Utløpt

Vi søkjer fastlege/kommunelege

Arbeidsgiver
Bykle kommune
Stillingstittel
Vi søkjer fastlege/kommunelege
Frist
23.03.2018
Ansettelsesform
Fast
Helsetenesta er eit vertskommunesamarbeid mellom Bykle og Valle kommunar. Bykle er vertskommune. Helsetenesta Bykle og Valle er ansvarleg for tenesteområda: Lege, legevakt, fysioterapi, jordmor, helsestasjon, skulehelseteneste og psykisk helse og rus.
Vi har tre Legekontor, eit i Valle, eit i Bykle og eit på Hovden med i alt 4 fastlegestillingar og 2 turnuslegestillingar.
Legekontora har god dekning av hjelpepersonell, er svært godt utstyrt med m.a. digitalt røntgenutstyr, ultralyd og laboratorium. Vi samarbeider tett med spesialisthelsetenesta gjennom bla. telemedisinske løysingar.
Arbeidsoppgåvene i Bykle og Valle kommunar er varierte og utfordrande. Våre to kommunar har totalt noko over 2200 innbyggjarar, men som utprega turistkommunar er vi mange fleire i høgsesongen.
Vi søkjer etter fastlege til Bykle Legekontor og Hovden Legekontor. Dei to legekontora bemannast av det same personellet. Det er ein føresetnad for tilsetting at legen forpliktar seg til legevaktsarbeid etter vaktplan.

Arbeidsoppgaver

  • Fastlegefunksjon
  • Øyeblikkeleg hjelp på dagtid
  • Akuttmedisinske utfordringar som skadehandtering og liknande
  • Legevakt
  • Tverrfagleg samarbeid/offentleg helsearbeid
  • Arbeid med telemedisin
  • Fag/tenesteutvikling
  • Stillinga kan bli tillagt andre oppgåver

Kvalifikasjoner

  • Norsk legeautorisasjon
  • Gode norskkunnskapar, både skriftleg og munnleg
  • Gode kunnskapar om bruk av digitale verktøy
  • Relevant yrkeserfaring frå akuttmedisin og bruk av medisinsk-teknisk utstyr er ein fordel

Utdanning

  • Høyskole/Universitet, Hovedfag/Mastergrad
  • Medisin/Helse/Sosialfag

Språk

  • Norsk

Egenskaper

  • Personlege eigenskapar som fleksibilitet, evne til å samarbeide og evne til å arbeide sjølvstendig vil bli vektlagt.

Vi tilbyr

  • Stillingsbrøk: 100%
  • Utfordrande og spennande arbeidsoppgåver
  • Løn etter avtale
  • God pensjons- og forsikringsordning
  • Gode ordningar for permisjon/fri etter eigen avtale
  • Flyttegodtgjersle etter eige reglement
  • Kommunen kan vere hjelpsam med å skaffe bustad
  • Bedriftsleilegheit i Kristiansand

Om arbeidsgiveren

Bykle kommune har ca. 965 innbyggjarar og ligg øvst i Setesdal. Det er 21 mil til Kristiansand, 20 mil til Stavanger (sommartid) og 35 mil til Oslo og Bergen. Kommunesenteret er i Bykle, medan Hovden er eit stort turistsenter. Fritidstilboda er mange og varierte både sommar og vinter. Mellom anna har vi alpinsenter, tilrettelagte langrennsløyper i nærområdet og i høgfjellet, golfbane og eit stort Badeland.


Bykle kommunen er organisert i to nivå: rådmann med stab/støtteavdelingar og 8 tenesteeiningar, og har ca. 170 tilsette

Sektor
Offentlig
Sted
Sarvsvegen 14, 4754 Bykle
Bransje
Helse og omsorg
Stillingsfunksjon
Lege / Allmennmedisin

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Liv Hilde Holm
Telefon
90 61 02 15
Kontaktperson
Hanne Straume
Stillingstittel
Tenesteleiar
Telefon
91 53 79 70
Følg firma
47 følger dette firmaet

Sarvsvegen 14, 4754 Bykle

Annonseinformasjon

FINN-kode 114526124
Sist endret 20. feb. 2018 17:53

Rapporter annonse