Utløpt

3 stipendiatstillingar i matematikkdidaktikk

Arbeidsgiver
Høgskulen på Vestlandet
Stillingstittel
3 stipendiatstillingar i matematikkdidaktikk
Frist
28.04.2018
Ansettelsesform
Vikariat

Ved Høgskulen på Vestlandet, Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett, campus Bergen, er det ledig tre stipendiatstillingar i matematikkdidaktikk. Stillingane er knytte til eit stort forskingsprosjekt innan kritisk-matematisk argumentasjon i fleirspråklege klasserom.

Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett har fire institutt med tilsette i Bergen, Sogndal og på Stord. Fakultetet er ein av dei største lærarutdanningsinstitusjonane i landet med rundt 6200 studentar og 500 tilsette, og tilbyr barnehagelærarutdanning, grunnskulelærarutdanning for 1.-7. og 5.-10. trinn, praktisk-pedagogisk utdanning, bachelorutdanningar, masterutdanningar og Ph.d.-program. Fakultetet har eit omfattande etter- og vidareutdanningstilbod. Forskingsaktiviteten ved fakultetet blir organisert i forskingsprogram og forskargrupper.

Campus Bergen har 23 fagleg tilsette i matematikkdidaktikk med to professorar, ni fyrsteamanuensar, to fyrstelektorar og ti høgskulelektorar. Fakultetet tilbyr matematikk i barnehagelærarutdanning, grunnskulelærarutdanning og master i undervisingsvitskap der matematikkdidaktikk er ei av fire mogelege fagfordjupingar. Ein master i barnehagekunnskap starta i 2016.

Stipendiatstillingane er knytte til Ph.d.-programmet "Studiar av danning og didaktiske praksisar". Forskingsoppgåvene er lagt til forskingsgruppa Matematikkdidaktikk i et kritisk perspektiv ved Senter for utdanningsforsking (SUF) (http://www.hib.no/om-hogskolen/senter-for-utdanningsforskning/)

Stipendiatstillingane skal knytast til eit stort prosjekt i matematikk fagdidaktikk, Learning about teaching argumentation for critical mathematics education, finansiert av FINNUT programmet til Norges Forskningsråd. Prosjektet handlar om å utvikla lærarstudentar ved Grunnskulelærarutdanninga 1-7 sin kritisk-matematiske argumentasjon i fleirspråklege klasserom. Prosjektet vert gjort på to nivå: lærarutdanningsnivået der ein undersøker korleis ein kan utvikla lærarstudentar sin eigen argumentasjon, og skulenivået der ein undersøker korleis lærarstudentar i praksis kan utvikla elevar frå 1. til 7. trinn sin argumentasjon. Føremålet med prosjektet er å forbetra samanhengen mellom teoretiske og praktiske aspekt ved matematikkutdanning, særleg i fleirspråklege klasserom, og med det forbetra elevar sine mogelegheiter til å læra matematikk for å forstå, engasjera seg i og løysa utfordringar dei møter i demokratiske samfunn. Nettsida til prosjektet er http://prosjekt.hvl.no/latacme/

Søkjarane til stipendiatstillingane er forventa å knyta seg til eit av desse tre tematiske del-prosjekta:

  • Argumentasjon og IKT
  • Argumentasjon og modellering
  • Argumentasjon i fleirspråklege klasserom

Prosjekta kan posisjonerast på lærarutdanningsnivå og/eller skulenivå, og fokuset kan rettast mot ulike tema relatert til desse tre tematiske delprosjekta. Uavhengig av kva tematisk del-prosjekt ein knyter seg til, er det forventa at fleirspråklege klasserom er ein sentral del av konteksten for ph.d.- prosjekta. Søkjarane vert sterkt oppmoda om å gjera seg kjende med det større prosjektet for å gjera koplingar mellom eigne idear og dei i det større prosjektet så tydelege som mogleg.

Kvalifikasjonskrav
Mastergrad i matematikkdidaktikk, pedagogikk med fordjuping i matematikkdidaktikk, eller tilsvarande kvalifikasjonar må vera oppnådd ved søknadsfristen.

Søkjarar må leggja ved ei mellombels prosjektskildring på inntil fem sider som presenterer tema, problemstilling og val av teori for eit potensielt prosjekt. Denne mellombelse prosjektskildringa vert brukt til vurdering av kvalifikasjonane til kandidaten og vil ikkje vera den endelege prosjekt-skildringa. Det endelege stipendiatprosjektet vil seinare verta uforma i samråd med rettleiarar.

Stipendiatane må verta tekne opp i doktorgradsprogrammet "Studiar av danning og didaktiske praksisar" ved Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett (FLKI). Det er ein føresetnad at stipendiatar fyller krava for opptak til ph.d.-studiet. Opptak krevjar normalt karakteren B eller betre på masteroppgaven og eit gjennomsnitt på B for studiedelen. Søknad om opptak til doktorgradsprogrammet skal fyrst sendast etter tilsetjing. Endeleg plan for gjennomføring av forskarutdanninga skal vera godkjend av høgskulen innan 3 månader etter at du har teke til i stillinga.

Det er ein føresetnad at dei som vert tilsette har arbeidsplassen sin ved Høgskulen på Vestlandet. Samla stipendiatperiode er tre år, men kan om ynskjeleg forlengast til fire år der 25 % av tida er pliktarbeid knytt til forsking, undervisning og administrasjon. Om stipendet vert forlenga til fire år, vil undervisninga bli fordelt over åra.

Fylgjande kvalifikasjonar vil særleg verta vektlagde: Det viktigaste er faglege kvalifikasjonar i det utlyste området, altså kvaliteten på masteroppgåva eller tilsvarande kvalifikasjonar og på metodologiske kvalifikasjonar. Den mellombelse prosjektskildring er òg viktig for å vurdera kvaliteten på søknaden og kor godt denne passar med føremåla for det større prosjektet. Vitskaplege publikasjonar og erfaring med samfunn med språkleg mangfald samfunn vil også kunna verta vektlagt.

Søkare kan få noe veiledning på skissa.

Stipendiatstillingane er rekrutteringsstillingar som skal bidra til eit aktivt forskingsmiljø ved HVL. Det er ynskjeleg med relativt nyutdanna søkjarar.

Søk på stillingane
Søkjarar til stillingane vert vurderte av eit sakkunnig utval med tre medlem.

Send søknad og CV ved å klikka på knappen merka Søk stillinga på denne sida. Som vedlegg til søknaden må søkjarar også kan lese opp masteroppgåva og inntil fem vitskaplege arbeid dei ynskjer å ha med i vurderinga. Vidare må fullstendig publikasjonslista, attestar og vitnemål lastas opp. Søkjarar bør nemna dei arbeida eller delar av arbeid som særleg skal vektleggjast ved vurderinga. Dersom vitnemål, karakterutskrifter eller annan dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkjar sjølv lasta opp attesterte omsetjingar. Me gjer merksam på at søknader vert vurderte med den informasjonen som ligg føre i Jobbnorge når søknadsfristen går ut. Det er søkjar sitt ansvar å syta for at all informasjon er lagt inn innan fristen. Det er særs viktig at alle dei vitskaplege arbeida som skal vurderast vert lasta opp i sin heilskap som vedlegg til søknaden. Det er også mogleg å berre legga ved ei lenkja til særleg store dokument/publikasjonar. Dette finn du meir om under "Vedlegg" i søknadsprosessen. Søknadane vert sende elektronisk til det sakkunnige utvalet. Søknader kan ikkje sendast på e-post til enkeltpersonar ved høgskulen.

Aktuelle kandidatar til stillinga vil bli innkalla til intervju.

Lønnsvilkår
Stillinga vert løna i stillingskode 1017 Stipendiat, lønnstrinn 50. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet i stillinga. Frå løna vert det trekt 2 % innskot til Statens pensjonskasse.

Generell informasjon
Den som vert tilsett må rette seg etter dei lover, forskrifter, instruksar og avtaler som til ei kvar tid gjeld for stillinga.

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i folket. Det er derfor eit personalpolitisk mål å oppnå ei balansert alders- og kjønnssamansetting og rekruttere personar med innvandrarbakgrunn.

Opplysingar om søkjar kan bli gjort offentleg sjølv om søkjar ber om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom førespurnaden ikkje blir tatt til følgje, vil søkjar bli varsla om dette.

Høgskulen på Vestlandet er ei I/A-bedrift.

Hjemmeside

Kontaktpersoner:

Professor i matematikkdidaktikk Tamsin Meaney, tlf: +47 55 58 55 69, e-post: tme@hvl.no
Senterleiar Kjellrun Hiis Hauge, tlf: +47 55 58 59 67, e-post: khh@hvl.no 

Om arbeidsgiveren

Høgskulen på Vestlandet (HVL) er ein av dei største høgskulane i landet, med om lag 1 800 tilsette og 16 000 studentar fordelte på fem campus i Førde, Sogndal, Bergen, Stord og Haugesund.


Vi har sterke og innovative fagmiljø innan helse- og sosialfag, ingeniør- og økonomifag, lærarutdanning og samfunnsfag. HVL tilbyr ulike årsstudium og bachelor-, master- og doktorgradsutdanningar.


HVL skal vere tett på arbeidslivet, regionen og studentane, og har ambisjonar om å bli eit universitet med profesjons- og arbeidslivsretta profil.

Sektor
Offentlig
Antall stillinger
3
Sted
Inndalsveien 28, 5063 Bergen
Bransje
Forskning, utdanning og vitenskap,
Offentlig administrasjon
Stillingsfunksjon
Annet
Følg firma
960 følger dette firmaet

Inndalsveien 28, 5063 Bergen

Annonseinformasjon

FINN-kode 116007294
Sist endret 15. mar. 2018 15:40

Rapporter annonse