Utløpt

Samtaleterapeut

Arbeidsgiver
Konstituert klinikkleiar, Siri Mørch på tlf.+47 474 63 408 / siri.morch@air.no e
Stillingstittel
Samtaleterapeut 100% stilling
Frist
25.11.2019
Ansettelsesform
Engasjement

Samtaleterapeut

100% stilling, engasjement ut juli 2020.

 

AiR-klinikk skal med tverrfagleg kompetanse bidra til at pasientar med samansette plager og nedsett arbeidsevne får auka livskvalitet og arbeidsdeltaking gjennom individuell rettleiing og gruppeundervisning.

·      AiR-klinikk har fire team som består av samtaleterapeut/psykolog, lege, fysioterapeut, arbeidskonsulent og idrettspedagog.

·      Kvart team har ansvar for opptil 17 deltakarar.

·      Opphaldet for kvar gruppe er døgnbasert og går over fire veker.

 

Me ser etter desse kvalifikasjonane:

·      Kunnskap og interesse for kognitiv terapautisk tilnærming

·      Erfaring med individuelle samtaleforløp

·      Engasjement i tverrfagleg samarbeid

·      God kommunikasjons- og samarbeidsevne som kan bidra til eit utviklande fagmiljø

·      God skriftleg og munnleg framstillingsevne 

·      Personlege eigenskapar blir vektlagt

·      Aktuell fagbakgrunn kan vera psykolog, sjukepleiar med vidareutdanning innan psykisk helsearbeid eller tilsvarande

 

Arbeidsoppgåver:

·      Individuell rettleiing

·      Undervising av deltakarar i grupper

·      Gjennomføring av kartleggings – og vurderingssamtaler

·      Primærkontakt med ansvar for generell rettleiing

·      Ha kontakt med NAV, arbeidsgjevarar og/eller andre involverte

·      Arbeid med epikrise for deltakar

 

Me tilbyr:

·      Høve til fagleg utvikling internt i organisasjonen og gjennom kurs og etterutdanning

·      Høve til å bidra til eit utviklande fagmiljø innan fagfeltet arbeidsretta rehabilitering

·      Arbeidstid: Kvardagar kl. 08.00-15.30

·      Konkurransedyktige løns- og pensjonsvilkår

·      Hjelp til å skaffe møblert bustad

 

Om du er interessert i natur og friluftsliv kan omgjevnadane i Vinje kommune og Vest-Telemark gje deg rike opplevingar i alle årstider.

 

Me ser fram til å høyre frå deg.

 

Søknadsfrist 25. november 2019

Om arbeidsgiveren

Rehabiliteringssenteret AiR er ein landsdekkande ideell institusjon i spesialisthelsetenesta innan arbeidsretta rehabilitering. Me har ca. 65 årsverk og 80 tilsette. AiR-klinikk er CARF-akkreditert, noko som bidreg til at rehabiliteringstenestene er målbare, forsvarlege og av god fagleg kvalitet. Me delar lokale og organisasjon med Nasjonalt Kompetansesenter for arbeidsretta rehabilitering med ansvar for å forske på best practice innanfor fagfeltet. Senteret ligg i Rauland i Telemark, omgjeven av flott natur som nyttast aktivt i rehabiliteringsarbeidet. Bygda er eit levande og aktivt samfunn i vekst med fleire kunnskapsbedrifter og organisasjonar.

Nettverk
Facebook
Sektor
Privat
Sted
Haddlandsvegen 20, 3864 Rauland
Bransje
Helse og omsorg
Stillingsfunksjon
Annet

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Siri Mørch
Stillingstittel
Konstituert leiar klinikk
Telefon
35 06 28 00
Mobil
47 46 34 08
Følg firma
31 følger dette firmaet

Haddlandsvegen 20, 3864 Rauland

Annonseinformasjon

FINN-kode 120243258
Sist endret 25. des. 2019 16:36

Rapporter annonse