Utløpt

Engasjement som seniorrådgjevar i avdeling for omsorgstenester

Arbeidsgiver
Helse- og omsorgsdepartementet
Stillingstittel
Engasjement som seniorrådgjevar i avdeling for omsorgstenester
Frist
20.08.2018
Ansettelsesform
Engasjement
Bli kjent med HELSE- OG OMSORGSDEPARTEMENTET

Om stillinga
Stillinga er i omsorgstenesteavdelinga (OTA), som har eit hovudansvar for statleg politikk knytt til dei kommunale omsorgstenestene forankra i lov om kommunale helse- og omsorgstenester, mellom anna helsetenester i heimen, personleg assistanse, herunder praktisk hjelp og opplæring og støttekontakt, og plass i institusjon, herunder sjukeheimar.

Stillinga er knytt til utvikling av ein pårørandestrategi, attåt oppfølging av Nasjonal strategi for frivillig arbeid på helse- og omsorgsfeltet (2015-2020). Vidare ligg det til stillinga å hjelpe til i arbeidet med å greie ut vidareføring av Kompetanseløft 2020, som oppfølging av regjeringsplattforma.

Kvalifikasjonskrav

  • relevant høgare utdanning på masternivå, helst helsefagleg utdanning
  • kjennskap til og kunnskap om dei kommunale helse- og omsorgstenestene
  • innsikt og forståing for samspelet mellom politikk, fag og administrasjon både nasjonalt, regionalt og lokalt
  • god munnleg og skriftleg framstillingsevne

Personlege eigenskapar
Du er:

  • fleksibel og raus
  • pliktoppfyllande, sjølvstendig og med god gjennomføringsevne
  • har godt humør og gode samarbeidsevner
  • god på å skape oppslutning og engasjement for saker du arbeider med både internt og eksternt
  • flink til å finne løysingar i komplekse saker med ulike interesser
  • robust, og taklar høgt arbeidspress

Vidare må du ha interesse for samfunnsspørsmål og politiske prosessar. Vi legg vekt på om du høver som person.

Vi tilbyr

  • Engasjement til 31.12.2020
  • Stillingsbrøk: 100 %
  • Spennande arbeidsområde med gode høve til utvikling
  • Eit godt arbeidsmiljø med kompetente, engasjerte og trivelege kollegaer
  • Løn kr 600 000-750 000. For særskilt kvalifiserte søkjarar kan høgare løn vurderast
  • Trening i arbeidstida
  • God pensjonsordning
  • Fleksibel arbeidstid

HOD har som personalpolitisk mål å oppnå ein balansert alders- og kjønnssamansetnad, å rekruttere personar med innvandrarbakgrunn, å rekruttere personar med nedsett funksjonsevne, og å rekruttere uavhengig av livssyn og seksuell orientering. Vidare ønskjer vi oss fleire menn på arbeidsplassen vår, og oppmodar difor menn til å søkje.

Det er ønskjeleg med snarleg tiltreding. 

Nærare opplysningar får du hjå konstituert avdelingsdirektør Hans Jacob Sandsberg, tlf. 91629349

 

Om arbeidsgiveren

Helse- og omsorgsdepartementet (HOD) har det overordna ansvaret for at folk får gode og likeverdige helse- og omsorgstenester. Departementet har ansvar for folkehelsepolitikken og for dei kommunale helse- og omsorgstenestene og spesialisthelsetenesta, inkludert e-helse, helserett og eigarskapsforvalting av helseføretaka. Departementet har 210 tilsette.  


 


Les meir om oss på regjeringa.no.

Sektor
Offentlig
Sted
Teatergata 9, 0180 Oslo
Bransje
Offentlig administrasjon
Stillingsfunksjon
Saksbehandler
Følg firma
1064 følger dette firmaet

Teatergata 9, 0180 Oslo

Annonseinformasjon

FINN-kode 124462553
Sist endret 15. jul. 2018 00:00

Rapporter annonse