Utløpt

Psykologspesialist/erfaren psykolog

Arbeidsgiver
Helse Bergen - Kronstad distriktspsykiatriske senter (DPS), Ambulant akutteam
Stillingstittel
Psykologspesialist/erfaren psykolog
Frist
31.08.2018
Ansettelsesform
Fast
Bli kjent med Haukeland universitetssjukehus
Kronstad Distriktpsykiatriske Senter (DPS) har ansvar for 3 bydelar i Bergen, Bergenhus, Årstad og Ytrebygda. Kronstad DPS er lokalisert i eit nytt og moderne bygg på Danmarksplass.

Ønskjer du ein variert og spennande arbeidsdag? Då kan dette vere noko for deg! Vi søkjer no etter psykologspesialist/erfaren psykolog.

Kronstad DPS har siste året satsa på kompetanseoppbygging og styrking av spesialistkompetanse i Ambulant Akutteam (AAT). AAT er p.t. no bemanna med overlege, psykologspesialist, psykolog og seksjonsleiar/psykiatrisk sjukepleiar. AAT er ei poliklinisk teneste som gjev rask hjelp til pasientar i psykisk krise. Ei av hovudmålsetjingane med oppfølging av AAT er å unngå unødig innlegging på sjukehus og bidra til å gjere utskriving frå døgnbehandling tryggare og betre. AAT kan tilby samtalar både heime og ved poliklinikken og har anledning til å følgje opp pasientar i avgrensa behandlingsforløp.

AAT tar i mot tilvisingar frå legevakt, poliklinikk, fastlegar, sjukehus og private spesialistar. AAT har hovudansvar i akutthjelpsordninga ved Kronstad DPS med daglege akuttvurderingar. AAT deltar på fellesundervising, fagutvikling og anna samhandling ved Kronstad DPS. Det er etablert eigen spesialistrettleiing, samt moglegheit for forsking.

Arbeidsoppgåver

  • Delta i det daglege teamarbeidet i AAT
  • Planleggje vidare organisatorisk og fagleg utvikling av AAT saman med teamet og i tråd med sentrale føringar og lokale retningsliner
  • Samarbeide med sengepostar i DPS og akuttavdelingar i sjukehuset for å sikre betre ivaretaking ved utskriving og kunne vere eit alternativ til døgn
  • Vurdering av pasientar tilvist akuttime i poliklinikken
  • Følgje opp pasientar i avgrensa behandlingsforløp

Kvalifikasjonar

  • Psykologspesialist/erfaren psykolog med erfaring innan psykisk helsevern for vaksne
  • Erfaring frå allmennpsykiatri og akuttpsykiatri er ein fordel
  • Du må ha interesse for å utvikle akutte og ambulante tenester og ha erfaring med arbeid i team
  • Norsk autorisasjon
  • Gode språkkunnskapar er heilt avgjerande for forsvarleg pasientbehandling. Ikkje-nordiske statsborgarar må minimum ha bestått Bergenstesten, eller annan norsktest på B2-nivå. Dokumentasjon må leggjast ved søknad (gjeld berre for helsepersonell).

Utdanning

  • Psykologi
  • Psykologspesialist/erfaren psykolog
  • Vidareutdanning / Tilleggsutdanning utover oppnådd grad

Eigenskapar

  • Du må ha gode samarbeidsevner, vere fleksibel og arbeide sjølvstendig
  • Ønskje om å utvikle teamet til det beste for pasientane
  • Trivast med varierte arbeidsoppgåver og teamarbeid

Vi tilbyr

  • Stillingsbrøk: 100%
  • Varierte og spennande arbeidsoppggåver
  • Anledning til å delta i utforminga vidare av AAT og i Kronstad DPS
  • Eit stort fagleg fellesskap med høg kompetanse
  • Lønn etter avtale

Om arbeidsgiveren

Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har over 12.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane våre, og rett opplæring til våre pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 800.000 pasientar og bidreg i utdanninga av eit par tusen helsearbeidarar. Forsking er ei viktig oppgåve, og vi er blant dei fremste i landet innanfor dette feltet. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.

Sektor
Offentlig
Sted
Fjøsangerveien 36, 5054 Bergen
Bransje
Helse og omsorg
Stillingsfunksjon
Helsepersonell / Psykolog

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Gunnhild Karlsen Vatle
Stillingstittel
Seksjonsleiar
Telefon
55 95 60 00
Kontaktperson
Randi-Luise Møgster
Stillingstittel
klinikkdirektør
Telefon
55 95 60 00
Følg firma
2257 følger dette firmaet

Fjøsangerveien 36, 5054 Bergen

Annonseinformasjon

FINN-kode 123566709
Sist endret 29. jun. 2018 15:05

Rapporter annonse