Utløpt

Seniorkonsulent innan studier

Arbeidsgiver
Universitetet i Oslo
Stillingstittel
Seniorkonsulent innan studier
Frist
08.04.2018
Ansettelsesform
Vikariat
Bli kjent med Universitetet i Oslo
Om stillinga

Institutt for statsvitskap har ledig eit eitt-årig vikariat som studiekonsulent (seniorkonsulent SKO 1363). Vi søkjer etter ein person med erfaring frå studieadministrasjon og med teft og interesse for nettarbeid og digital læring.

Stillinga inngår i instituttet sin administrasjon på ti personar. For nærare informasjon sjå institutt for statsvitenskap.

Arbeidsoppgåver

  • administrasjon og oppfølging av seminarundervisning
  • undervisningskvalitet og evalueringar
  • digital læring, Canvas
  • nettredaktør

Andre oppgåver kan bli lagt til stillinga

Kvalifikasjonskrav 

  • utdanning frå universitet eller høgskule, minimum tilsvarande bachelorgrad. Særs relevant og dokumentert realkompetanse kan erstatte utdanningskravet.
  • digital kompetanse
  • god skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk og engelsk
  • relevant arbeidserfaring
  • samfunnsvitskapleg eller tilgrensande utdanning, gjerne statsvitskap
Personlege eigenskaper

Vi vil vektleggje følgjande eigenskaper:

  • gode samarbeidsevner
  • at du er nøyaktig og har god ordenssans
  • evne til å handtere og organisere mange oppgåver samstundes
  • ein aktiv og open arbeidsmetodikk
  • evne til å ta ansvar og jobbe sjølvstendig
Vi tilbyr

  • jobb i ein solid og dynamisk organisert administrasjon i eit inspirerande undervisings- og forskingsmiljø
  • løn som seniorkonsulent (SKO 1363)  kroner 474 700 - 548 200 (55-63) avhengig av kompetanse
  • god pensjonsordning i Statens Pensjonskasse.
  • gode velferdsordningar, trening i arbeidstida mm.
Søknaden skal innehalde

  • søknadsbrev med skildring av relevant bakgrunn og jobberfaring
  • CV

Attestar og vitnemål skal takast med på eit eventuelt intervju.

Andre opplysningar

Aktuelle søkjare vil bli innkalt til intervju.

Ifølge offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på den offentlege søkjarlista

UiO har eit personalpolitisk mål om å oppnå ein balansert alders- og kjønnssamansetnad og å rekruttere personar med etnisk minoritetsbakgrunn.

I tillegg ynskjer UiO at våre medarbeidarar i størst mogleg grad speglar mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar difor kvalifiserte søkjarar med redusert funksjonsevne til å søkje stillinga. Som IA-bedrift vil vi leggje forholda til rette for medarbeidarar med nedsatt funksjonsevne

Kontaktinformasjon

Kontorsjef Guro Schmidt Øvregard ved spørsmål om faglege innhald

Personalrådgiver Anita Øien ved spørsmål om elektronisk søknad

Om arbeidsgiveren

Universitetet i Oslo er den eldste og høgst rangerte forskings- og utdanningsinstitusjonen i Noreg, med 28000 studentar og 7000 tilsette. Fagleg breidde og internasjonalt anerkjende forskingsmiljø gjer UiO til ein viktig samfunnsaktør.

Institutt for statsvitskap driv forsking, undervising og formidling. Instituttet har i dag ein fast vitskapleg stab på 33 tilsette,

13 stipendiatar, seks postdoktorar og ti administrativt tilsette. Instituttet har om lag 1100 studentar fordelt på bachelor-, master- og ph.d.- programma i statsvitskap, samt dei tverrfaglege bachelorprogramma i internasjonale studiar og offentlig administrasjon og leiing, og masterprogrammet i freds- og konfliktstudiar (PECOS). Instituttet er vertskap for Senter for ekstremismeforsking (C-REX).

 

Sektor
Offentlig
Sted
Boks 1072 Blindern, 0316 Oslo
Bransje
Forskning, utdanning og vitenskap,
Offentlig administrasjon,
Museer, gallerier og kulturminne
Stillingsfunksjon
Kontor og administrasjon,
Saksbehandler
Følg firma
3804 følger dette firmaet

Boks 1072 Blindern, 0316 Oslo

Annonseinformasjon

FINN-kode 116505236
Sist endret 23. mar. 2018 13:10

Rapporter annonse