Utløpt

Barnehagelærer

Arbeidsgiver
Bekkjarvik maritime FUS
Stillingstittel
Bekkjarvik maritime FUS søkjer barnehagelærar
Frist
08.05.2018
Ansettelsesform
Fast
Bli kjent med FUS-barnehagene

Bekkjarvik maritime FUS barnehage ligg landleg til i enden av eit byggjefelt.  I umiddelbar nærleik finn me sjø og strand, skogområder, fotballbane og skule.

Barnehagen har eit maritimt konsept. Me har eigen barnehagebåt og eit saltvatnakvarie inne i barnehagen vår. I perioden mai-oktober har me fokus på ulike maritime aktiviteter. I denne perioden bruker me båten så mykje me kan. Saman med barna er me ute og fisker, drar teiner, leiter i fjæra etter dyr og andre skattar.

Me søkjer etter deg som er utdanna barnehagelærer og som har lyst til å bli ein del av vårt team. Bli med oss og gjer Bekkjarvik maritime FUS barnehage til ein magisk stad for barn og vaksne.

Me veit at tida i barnehagen har stor innverknad på helse, utvikling og læring, og me har derfor forventingar til våre medarbeidarar.

Kjenner du deg igjen?


Er du involvert? Engasjerer du deg, får du ting til å skje og støttar du andre? Samarbeider du med andre? Snakkar du med barn på ein open, ærlig og tydeleg måte?
Verdset du kunnskap? Er du trygg på eigen kompetanse og erfaring? Søkjer du fagleg råd og rettleiing i utfordrande situasjonar? Verdset du andre sin kunnskap og lærer du av andre?
Er du reflektert? Er du bevisst di rolle som vaksen og barnet si rolle? Evnar du å sjå deg sjølv og utfordrande kvardagssituasjonar i et bredt perspektiv? Finn du løysingar på utfordingar?


Ja? Då er du FUS!


Me tilbyr:
- Anledning til å leike, kvar dag!
- Anledning til å vere med å utvikle barnehagen
- Anledning til å bidra til at barn opplever meistring og glede
- Opplæring gjennom FUS Skulen
- Godt samarbeid med andre FUS barnehagar i eit av dei største private barnehagenettverka i Noreg
- Ordna tilsettingsforhold
- Eigne FUS klede


Me ønskjer at du:
- Er involvert, verdset kunnskap og er reflektert (FUS)
- Veit at barna har noko å lære av deg som menneske 
- Likar å vere ute, leike og vere på tur med barn
- Er utdanna barnehagelærar 
- Har humor og opptatt av kvardagsmagi
-Tenker: Barnet først

Søkjarar vil bli vurdert i forhold til personleg eigenskapar, i tillegg til kompetanse og erfaring. FUS har eit mål om å vere ein barnehage prega av mangfald - me ønskjer derfor også at menn skal søkje på denne stillinga.
Tilsettinga krev godkjend politiattest med heimel i barnehagelova som må leveras før eventuell tilsetting i stillinga.

 

Om arbeidsgiveren

FUS Barnehagene består av over 170 barnehager med over 3000 ansatte og 12 000 barn fordelt i 84 av landets kommuner. I FUS Barnehagene er barna FUS (først) og hverdagen preges av et glødende, tilstedeværende og engasjert personale som gir barna en skapende hverdag. Gjennom lek, omsorg og læring i et trygt miljø får barna utvikle seg, oppleve mestring og møte nye utfordringer. Visjonen er vår ledestjerne og gir mening til jobben vi gjør; Sammen gir vi barndommen verdi, lek og glede, hverdagsmagi og vennegaranti.

Sektor
Privat
Sted
Alvamyrvegen 11, 5397 Bekkjarvik
Bransje
Barn, skole og undervisning
Stillingsfunksjon
Barnehage / Barnehagelærer

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Katja Kayser Djupevåg
Stillingstittel
Dagleg leiar
Telefon
47 64 73 73
Følg firma
1297 følger dette firmaet

Alvamyrvegen 11, 5397 Bekkjarvik

Annonseinformasjon

FINN-kode 118879337
Sist endret 24. apr. 2018 16:33

Rapporter annonse