Utløpt

Førsteamanuensis/ førstelektor / høgskulelektor i norsk - vikariat

Arbeidsgiver
Høgskulen på Vestlandet
Stillingstittel
Førsteamanuensis/ førstelelektor/ høgskolelektor norsk vikariat
Frist
03.07.2018
Ansettelsesform
Vikariat

Ved Høgskulen på Vestlandet (HVL) er det ledig inntil 3 vikariat i 100% som   førsteamanuensis/ førstelektor /høgskulelektor i norsk   for perioden 01.08.18-31.07.19. Stillingane er knytt til Institutt for språk, litteratur,matematikk og tolkning, campus Bergen. 


Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett  har fire institutt med tilsette i Bergen, Sogndal og på Stord. Fakultetet er ein av dei største lærarutdanningsinstitusjonane i landet med rundt 6200 studentar og 500 tilsette, og tilbyr barnehagelærarutdanning, grunnskulelærarutdanning for 1.-7. og 5.-10. trinn, praktisk-pedagogisk utdanning, bachelorutdanningar, masterutdanningar og Ph.d.-program. Fakultetet har eit omfattande etter- og vidareutdanningstilbod. Forskingsaktiviteten ved fakultetet blir organisert i forskingsprogram og forskargrupper.

Institutt for språk, litteratur, matematikk og tolking har 160 tilsette i Bergen, Sogndal og på Stord. Instituttet gir undervisning på alle nivå og er involvert i barnehagelærarutdanninga, grunnskulelærarutdanningane (masternivå frå hausten 2017), og i bachelorutdanninga i teiknspråk og tolking. I tillegg gir instituttet masterutdanningar i undervisningsvitskap og masterutdanning i barne- og ungdomslitteratur. Instituttet bidrar også i Ph.D.-programmet Danning og didaktiske praksisar.

Tilsette på instituttet er involvert i forsking som er relevant for utdanningane våre og deltar i fagleg nettverksarbeid både nasjonalt og internasjonalt. Instituttet har som mål å vere i front av skule- og profesjonsorientert kompetanseutvikling innanfor sine fagfelt. I  denne samanhengen er vi i kontinuerleg samarbeid med  viktige aktørar i regionen om til dømes vidareutdanning og skule- og barnehagebasert kompetanseutvikling.    

Norskmiljøet ved campus Bergen har om lag 30 tilsette, halvparten med førstekompetanse, tre professorar og fleire stipendiatar. Fagmiljøet er knytt til mange ulike forskingsgrupper, med omfattande forskingsaktivitet og utviklingsarbeid. Frå og med opptaket i 2017 skal alle grunnskulelærarstudentar ta mastergrad. Fagmiljøet er ved sida av barnehagelærarutdanninga og grunnskolelærarutdanningane for 1.-7. og 5.-10. trinn, knytt til mastergradane i Barne- og ungdomslitteratur og Undervisningsvitskap med fordjuping i norsk fagdidaktikk. Vi gir også ei rekkje etter- og vidareutdanningstilbod, mellom anna innanfor etterutdanningsprogrammet Kompetanse for kvalitet og satsinga Kompetanse for mangfald, som båe er sett i verk av Utdanningsdirektoratet.


Ansvars- og arbeidsområder

Arbeidsoppgåvene vil primært vere undervisning, oppfølging i praksis, rettleiing og vurdering av studentoppgåver. Den som blir tilsett, må kunne undervise både i barnehagelærarutdanninga og i grunnskulelærarutdanningane (1-7 og 5-10). Arbeidsoppgåver innan etter- og vidareutdanning- og/eller kurs og oppdragsaktivitet kan også vere aktuelt, avhengig av søkaren sin kompetanse og instituttet/fagmiljøet sine behov.                                                       


Det er behov for tilsetting i inntil 3 midlertidige stillingar. Av dei som blir tilsett, må minst éin kunne undervise i litterære emne. 

                             

Kvalifikasjonskrav

For tilsetting som førsteamanuensis må søkar ha avlagt doktorgrad med relevans for stillingsprofilen. For tilsetting som førstelektor må søkar ha kompetanse på nivå med norsk doktorgrad, og med tilsvarande relevanskrav. For tilsetting som høgskolelektor er det krav om mastergrad eller hovudfag i norsk/nordisk eller tilsvarande.


Den som blir tilsett, må ha gode samarbeids- og formidlingsevner, men også evne til å arbeide sjølvstendig, ta initiativ og vere fleksibel. Høgt etisk medvit i møte med studentar er påkravt. 

Søkarane må meistre norsk eller eit anna skandinavisk språk.

Ønska kvalifikasjonar

Ved vurdering og rangering av kvalifiserte søkarar vil det bli lagt vekt på:                                                    

  • Allsidig og relevant undervisningserfaring, og yrkeserfaring frå barnehage eller grunnskule
  • Dokumentert praktisk-pedagogisk kompetanse                          
  • Vitskapleg arbeid som er relevant for lærarutdanning, inkl. barnehagelærarutdanning                            

Det vil bli vurdert om søkaren er personleg eigna for stillinga.                                  

Søk på stillinga

Send søknad og CV ved å klikke på knappen merka "Søk denne stillinga " på denne sida. Som vedlegg til søknaden må søkarar også laste opp attestar og vitnemål. Søknaden må også innehalde vedlegg som dokumenterer pedagogiske kvalifikasjonar. Dersom vitnemål, karakterutskrifter eller anna dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkjar sjølv laste opp attesterte omsettingar.

Vi gjer merksam på at søknader blir vurderte med den informasjonen som ligg føre i Jobbnorge når søknadsfristen går ut. Det er søkar sitt ansvar å sørge for at all informasjon er lagt inn innan fristen. Søknader kan ikkje sendast på e-post til enkeltpersonar ved høgskulen.

Aktuelle søkarar til stillinga vil bli kalla inn til intervju

 

Lønnsvilkår

Førsteamanuensis blir lønt etter Statens regulativ, stillingskode 1011.

Førstelektor blir lønt etter Statens regulativ, stillingskode 1198

Høgskulelektor blir lønt etter Statens regulativ kode 1008.

Høgskulen har tenestepensjonsordning og det vert trekt lovfesta innskot til Statens pensjonskasse.

 

Generell informasjon

Den som vert tilsett må rette seg etter dei lover, forskrifter, instruksar og avtaler som til ei kvar tid gjeld for stillinga.

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i folket. Det er derfor eit personalpolitisk mål å oppnå ei balansert alders- og kjønnssamansetting og rekruttere personar med ulik nasjonal- eller etnisk bakgrunn.

Opplysingar om søkar kan bli gjort offentleg sjølv om søkar ber om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom førespurnaden ikkje blir tatt til følgje, vil søkar bli varsla om dette.

Høgskulen på Vestlandet er ei I/A-bedrift.

Hjemmeside

Kontaktpersoner:

1)   assisterande instituttleiar Morten Rønning, tlf. 55 58 59 31                            

2)  assisterande instituttleiar Dagmar Cejka, tlf. 55 58 57 86                                      

Om arbeidsgiveren

Høgskulen på Vestlandet (HVL) er ein av dei største høgskulane i landet, med om lag 1 800 tilsette og 16 000 studentar fordelte på fem campus i Førde, Sogndal, Bergen, Stord og Haugesund.


Vi har sterke og innovative fagmiljø innan helse- og sosialfag, ingeniør- og økonomifag, lærarutdanning og samfunnsfag. HVL tilbyr ulike årsstudium og bachelor-, master- og doktorgradsutdanningar.


HVL skal vere tett på arbeidslivet, regionen og studentane, og har ambisjonar om å bli eit universitet med profesjons- og arbeidslivsretta profil.

Sektor
Offentlig
Antall stillinger
3
Sted
Inndalsveien 28, 5063 Bergen
Bransje
Forskning, utdanning og vitenskap,
Offentlig administrasjon
Stillingsfunksjon
Undervisning og pedagogikk,
Undervisning og pedagogikk / Lærer/Lektor
Følg firma
965 følger dette firmaet

Inndalsveien 28, 5063 Bergen

Annonseinformasjon

FINN-kode 122966772
Sist endret 20. jun. 2018 19:09

Rapporter annonse