Utløpt

Vil du vere med å utvikle Miljødirektoratets arbeid med fjernmåling?

Arbeidsgiver
Miljødirektoratet
Stillingstittel
Prosjektleder
Frist
23.03.2018
Ansettelsesform
Vikariat
Bli kjent med MILJØDIREKTORATET

Miljødirektoratet forvaltar og formidlar samfunnsnyttige data om klima, naturmangfald, forureining, friluftsliv og polare område. Miljødata og data frå fjernmåling dannar eit viktig grunnlag i arbeidet vårt med å løyse ulike miljøutfordringar.

Arbeidet med fjernmåling aukar i omfang, og det er store forventingar til at Miljødirektoratet skal bidra til at sensordata frå nye satellittar, dronar, og laserdata blir teke meir aktivt i bruk i kartleggings- og overvakingsarbeidet vårt. Den auka tilgangen til nye data frå satellittar og laserkartlegging gir oss store moglegheiter i åra som kjem og vil blant anna vere viktige i arbeidet med å utvikle kunnskapsgrunnlaget for å løyse viktige forvaltingsoppgåver på klima- og miljøområdet.

Miljødataseksjonen har ansvaret for å koordinere og samordne arbeidet til direktoratet med miljødata. Seksjonen utgjer eit sterkt fagmiljø innan GIS. Vi søkjer no etter ein engasjert og kunnskapsrik prosjektleiar som kan vere med på å vidareutvikle bruk av fjernmåling i miljøforvaltinga, slik at vi kan møte framtidas miljøutfordringar på ein best mogeleg måte.

Som medarbeidar i miljødataseksjonen vil du vere med på å gi råd og støtte til fagseksjonar, samordne og samarbeide med eksterne forskingsmiljø og hjelpe til med å leggje til rette fjernmålingsdata i kartleggings- og overvakingsprogramma våre. Seksjonen er ein av fem i tilsyn- og miljødataavdelinga til direktoratet, og har medarbeidarar både i Trondheim og Oslo.

Stillinga si plassering er anten på Brattøra i Trondheim eller på Helsfyr i Oslo.


Hovudansvarsområda til stillinga

  • leie og koordinere arbeidet med fjernmåling i direktoratet gjennom ei intern arbeidsgruppe, pilotprosjekt og samarbeid med eksterne forskingsmiljø og Norsk Romsenter
  • representere Miljødirektoratet i Copernicus User Forum saman med Norsk Romsenter og hjelpe til å analysere og synleggjere miljøforvaltinga sine brukarbehov i utviklinga av Copernicusprogrammet og i tilrettelegging av interne og nasjonale tenester
  • bidra til kompetanseheving og kompetanseutvikling på fjernmåling i direktoratet 
  • leie delprosjekt for bruk av fjernmåling i arbeidet med utvikling av indikatorar for nytt system for økologisk tilstand

Kvalifikasjonar

  • svært god kompetanse innan fjernmåling/fjernanalyse. Formell kompetanse på masternivå med fjernmåling eller tilsvarande i fagkrinsen er eit minimumskrav. Lang og relevant erfaring kombinert med relevante tekniske kurs i fjernmåling/fjernanalyse kan kompensere for fjernmåling i fagkrinsen.
  • god kjennskap til Copernicusprogammet er ein fordel, men ingen føresetnad for å søkje 
  • erfaring som prosjektleiar eller leiing av tilsvarande fagarbeid vil bli sterkt vektlagt 
  • tilfredstillande teknisk dugleik innan ein eller fleire verktøy/teknologiar for tolking/analyse av fjernmålingsdata, biletbehandling, leggje til rette laserdata eller modellering 
  • kompetanse innanfor tema naturgeografi/biologi/økologi/klimatilpassing er ein fordel, men ingen føresetnad for å søkje

Eigenskapar

  • du har evne til å leie og drive prosessar
  • du har evne til og interesse for å utvikle løysingar innanfor eit breitt spekter av miljøfagområde
  • du er ein initiativtakar og flink til å sjå løysingar
  • du har evne til å jobbe med fleire typar oppgåver og prosjekt samtidig, og klarer å handtere korte tidsfristar og høge leveransekrav
  • du jobbar godt sjølvstendig, men har samtidig gode evner til samarbeid og relasjonsbygging på tvers av fagområde og seksjonar
  • du har gode evner til å dele og formidle eigen kunnskap, informasjon og erfaringar

Vi tilbyr

  • 2-årig stilling med moglegheit for forlenging
  • utfordrande arbeidsoppgåver på eit viktig samfunnsområde og moglegheit til å vere med å forme viktige sider av miljøforvaltinga sitt bruk av fjernmålte data
  • gode høve for fagleg og personleg utvikling
  • eit breitt tilbod av sosiale, kulturelle og sportslege aktivitetar - inkludert trening i arbeidstida
  • fleksible arbeidstidsordningar og gode pensjons- og bustadlånsordningar i Statens pensjonskasse
  • lønn som prosjektleiar frå kr. 569.000,- (ltr. 65) til kr. 650.200,- (ltr. 72) etter erfaring og kvalifikasjonar. Særskild kvalifiserte søkjarar kan vurderast høgare.

Kontaktperson for stillinga er Ingunn Limstrand på tlf 915 77 096/ ingunn.limstrand@miljodir.no og Haavard Klemetsen på tlf 467 49 848/ haavard.klemetsen@badenochandclark.no.

Som IA-bedrift ønskjer vi ei balansert alders- og kjønnssamansetjing og å rekruttere fleire personar med redusert funksjonsevne og personar med innvandrarbakgrunn.
Vi ber deg om å sende søknad med vitnemål og attestar elektronisk gjennom Jobbnorge.

Det vil bli utarbeidt offentleg søkjarliste ved utløpet til søknadsfristen. Opplysingar om søkjaren kan bli offentleggjord sjølv om søkjaren har bedt om ikkje å bli ført opp på søkjarlista, jmf. offentleglova §25. Dersom oppmodinga ikkje vert etterkomme, skal søkjaren ha melding og bli gitt høve til å trekkje søknaden sin.


Referanse: 21-2018 TMI Søknadsfrist: 23.03.18

Om arbeidsgiveren

Miljødirektoratet jobbar for eit reint og rikt miljø. Våre hovudoppgåver er å redusere klimagassutslepp, forvalte norsk natur og hindre forureining. Vi er eit statleg forvaltingsorgan underlagt Klima- og miljødepartementet, og har omlag 700 tilsette ved våre to kontor i Trondheim og Oslo, og ved Statens naturoppsyn (SNO) sine meir enn 60 lokalkontor.

Sektor
Offentlig
Sted
Brattørkaia 15, 7010 Trondheim
Flere arbeidssteder
  • 0661 Oslo
Bransje
Offentlig administrasjon
Stillingsfunksjon
Prosjektledelse,
Saksbehandler,
Annet
Følg firma
2609 følger dette firmaet

Brattørkaia 15, 7010 Trondheim

Annonseinformasjon

FINN-kode 115479675
Sist endret 7. mar. 2018 14:35

Rapporter annonse