Utløpt

Stipendiat i fagdidaktikk

Arbeidsgiver
Universitetet i Bergen
Stillingstittel
Stipendiat i fagdidaktikk
Frist
23.04.2018
Ansettelsesform
Engasjement
Bli kjent med Universitetet i Bergen

Ved Institutt for fysikk og teknologi er det ledig ei stilling som stipendiat i fagdidaktikk. Stillinga er for ein åremålsperiode på 3 år, knytt til midlar frå Norges forskingsråd.

 

Om prosjektet/arbeidsoppgåver

Stipendiaten vil arbeide på prosjektet "Allmenndannande realfag gjennom utforsking med ekte og nære tall (ARGUMENT). Målet i prosjektet er å utvikle forskingsbaserte undervisningsressursar som legg til rette for elevar si utforsking og bruk av reelle måledata, samt utvikling av kompetansar knytt til kritisk tenking, argumentasjon og dybdeforståing. Ressursane skal utviklast i samarbeid mellom lærarar og forskarar og elevar si utvikling og læring skal analyserast gjennom forsking.

 

Prosjektet er eit samarbeid mellom Bergen kommune, Universitetet i Bergen og Høgskulen på Vestlandet. ARGUMENT skal utvikle metodar og strategiar i nært samarbeid med skular, skuleeigarar og lærerutdanninga ved lærestadene. Nærmare informasjon om prosjekt og arbeidsmetodar finst i prosjektbeskrivinga på argument.uib.no.

 

Kvalifikasjonar og eigenskapar

  • Søkjarar må ha oppnådd mastergrad eller tilsvarande i realfagdidaktikk, matematikk eller eit naturvitskapleg fag, eller ha levert masteroppgåva til vurdering innan søknadsfristen er ute. Det er ein føresetnad at mastergraden er oppnådd før tilsetjing kan skje.
  • Søkjarar må ha minst 30 studiepoeng i eit naturvitskapleg fag.
  • Det er ein føremon at søkjarar har matematikk i fagkrinsen.
  • Kompetanse innan bruk av informasjons- og kommunikasjonsteknologi er eit krav.
  • Praktisk-pedagogisk utdanning (PPU) eller anna relevant skuleerfaring er ein føremon.
  • Søkjarar må kunne arbeide sjølvstendig, strukturert og målretta og ha gode samarbeidsevner.
  • Søkjarar må ha gode skriftlege og munnlege engelskkunnskapar.
  • Søkjarar må ha svært gode norskkunnskapar.

Personlege og mellommenneskelege eigenskapar vil bli lagt vekt på. Erfaring med utviklingsarbeid i skulen vil også telle ved vurdering av kandidatane.

 

Om stipendiatstillinga

Samla stipendperiode er 3 år. Om du tidlegare har vore tilsett i rekrutteringsstilling, kan det bli gjort frådrag i tilsetjingsperioden.

 

Om forskarutdanninga

Som stipendiat skal du delta i eit godkjent utdanningsprogram for ein ph.d.- grad innanfor ei tidsramme på 3 år. Endeleg plan for gjennomføringa av forskarutdanninga skal vere godkjent av fakultetet innan tre månader etter at du har teke til i stillinga. Det er ein føresetnad at du fyller krava for opptak til ph.d.- studiet ved Universitetet i Bergen.

 

Vi kan tilby

  • eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø
  • løn etter lønssteg 50 (kode 1017 /LR20, alternativ 8) i det statlege lønnsregulativet. Dette utgjer ei årsløn på kr 436 900,- brutto. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet.
  • medlemskap i Statens pensjonskasse
  • stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd)
  • gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde

  • ei kort utgreiing om søkjaren sine forskingsinteresser og motivasjonen for å søkje stillinga
  • namn og kontaktopplysningar til to referansar. Ein av desse bør vere hovudrettleiaren frå masteroppgåva eller tilsvarande oppgåve.
  • CV
  • karakterutskrifter og vitnemål for bachelor- og mastergrad, alternativt ei stadfesting av at mastergradsoppgåva er levert
  • relevante attestar
  • eventuell liste over vitskaplege arbeid (publikasjonsliste)
  • eventuelle publikasjonar

Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i JobbNorge.

 

Generell informasjon

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

Professor Stein Dankert Kolstø, Institutt for fysikk og teknologi, e-post stein.dankert.kolstoe@uib.no tlf. 55 58 48 39 eller Rådgiver Janneke Tangen, Bergen kommune, e-post Janneke.Tangen@bergen.kommune.no tlf. 55 56 24 78.

 

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetning. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Vi oppmodar kvinner om å søkje. Dersom fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, gjeld reglane for moderat kjønnskvotering.

 

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

 

Om arbeidsgiveren

Sektor
Offentlig
Sted
Christiesgt. 18, 5020 Bergen
Bransje
Forskning, utdanning og vitenskap,
Offentlig administrasjon
Stillingsfunksjon
Forskning/Stipendiat/Postdoktor
Følg firma
1204 følger dette firmaet

Christiesgt. 18, 5020 Bergen

Annonseinformasjon

FINN-kode 116507036
Sist endret 23. mar. 2018 13:39

Rapporter annonse