Utløpt

Sals- og bookingmedarbeidar

Arbeidsgiver
Flåm AS
Stillingstittel
Sals- og bookingmedarbeidar
Frist
05.08.2018
Ansettelsesform
Fast

Ein av våre tilsette har gått over i ny stilling i Flåm AS, og me søker no etter ein ny medarbeidar ved Kundesenteret.

 Me søker ein positiv og serviceinnstilt medarbeidar med kundetekke og salstalent til vårt bookingteam.

Du må like å arbeide i eit hektisk og travelt miljø, samt kunne løyse problem fortløpande der det er naudsynt. Du er strukturert, har god evne til å arbeide sjølvstendig, samt trivs i direkte kontakt med kundar og leverandørar. Gode språkkunnskapar er ein fordel, og det er eit minimum at ein kan flytande norsk og engelsk, både munnleg og skriftleg. Erfaring frå eller kjennskap til sal- og bookingarbeid er ein fordel. Du er proaktiv og målretta i ditt arbeid.

Arbeidsoppgåvene vil blant anna vera:

  • Sal- og kundebehandling, gjennomføring av bookingar (t.d. charter, dagsprogram, grupper og individuelle) og deling av informasjon per telefon, e-post og chat
  • Direkte kontakt med kundar og leverandørar, og å bidra til desse får korrekt informasjon til ein kvar tid
  • Å bidra til at våre kundar får ein god oppleving og den hjelpa dei treng

Stillinga inngår i vaktlista for bookingoperasjonen i Kundesenteret, og inneberer arbeid helger og kveldstid. Tiltredelse etter avtale.

Me tilbyr konkurransedyktige lønnsvilkår og gode karriere- og utviklingsmoglegheiter i ein ung og dynamisk organisasjon.

Om du ynskjer vidare opplysningar om stillinga, ta kontakt med Kornelia Barzowska på tlf. 57631907 eller kornelia.barzowska@visitflam.com

Om arbeidsgiveren

Flåm AS er ein av Noregs leiande reiselivsaktørar og er største reiselivsmål i Noreg utanom dei store byane. Flåm AS og tilknytte selskap driv reisemålsutvikling med globalt sal og distribusjonsapparat, hotell, pensjonat, kafé, restaurantar, Flåmsbana og fjordsightseeing samt kundesenter og andre destinasjonskritiske operasjonar. Samla omsetjing i våre selskap er om lag 450 millionar. Det er i dag 80 heilårstilsette og 200 sesongarbeidarar. Verksemda har god lønsemd og er i sterk vekst.

Sektor
Privat
Sted
A-feltvegen, 5742 Flåm
Bransje
Reise og turisme,
Hotell og overnatting
Stillingsfunksjon
Salg,
Hotell og overnatting / Booking

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Kornelia Barzowska
Stillingstittel
Manager Booking Operations Visitor center
Telefon
57 63 19 07
Følg firma
2144 følger dette firmaet

A-feltvegen, 5742 Flåm

Annonseinformasjon

FINN-kode 124205708
Sist endret 10. jul. 2018 12:30

Rapporter annonse