, og som i tillegg er interessert i sjø, fiske og båtliv

Me tilbyr
Løn etter tariff og lokalt tillegg kr 31.000 i 100% stilling.

Om arbeidsgiveren

Øygarden kommune er ein framtidsretta kyst- og industrikommune nordvest for Bergen med
omlag 5000 innbyggjarar. Reisetida frå Bergen til kommunesenteret på Rong er 40 minutt.
Fjell, Sund og Øygarden har vedteke å slå seg saman frå 2020. Nye Øygarden kommune vert då den nest største kommunen i Hordaland med 40 000 innbyggjarar. Dei tre kommunane samarbeider allereie tett. Etablering av vår nye kommune er eit omstillings- ogutviklingsprosjekt som vil få stor betydning for både innbyggjarar og tilsette. Me søkjer etter medarbeidarar som ønskjer å vera med på laget.

Sektor
Offentlig
Sted
TERNHOLMVEGEN 2, 5337 Rong
Bransje
Barn, skole og undervisning
Stillingsfunksjon
Barnehage / Pedagogisk leder

Nøkkelord

pedagogisk, leiar, barnehage, barn

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Hilde Sture Ervik
Stillingstittel
Einingsleiar
Telefon
95 99 82 08
Kontaktperson
Helene Møgster
Stillingstittel
Personalsjef
Telefon
56 38 53 26
Følg firma
132 følger dette firmaet

TERNHOLMVEGEN 2, 5337 Rong

Annonseinformasjon

FINN-kode 124635889
Sist endret 18. jul. 2018 07:22

Rapporter annonse