Utløpt

Engasjement som seniorrådgjevar for oppfølging/koordinering av stortingsmeldingen Leve hele livet

Arbeidsgiver
Helse- og omsorgsdepartementet
Stillingstittel
Engasjement som seniorrådgjevar for oppfølging/koordinering av stortingsmeldingen Leve hele livet
Frist
13.08.2018
Ansettelsesform
Engasjement
Bli kjent med HELSE- OG OMSORGSDEPARTEMENTET

Om reforma
Regjeringa har nyleg lagt fram Meld. St. 15 (2017-2018) Leve hele livet - En kvalitetsreform for eldre. Det er planlagt at reforma skal setjast i verk 01.01.2019 med ulike faser for kartlegging, planlegging, gjennomføring og evaluering. Reforma skal gjere sitt til at eldre kan meistre livet lenger, vere trygge på at dei får god hjelp når dei treng det, at pårørande kan hjelpe utan at dei vert utslitne, og at tilsette kan bruke kompetansen sin i tenestene. Reforma skal styrkje kvaliteten i det som er grunnleggjande: mat og måltid, aktivitet og fellesskap, helsetenester og samanheng i tenestene. Vidare skal reforma følgje opp regjeringa sin strategi for eit aldersvenleg samfunn gjennom eit eige program for eit aldersvenleg Noreg. Regjeringa har gått inn i eit samarbeid med kommunesektoren ved KS om gjennomføring av reforma.

Hovudansvaret for gjennomføring av reforma er lagt til Helsedirektoratet med styringsline til fylkesmennene. Helse- og omsorgsdepartementet treng likevel òg ei solid forankring og oppfølging av reformarbeidet. Denne oppgåva er i seksjon for utvikling i omsorgstenesteavdelinga.

Arbeidsoppgåver
Arbeidsoppgåvene går ut på å:

  • koordinere arbeidet departementet gjer med å setje i verk og gjennomføre Meld. St. 15 (2017-2018) Leve hele livet - En kvalitetsreform for eldre
  • leggje til rette for og gjennomføre dialog med Helsedirektoratet og regionale aktørar med ansvar for å spreie og gjennomføre reforma
  • rapportere resultat og måloppnåing

Kvalifikasjonskrav

  • relevant høgare utdanning på masternivå, helst helsefagleg utdanning
  • god kjennskap til og kunnskap om dei kommunale helse- og omsorgstenestene
  • prosjektleiarrøynsle frå større utviklingsprosjekt som involverer ulike aktørar og interessentar
  • solid røynsle frå offentleg verksemd
  • innsikt og forståing for samspelet mellom politikk, fag og administrasjon både nasjonalt, regionalt og lokalt
  • god munnleg og skriftleg framstillingsevne

Personlege eigenskapar
Du er:

  • fleksibel og raus
  • pliktoppfyllande, sjølvstendig og med god gjennomføringsevne
  • har godt humør og gode samarbeidsevner
  • god på å skape oppslutning og engasjement for saker du arbeider med både internt og eksternt
  • flink til å finne løysingar i komplekse saker med ulike interesser
  • robust, og taklar høgt arbeidspress

Vidare må du ha interesse for samfunnsspørsmål og politiske prosessar. Vi legg vekt på om du høver som person.

Vi tilbyr

  • Engasjement til 31.12.2020
  • Stillingsbrøk: 100 %
  • Spennande arbeidsområde med gode høve til utvikling
  • Eit godt arbeidsmiljø med kompetente, engasjerte og trivelege kollegaer
  • Løn kr 600 000-750 000. For særskilt kvalifiserte søkjarar kan høgare løn vurderast
  • Trening i arbeidstida
  • God pensjonsordning
  • Fleksibel arbeidstid

Helse- og omsorgsdepartementet har som personalpolitisk mål å oppnå ein balansert alders- og kjønnssamansetnad, å rekruttere personar med innvandrarbakgrunn, å rekruttere personar med nedsett funksjonsevne, og å rekruttere uavhengig av livssyn og seksuell orientering. Vidare ønskjer vi oss fleire menn på arbeidsplassen vår, og oppmodar difor menn til å søkje.

Det er ønskjeleg med snarleg tiltreding. 

Nærare opplysningar får du hjå konstituert avdelingsdirektør Kristin Løkke på tlf. 92408582.

Om arbeidsgiveren

Helse- og omsorgsdepartementet (HOD) har det overordna ansvaret for at folk får gode og likeverdige helse- og omsorgstenester. Departementet har ansvar for folkehelsepolitikken og for dei kommunale helse- og omsorgstenestene og spesialisthelsetenesta, inkludert e-helse, helserett og eigarskapsforvalting av helseføretaka. Departementet har 210 tilsette.  


 


Les meir om oss på regjeringa.no.


 


Omsorgstenesteavdelinga (OTA) har eit hovudansvar for statleg politikk knytt til dei kommunale omsorgstenestene forankra i lov om kommunale helse- og omsorgstenester, mellom anna helsetenester i heimen, personleg assistanse, herunder praktisk hjelp og opplæring og støttekontakt, og plass i institusjon, herunder sjukeheimar.

Sektor
Offentlig
Sted
Teatergata 9, 0180 Oslo
Bransje
Offentlig administrasjon
Stillingsfunksjon
Saksbehandler
Følg firma
1064 følger dette firmaet

Teatergata 9, 0180 Oslo

Annonseinformasjon

FINN-kode 124462559
Sist endret 15. jul. 2018 00:00

Rapporter annonse