Utløpt

Nyheitsjournalist med sterk digital kompetanse

Arbeidsgiver
NRK
Stillingstittel
Nyheitsjournalist med sterk digital kompetanse
Frist
18.03.2018
Ansettelsesform
Fast
Bli kjent med NRK - Norsk Rikskringkasting AS
NRK Møre og Romsdal leitar etter ein knallgod reporter som kan vere med å løfte oss vidare i det store og spennande digitalskiftet i nyheitsjournalistikken i NRK

Den vi søkjer brenn for å drive fram dei største nyheitene først på digitale plattformer, lokalt og nasjonalt. Du har utprega digital forståing og kompetanse i innhenting og presentasjon av sakene du jobbar med - på nett, mobil og i sosiale medier.

Arbeidsoppgåver

  • Jobbe fram eigensaker og presentere desse på en god og engasjerande måte med tekst, lyd, bilete eller video på våre digitale publiseringsplattformer - nett, mobil og sosiale medier.
  • Dekke det løpande nyheitsbiletet frå desk og gjennom reportasjearbeid - og heve desse sakene gjennom reportasjegrep og nye vinklingar
  • Utforske nye forteljargrep på dei ulike plattformene
  • Fordi vi jobbar fleirmedielt og i turnus må du også kunne levere saker til radio og tv, og pårekne arbeid på kveld og i helgar

Kvalifikasjonar

  • Du må ha god nyheitsteft og gode allmennkunnskapar
  • Du må ha erfaring frå nyhetsjournalistikk, spesielt for nett/mobil
  • Eit godt språk, og evne til å ha oversikt i ein hektisk arbeidskvardag
  • Meistre temposkiftet mellom løpande nyheitsarbeid og eigensaker
  • Høg etisk medvit
  • Kjenner godt til utviklingstrekka i det digitale skiftet i media og ha god brukarinnsikt.
  • Kunnskap om og kontaktar i Møre og Romsdal
  • Førarkort personbil

Eigenskapar

  • Vi søker ein iderik person med ambisjonar i arbeidet sitt, stor gjennomføringskraft og som er god på lagarbeid. Du er uredd, flink til å finne løysingar, sjølvstendig i arbeidet, og går gjerne inn i krevjande saksfelt.
  • Lyst og evne til å jobbe i ein pulserande nyheitsredaksjon med høgt tempo.

Vi tilbyr

  • Eit triveleg, inkluderande redaksjonsmiljø i sentrum av Ålesund, der du får utfordre deg sjølv og utvikle deg saman med flinke kollegaer.
  • Spennande nettverk av dyktige folk i den største mediebedrifta i Noreg.
  • NRK er omfatta av Offentleglova sine reglar om rett til innsyn i søkjarlister. Søkjarar som ikkje ynskjer namnet sitt offentlegggjort må grunngje kvifor. Dersom unntaket ikkje vert godteke, vert søkjar varsla og får høve til å trekke søknaden.

Om arbeidsgiveren

NRK skal styrke demokratiet, og vi skal samle og engasjere alle som bur i Noreg. Som landets offentleg finansierte allmennkringkastar og mediehus har vi eit omfattande allmennkringkastaroppdrag.  

Gjennom TV, radio og andre medieplatterformer skal vi bidra til eit nysgjerrig og inkluderande samfunn. Våre grunnleggande verdiar er å vere open, modig og truverdig.



Vi har kontor og medarbeidarar i heile landet, og vi ynskjer fleire kollegaer med digital eller fleirkulturell kompetanse.


Sektor
Privat
Sted
Parkgata 6, 6003 Ålesund
Bransje
Medie- og innholdsproduksjon
Stillingsfunksjon
Journalist

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Hallstein Vemøy
Stillingstittel
Distriktsredaktør
Telefon
90 87 31 49
Følg firma
4716 følger dette firmaet

Parkgata 6, 6003 Ålesund

Annonseinformasjon

FINN-kode 114254182
Sist endret 16. feb. 2018 14:24

Rapporter annonse