Utløpt

Avtaleansvarleg forsyning, region midt

Arbeidsgiver
Forsvarsbygg - Forsvarsbygg eiendomsforvaltning
Stillingstittel
Avtaleansvarleg forsyning, region midt
Frist
15.08.2018
Ansettelsesform
Fast
Bli kjent med Forsvarsbygg
Vil du være med på å påverke Forsvarets arbeid med å redusere energikostnader og ta meir vare på miljøet? Da kan denne stillinga vere noko for deg.

Forsvarsbygg eiendomsforvaltning består av seks regioner fordelt over heile landet. Hovudfokus i regionen er inngåing, etablering og oppfølging av leigekontraktar med leigetakarar for maksimal utleige av regionen si portefølje, under dette ivaretaking av forvaltnings-, drifts-, vedlikehalds- og utviklingsoppgåver slik dei er avtalte med leigetakar og/eller eigar. Regionen bidreg til å oppretthalde verdien av eigedomsmassen i området sitt.

Marknadsavdelinga i region midt består per i dag av 3 tilsette medrekna leiar. Vi er ansvarleg for etablering og forvaltning av alle typar inntektsgivande avtaler mellom Forsvarsbygg eiendomsforvaltning og leigetakarar. Et prioritert område med stort gevinstpotensiale i regionen er forsyning. Marknadsavdelinga søkjer avtaleansvarleg til å dekke fagfeltet forsyning for region midt. Avtaleansvarleg forsyning vil forvalte avtaler om vann, avløp, renovasjon og elektrisitet.

Arbeidssted er valfritt mellom våre kontorar i Trondheim, Værnes eller Ørland.

Forsvarsbygg ligg under vilkåra i Offentlighetsloven - jamfør særleg Offentlighetsloven § 25.

Les meir om Forsvarsbygg på www.forsvarsbygg.no og på karrieresidene våre www.forsvarsbygg.no/jobb.

Arbeidsoppgåver

  • Jobben består i stor grad av å følgje opp forsyningsavtalar og økonomien i disse for best moleg økonomisk styring innan feltet hjå Forsvaret og Forsvarsbygg i region midt. Stillinga krev god samhandling med fleire og spesielt fagingeniørar, driftspersonell og leverandørar.
  • Budsjett-, prognose- og resultatansvar for alle lokale leveransar tilknytt lokale, sentrale og sivile avtalar om forsyning og ansvar for tilhøyrande rapportering og fakturahandtering.
  • Sikre inngåing og forvaltning av forsyningsrelaterte avtalar og tilhøyrande inntekter innanfor eigen region iht gjeldande strategi.
  • Ansvarleg for identifisering og oppfølging av energiforbruk.
  • Leggje til rette for å auke kjeldesortering hos leigetakarar iht retningslinjer hjå Forsvaret og Forsvarsbygg.
  • Kjenne til prioriterte vedlikehaldstiltak på infrastruktur nytta til forsyning og argumentere på prioriteringar.

Kvalifikasjonar

  • Minimum bachelorgrad frå høgskule eller universitet. Det er ynskjeleg med utdanning innanfor økonomi, jus, energioptimalisering eller eigedomsforvaltning.
  • God forståing for økonomi og avtaleverk.
  • Komfortabel med ulike dataprogrammar, i jobben nyttast til dømes regnskapsprogram, regneark, energioppfølgingssystem, ordresystem og MS Officeprogrammer generelt.
  • Erfaring frå tilsvarande stilling innan offentleg eller privat verksemd er ein fordel.
  • Må kunne tryggingsklarerast for Hemmelig.

Utdanning

  • Høyskule/universitet,Diplom / Bachelorgrad

Språk

  • Norsk

Eigenskapar

  • Gode samarbeids- og kommunikasjonseigenskapar
  • Ansvarsbevisst og evner å ta eiget initiativ
  • God rekneskap-/økonomiforståing i balanse med analytisk og systematisk tilnærming
  • Strukturert arbeidsform
  • Kundeorientert
  • Helhetstenkande med god gjennomføringsevne
  • God skriftleg og munnleg framstillingsevne
  • Personlege eigenskapar vil bli særleg vektlagt

Vi tilbyr

  • Stillingsbrøk: 100%
  • Ein hektisk og spanande jobb bland gode kollegaer
  • Stillinga lønas etter Statens lønnsregulativ som seniorrådgjevar (kode 1364), lønsspenn for tida 550.000,- til 625 000,-
  • Medlemsskap i Statens pensjonskasse med gode forsikrings-/pensjonsordningar
  • Fleksibel arbeidstid
  • Bedriftshelsetjeneste

Om arbeidsgiveren


Forsvarsbygg er eit statleg forvaltingsorgan underlagt Forsvarsdepartementet. Vi utviklar, byggjer, driftar og avhendar eigedom for forsvarssektoren. I tillegg tilbyr vi ekspertkompetanse til andre delar av offentleg sektor innanfor sikring av bygg, kulturminnevern og avhending. Eigedomsporteføljen vi forvaltar, inneheld mange av dei mest særeigne og krevjande bygga i landet: frå dei 15 festningane som er tilgjengelege for ålmenta, til militærleirar, skyte- og øvingsfelt og flystasjonar for Forsvaret. Vi har hovudkontor i Oslo med lokasjonar over heile landet, mellom anna Hamar, Harstad, Bergen, Stavanger og Trondheim.



Forsvarsbygg har som målsetjing at arbeidsmiljøet vårt skal pregast av å vere tverrfagleg, mangfaldig og likestilt. Vi ønskjer difor ei verksemd der alder, kjønn og etnisitet mellom dei tilsette er balansert. Vi ønskjer å knyte til oss nye medarbeidarar som kan påverke bedriftskulturen positivt gjennom den personlege og faglege kompetansen sin.

Sektor
Offentlig
Sted
., 7045 Trondheim
Bransje
Eiendom,
Bygg og anlegg
Stillingsfunksjon
Rådgivning,
Økonomi og regnskap,
Salg

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Mona Haugen Meyer
Stillingstittel
Leder marked
Telefon
41 20 38 84
Kontaktperson
Eldar Tøraasen
Stillingstittel
Leder stab
Telefon
92 01 75 78
Følg firma
3049 følger dette firmaet

., 7045 Trondheim

Annonseinformasjon

FINN-kode 123503616
Sist endret 28. jun. 2018 14:37

Rapporter annonse