Utløpt

Sjukepleiarar/vernepleiarar i faste stillingar - Varafjell avlastningssenter

Arbeidsgiver
Os kommune
Stillingstittel
Sjukepleiar/vernepleiar
Frist
16.04.2018
Ansettelsesform
Fast
Bli kjent med Bjørnafjorden kommune

Ved Varafjell avlastingssenter har vi ledig tre faste heile stillingar som sjukepleiar/vernepleiar frå 1. august 2018. Stillingane er i langvaktsturnus med arbeid kvar 4. helg.

Vi har òg ledig ei fast heil stilling som sjukepleiar frå 1. august 2018. Stillinga er i turnus med arbeid på dag, kveld og helg.

Vi er ein arbeidsstad som er oppteken av å skape heiltidskultur, og vi har i stor grad heile stillingar.

Arbeidsstad

Varafjell avlastningssenter er kommunen sitt avlastningstilbod til foreldre med funksjonshemma barn og unge. Det er for tida 23 barn og deira pårørande som nyttar tilbodet ved avlastninga. Senteret ligg strategisk plassert i Industrivegen, nær idrettsanlegget på Kuventræ.

Stillinga er knytt opp mot barn og ungdom på avlasting, i skule og i heim. Vi ønskjer så langt som råd å begrense talet på vaksne som kvart barn må forholde seg til, og stillingane vil derfor kunne variere mellom desse tre arenaane.

Arbeidsoppgåver

Til stillingane ser vi etter deg som kan yte eit heilskapleg og fagleg omsorgstilbod til tenestemottakarane. I dette inngår førebygging, habilitering og rehabilitering. Arbeidsoppgåvene består i å yte brukarane den bistanden dei treng for å gjennomføre daglege gjeremål, ta del i sosiale aktivitetar og bli meir sjølvhjelpne. Målretta miljøarbeid og oppfølging av ulike tiltak er andre sentrale arbeidsoppgåver.

I desse stillingane må du vere villig til å ta på deg hovudkontaktarbeid og/eller koordinatorarbeid. Dette inneberer mellom anna å følgje særskilt med på brukaren sitt tilbod, stille på møter og vere ein aktiv deltakar i utviklinga av tilbodet. Du må òg rekne med å arbeide aktivt saman med, og vere initiativtakar i høve tenestemottakaren sine pårørande, familie, vener og hjelpeapparatet elles.

Kvalifikasjonar

Vi ser etter deg som

  • har relevant høgskuleutdanning
  • har erfaring frå arbeid med barn og ungdom med nedsett funksjonsevne
  • har kjennskap til brukargruppa
  • er medviten dine haldningar 
  • set verdiar som respekt, lojalitet og etikk høgt

Vi søkjer mot å sette saman personalgruppa med størst mulig kompetansebreidde og personlege kvalifikasjonar, og legg vekt på dine personlege eigenskapar. Om du ønskjer å vere ein del av eit spennande arbeidsmiljø er denne stillinga heilt perfekt for deg. Du søker utfordringar og er oppteken av å ivareta barnet som om det var ditt eige. På bakgrunn av dine gode faglege og etiske verdiar, er nettopp du den vi treng for å kunne gi barnet eit godt heilskapleg tilbod. Du er både sjølvstendig og har opparbeid deg gode samarbeidsevner. Du er klar for noko nytt og spennande, du er endringsvillig og spontan og du treng ein jobb der utfordringane står i kø.

Utanlandsk utdanning må vere NOKUT godkjent.

Vi gjer merksam på at du må leggja fram politiattest.

Vi tilbyr

Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø.
Gode pensjons- og forsikringsordningar og løn etter avtale.

Slik søkjer du 

Klikk på "søk på stilling" og finn stillinga du ønskjer å søkje på. Følg vidare instruksjonar.
Eksterne søkjarar må oppretta brukarnamn og passord før dei loggar seg på første gang.
Tilsette i kommunen er allereie definert som brukar i systemet, og skal ikkje registere seg på nytt. Dersom du ikkje har internt brukarnamn og passord, kan du få dette tilsendt på e-post via funksjonen "Glemt brukernamn/passord" eller ta kontakt med personalkontoret.

Om arbeidsgiveren

Os kommune ligg sør på Bergenshalvøya, der kyst- og fjordlandskapet møtest. Kommunen kan by på dei vakraste natur- og kulturopplevingar, og elles dei fleste tenester både fastbuande og tilreisande har bruk for. Os er ein inspirerande kommune med stor vekst og utvikling. Vi treng medarbeidarar som meiner entusiasme inspirerer, som lyttar med respekt, gjer det dei seier og skaper resultat.

Nettverk
Facebook, LinkedIn
Sektor
Offentlig
Antall stillinger
4
Sted
Industrivegen 88, 5201 Os
Bransje
Helse og omsorg
Stillingsfunksjon
Sykepleier,
Helsepersonell / Vernepleier/miljøterapeut

Nøkkelord

sykepleier, vernepleier, sjukepleiar, varafjell, avlastning

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Yvonne Matre
Stillingstittel
Einingsleiar
Telefon
90 28 97 33
Kontaktperson
Line Linden Nesse
Stillingstittel
Avdelingsleiar
Telefon
95 72 80 67
56 57 51 94
Følg firma
483 følger dette firmaet

Industrivegen 88, 5201 Os

Annonseinformasjon

FINN-kode 116506054
Sist endret 23. mar. 2018 15:07

Rapporter annonse