Utløpt

Spennande jobb som autorisert helsesekretær med arbeid mellom anna i Akuttmottak

Arbeidsgiver
Helse Bergen
Stillingstittel
Ledig vikariat frå snarast og tom 31.07.2019
Frist
Snarast
Ansettelsesform
Vikariat
Bli kjent med Haukeland universitetssjukehus
Dokumentasjonsavdelinga, Seksjon for medisinsk dokumentasjon med lokalisasjon Mottaksklinikken, har 1 ledig vikariat i 100% stilling som autorisert helsesekretær. Vikariatet er ledig frå snarast og til 31.07.2019.

Her er ein videsnutt:


Dokumentasjonsavdelinga har ansvar for det meste av føretakets medisinskfaglege dokumentasjon og har overordna ansvar for føretakets arkiv og arkivsystem. Dokumentasjonsavdelinga er ei spennende, kreativ, aktiv og dynamisk arbeidsplass.

Seksjon for medisinsk dokumentasjon har ansvar for skrive- og skannetenesta i pasientjournalsystemet DIPS samt merkantile-/helsesekretæroppgåver i Mottaksklinikken, herunder Akuttmottak, Utgreiingsmottak og Korttidsposten.

Vi har for tida 1 ledig vikariat med moglegheit for vidare engasjement som autorisert helsesekretær i merkantil sektor i Mottaksklinikken.

Dei merkantile tenestene i Mottaksklinikken har døgnope og arbeider i tredelt turnus, dette inkluderer kveld, natt og helg. Vi arbeider i snitt kvar tredje helg og rullerer på arbeidsoppgåvene. Vi arbeider i tverrfagleg team med mellom anna legar og sjukepleiarar.

Oppstart frå snarast eller etter avtale. Aktuelle kandidatar vert fortløpande kalla inn til intervju.

Arbeidsoppgåver

  • Sekretariatet ivaretar merkantile funksjonar mellom anna ved å registrere pasientane i pasientjournalsystemet DIPS og dessutan journalskriving og skanneoppgåver
  • Sekretariatet bemannar òg resepsjon i mottak og ivaretar postsekretærfunksjonen på Korttidsposten samt Utgreiingsmottaket (UMO)
  • I tillegg tar vi blodprøve og andre vitale parametre av pasientar
  • Sekretariatet er med i avdelinga si beredskap ved større ulykker

Kvalifikasjonar

  • Den som blir tilsett MÅ ha autorisasjon som helsesekretær.
  • Det er eit stort føremon med erfaring frå direkte pasientretta arbeid som til døme blodprøvetaking.
  • Det er krav om svært gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg.
  • Det er også ein fordel med gode engelskkunnskapar.
  • God IKT-kompetanse er ein føresetnad.

Utdanning

  • Autorisert helsesekretær
  • Fagskule/fagbrev
  • Helsesekretær

Språk

  • Norsk
  • Engelsk

Eigenskapar

  • Den som blir tilsett arbeider like godt sjølvstendig som i team.
  • Du er ansvarsbevisst.
  • Du er løysingsorientert.
  • Du har omstillingsevne.
  • Du har god samarbeidsevne.
  • Du er tydeleg og har gode kommunikasjonsferdigheiter- og evner.
  • Du har jamt humør.
  • Du er fleksibel.
  • Du trivast i eit aktivt miljø.

Vi tilbyr

  • Stillingsbrøk: 100%
  • Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
  • Triveleg arbeidsmiljø
  • Høgt fagleg nivå
  • Spennande arbeidsoppgåver i eit særs godt arbeidsmiljø
  • Dyktige og engasjerte kollegaer
  • Utfordrande arbeidsoppgåver med gode moglegheiter for fagleg utvikling
  • Tverrfagleg samarbeid
  • Svært god offentleg transportkommunikasjon

Om arbeidsgiveren

Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har over 12.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane våre, og rett opplæring til våre pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 800.000 pasientar og bidreg i utdanninga av eit par tusen helsearbeidarar. Forsking er ei viktig oppgåve, og vi er blant dei fremste i landet innanfor dette feltet. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.

Sektor
Offentlig
Sted
Haukelandsveien 22, 5021 Bergen
Bransje
Helse og omsorg
Stillingsfunksjon
Helsepersonell / Helsesekretær

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Nina Ivarsflaten
Stillingstittel
Konsulent
Telefon
93 62 97 25
Kontaktperson
Jeanette Rasmussen
Stillingstittel
Seksjonsleiar
Telefon
55 97 84 17
Følg firma
2248 følger dette firmaet

Haukelandsveien 22, 5021 Bergen

Annonseinformasjon

FINN-kode 118946729
Sist endret 30. apr. 2018 14:19

Rapporter annonse