Utløpt

Avdelingsleiar ved Lindås bu- og servicesenter

Arbeidsgiver
Lindås kommune
Stillingstittel
Avdelingsleiar
Frist
26.08.2018
Ansettelsesform
Fast

Eining

Knarvik sjukeheim og Lindås bu- og servicesenter er Lindås kommune sine to sjukeheimar. Sjukeheimseininga består av fire sjukeheimsavdelingar og sentralkjøkken. Kvar avdeling vert leia av avdelingsleiar.

 

Avdeling

Lindås Bu- og servicesenter ligg nord i kommunen - ca 25 min kjøring frå Knarvik i retning Mongstad. Sjukeheimen er ein langtidsavdeling med 16 somatiske plassar og 8 plassar tilpassa personar med demens. Den vart bygd i 1982, og seinare ombygd i 1995. Sjukeheimen er no under oppgradering og får nye og moderne pasientrom. Ny, flott sansehage vart opna sommaren 2017.

 Då avdelingsleiar ved Lindås Bu- og servicesenter går over i anna avdeling vert det ledig 100% fast stilling som avdelingsleiar frå 01.10.2018.

 

Arbeidsoppgåver

Heilskapleg ansvar for fag, drift, økonomi og personal. 

Leie avdelinga i tråd med overordna planar, og sikre at tenestene vert gitt i samsvar med gjeldande faglege og rettslege rammer.

Som avdelingsleiar inngår du i sjukeheimstenesta sitt leiarteam. Du rapporterar til einingsleiar og er ein viktig bidragsytar til utvikling og forbetringsarbeid i sjukeheimstenesta.

 

Kvalifikasjonar

" Offentleg godkjent sjukepleiar

" Leiarutdanning og/eller leiarerfaring er ønskjeleg.

" God IKT kompetanse, samt god skriftleg og munnleg framstillingevne.

" Erfaring med døgnkontinuerleg drift, utarbeiding av turnus/alternative arbeidstidsordningar

" Gode evner innanfor kreativitet, innovasjon og nyskaping

" Evne til å delegere, myndiggjere og skape godt arbeidsmiljø

 

Personlege eigenskapar vil bli vektlagt.

 

Vi tilbyr

Lønn- og tilsetjingsvilkår i samsvar med lov- og avtaleverk.

Ein spennande leiarstilling med mange varierte oppgåver

Ein avdeling med dyktige og dedikerte tilsette som legg sjela i å levere gode tenester.

Eit godt leiarteam som vil mykje og gjer kvarandre gode

Om arbeidsgiveren

Lindås kommune er den største kommunen i Nordhordland med meir enn 15.000 innbyggjarar. Knarvik er kommunesenter og regionsenter for Nordhordland, berre 30 minutt frå Bergen sentrum. Kommunen vår skal vera staden der draumar blir røyndom, og derfor arbeider vi alltid med å vera kvalitetsbevisst, framtidsretta, inkluderande og tenestevillige.
Frå 2020 blir vi ein del av noko endå større: Saman med nabokommunane Meland og Radøy byggjer vi den nye Alver kommune med nær dobla innbyggjartal.

Nettverk
Facebook
Sektor
Offentlig
Sted
5955 Lindås
Bransje
Helse og omsorg,
Offentlig administrasjon
Stillingsfunksjon
Helsepersonell,
Ledelse,
Sykepleier

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Simon Walter Grandahl
Stillingstittel
einingsleiar
Telefon
40 92 43 55
Følg firma
66 følger dette firmaet

5955 Lindås

Annonseinformasjon

FINN-kode 124594708
Sist endret 28. aug. 2018 02:44

Rapporter annonse