Utløpt

Geoteknikar i Sunnfjord Geo Center

Arbeidsgiver
Sunnfjord Geo Center
Stillingstittel
Geotekniker
Frist
Snarest
Ansettelsesform
Fast

Sunnfjord Geo Center AS er eit veksande konsulentselskap innan geofaglege undersøkingar. Vi har totalt 10 medarbeidarar som jobbar innan geotekniske vurderingar, skredfarevurderingar, flaumfarevurderingar, miljøgeologi, formidling av geofag og generell geofagleg rådgjeving. Vi er basert i Stongfjorden og i Bergen, men tek oppdrag over heile Sør-Noreg. Vi ønsker å stadig auke vår faglege kompetanse, og dette kan vi berre gjere ved å knyte til oss dei dyktigaste og mest engasjerte personane i bransjen.


Om stillinga

Stillinga går ut på å vidareutvikle og administrere dei geotekniske leveransane til Sunnfjord Geo Center. I dag har vi to medarbeidarar som jobbar med geoteknikk, samt nokre eksterne samarbeidspartnarar. Ein del av ansvaret vil vere å koordinere desse aktivitetane gjennom dei ulike prosjekta, samt planlegge og styre bruk av underleverandørar. Stillinga inneberer deltaking i ein stor variasjon av oppdrag, som vurdering av stabilitet og setning, byggegroper, fundamentering, drenering, kvikkleireproblematikk og stabiliserande tiltak. I grove trekk vil stillinga omfatte:

  • planlegging, gjennomføring og rapportering av grunnundersøkingar
  • utarbeiding av boreplanar
  • organisere laboratorieundersøkingar og tolke resultat frå desse
  • koordinering av medarbeidarar, samarbeidspartnarar og underleverandørar gjennom ulike prosjekt
  • stabilitetsberekningar
  • setningsberekningar
  • prosjektering av fundament og stabiliserande tiltak
  • generell geoteknisk rådgjeving
  • kundeoppfølgjing
  • vidareutvikling og kvalitetssikring av Sunnfjord Geo Center sine geotekniske leveransar

 

 

Om deg

Vi søker ein sjølvstendig og engasjert medarbeidar som vil få ei sentral rolle i den vidare utviklinga av selskapet. Sunnfjord Geo Center har som mål å bli eit kunnskapssenter for geofagleg rådgjeving og formidling, og geotekniske undersøkingar vil her utgjere ei berande søyle i våre leveransar. Vi søker primært etter ein geoteknikar med meir enn to års relevant arbeidserfaring, men vi oppmodar også nyutdanna til å søke. Du bør:

  • vere ingeniør eller sivilingeniør innan geoteknikk
  • ha erfaring med bruk av relevant programvare
  • ha gode språklege eigenskapar
  • vere ansvarsbevisst
  • vere initiativrik
  • vere sjølvstendig
  • vere lærevillig



Om oss

Sunnfjord Geo Center kan tilby ein variert kvardag med rom for eiga utvikling i eit tett og triveleg arbeidsmiljø. Vi har kontor i Stongfjorden og i Bergen og er i ferd med å etablere eit kontor på Sunnmøre, men også utover dette er vi svært fleksible med tanke på arbeidsstad. Vi kan elles tilby:

  • konkurransedyktige vilkår
  • gode pensjons- og forsikringsordningar
  • rom for personleg og fagleg utvikling
  • moglegheiter til å vere med å påverke kursen vidare
  • tett oppfølging frå eit etablert fagmiljø, der diskusjon og samarbeid står i fokus
  • engasjerte og kompetente kollegaer
  • fleksibilitet for arbeidstid og arbeidsstad
  • varierte og utfordrande arbeidsoppgåver
  • høve til å jobbe innan fleire fagfelt
  • eit godt arbeidsmiljø
  • sosiale samankomstar, turar og ekskursjonar


Nettverk
Facebook
Sektor
Privat
Sted
Edvard Griegs vei 3A, 5059 Bergen
Bransje
Bygg og anlegg,
Konsulent og rådgivning
Stillingsfunksjon
Ingeniør / Geoteknikk og ingeniørgeologi

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Einar Alsaker
Stillingstittel
Fagleiar
Telefon
Vis telefonnummer
Mobil
Vis telefonnummer

Edvard Griegs vei 3A, 5059 Bergen

Annonseinformasjon

FINN-kode 115457801
Sist endret 25. okt. 2018 05:24

Rapporter annonse