Utløpt

Fysioterapeut

Arbeidsgiver
Bykle kommune - Helsetenesta Bykle og Valle
Stillingstittel
Fysioterapeut
Frist
04.05.2018
Ansettelsesform
Fast
Helsetenesta er eit vertskommunesamarbeid mellom Bykle og Valle kommunar. Bykle er vertskommune. Helsetenesta Bykle og Valle er ansvarleg for tenesteområda: Lege, legevakt, fysioterapi, jordmor, helsestasjon, skulehelseteneste og psykisk helse og rus.
Arbeidsoppgåvene i Bykle og Valle kommunar er varierte og utfordrande. Våre to kommunar har totalt noko over 2200 innbyggjarar, men som utprega turistkommunar er vi mange fleire i høgsesongen.

Arbeidsoppgaver

  • Fysioterapeuten gir tilbod til personar i alle aldersgrupper. I hovudsak kurativ behandling og opptrening/rehabilitering, men og førebyggjande arbeid. Det er noko arbeid ved Valle sjukeheim, skule og barnehage. Vi har gode lokale og godt utstyrt behandlingsrom.

Kvalifikasjoner

  • Autorisert fysioterapeut
  • Relevant praksis er ein fordel
  • Det er ønskjeleg med erfaring innan behandlings av lymfødem
  • Den som blir tilsett må vere sørvisinnstilt, kunne arbeide sjølvstendig og samarbeide tverrfagleg.
  • Det blir lagt vekt på at den som blir tilsett er personleg skikka for stillinga.
  • Det er elektronisk journalsystem og den som blir tilsett må kunne bruke dataverktøy.

Utdanning

  • Høyskole/Universitet, Diplom/Bachelorgrad

Vi tilbyr

  • Stillingsbrøk: 100%
  • Løn som fysioterapeut etter avtale
  • God pensjonsordning og forsikringsordning
  • Kommunen kan vere hjelpsam med å skaffe bustad
  • Flyttegodtgjersle etter eige reglement
  • Bedriftshytte ved sjøen og leilegheit i Kristiansand
  • Tilsetjing skjer på dei vilkår som går fram av lover, reglement og tariffavtalar. Det blir trekt 2 % pensjonsinnskot til KLP.
  • Den som blir tilsett må disponere eigen bil i teneste.

Om arbeidsgiveren

Bykle kommune har ca. 965 innbyggjarar og ligg øvst i Setesdal. Det er 21 mil til Kristiansand, 20 mil til Stavanger (sommartid) og 35 mil til Oslo og Bergen. Kommunesenteret er i Bykle, medan Hovden er eit stort turistsenter. Fritidstilboda er mange og varierte både sommar og vinter. Mellom anna har vi alpinsenter, tilrettelagte langrennsløyper i nærområdet og i høgfjellet, golfbane og eit stort Badeland.


Bykle kommunen er organisert i to nivå: rådmann med stab/støtteavdelingar og 8 tenesteeiningar, og har ca. 170 tilsette

Sektor
Offentlig
Sted
Sarvsvegen 14, 4754 Bykle
Bransje
Helse og omsorg
Stillingsfunksjon
Helsepersonell / Fysioterapeut

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Hanne Straume
Stillingstittel
Tenesteleiar
Telefon
91 53 79 70
37 93 86 02
Kontaktperson
Liv Hilde Holm
Telefon
90 61 02 15
37 93 86 09
Følg firma
48 følger dette firmaet

Sarvsvegen 14, 4754 Bykle

Annonseinformasjon

FINN-kode 118281045
Sist endret 17. apr. 2018 09:32

Rapporter annonse