Utløpt

Sjukepleiar/Vernepleiar

Arbeidsgiver
Helse Bergen
Stillingstittel
Ledig vikariat ved Regional sikkerheitsavdeling
Sted
Bergen
Frist
Frist utløpt
Varighet
Engasjement

Bli kjent med Haukeland universitetssjukehus

Klinikk for Sikkerheitspsykiatri består av fire seksjonar. Regional sikkerheitsavdeling, Lokal sikkerheitsavdeling, Seksjon for fengselshelseteneste, og eit regionalt kompetansesenter for sikkerheits, fengsels- og rettspsykiatri. Ansvaret vårt er å behandle pasientar lokalt frå Helse Bergen HF og frå Helseregion vest. Pasientar som blir innlagd ved sengepostane er underlagd tvungen psykisk helsevern etter § 3.3/ 3,2 i lov om psykisk helsevern eller dom til behandling etter §5.2 i lov om psykisk helsevern.

Eit viktig samfunnsoppdrag
Vårt samfunnsoppdrag er å gje behandling til alvorleg sinnslidande pasientar, som i tillegg treng høgt tryggleiksnivå for å verne samfunnet. Å finne ei optimal balanse mellom tryggleik og behandling for pasient, personalet og samfunnet for øvrig, er ei av våre viktigaste oppgåver. Målet vårt er å gje alle pasientane anledning til auka meistring i ulike fasar av sin sjukdom, samstundes som vi tar omsyn til samfunnets trong til tryggleik.

Sentrale oppgåver er å vurdere og handtere valdsrisiko og samstundes gi omsorg og behandling. Dette gjer vi gjennom fysisk utforming av sengepost, høg kompetanse og klare rutinar. Kvar pasient har ei tverrfagleg primærgruppe kor miljøpersonell, psykiater/ psykolog, ergoterapeut, aktivitør og sosionomarbeidar saman om å balansere mellom utvikling for pasienten og tryggleik for alle.

Ei anna sentral oppgåve kan vere judisielle døgnobservasjonar etter straffeprosesslova §167, etter oppdrag frå domstol og sakkyndige. Som sjukepleiar/vernepleiar vil du då inngå i eit rettspsykiatrisk team. Personen som er innlagd til observasjon er ikkje ein pasient, men ein observand. Din oppgåve her vil vere knytta til observasjon og skrive gode miljørapportar som rettspsykiatrisk sakkyndig skal bruke til å bedømme om vedkommande er tilregneleg eller ikkje i juridisk forstand.

Våre pasientar kan vere innlagde over lang tid, mens andre har kortare opphald. Pasienten sine ressursar og sårbare sider er det uansett god anledning til å bli kjent med.

Vil du bidra til å skape meining i tilværet for menneske med vanskelege tankar, åtferd og følelsar og som har utfordringar med mellommenneskelege relasjonar?

Regional sikkerheitspost har no ledig 100% vikariat som sjukepleiar/vernepleiar med jobb pt. kvar 3. helg. For å oppretthalde samansettinga i personalgruppa, oppfordrast menn til å søkje.

Arbeidsoppgåver

  • Sjukepleie/ miljøterapi til psykiatriske pasientar som treng behandling og rehabilitering
  • Du deltar i den tverrfaglege miljøbehandlinga
  • Du vil få ansvar for å koordinere den daglege miljøterapeutiske behandlinga i posten
  • Som primærkontakt vil du delta i primærgruppearbeidet rundt kvar enkelt pasient
  • Vurdere og lage handteringsplanar ifht valdsrisiko
  • Utforme kortsiktige- og langsiktige behandlingsplanar
  • Relasjonsbygging og motivasjonarbeid for å skape endring

Kvalifikasjonar

  • Norsk autorisasjon som sjukepleiar/vernepleiar
  • Autorisert sjukepleiar/vernepleiar, gjerne med vidareutdanning innan; Rus og psykiatri eller psykisk helsearbeid
  • Det er ønskjeleg med erfaring frå psykiatri

Utdanning

  • Høgskule/universitet, diplom-/ bachelorgrad
  • Sjukepleiar/Vernepleiar
  • Sjukepleie
  • Sjukepleie videreutdanning
  • Vernepleie

Språk

  • Norsk

Eigenskapar

  • Du er initiativrik, interessert og har respekt for kvar enkelt pasient
  • Du er tilpassingsdyktig og taklar stressande situasjonar med ro og fagleg haldning
  • Du trivst i eit aktivt og tidvis travelt miljø
  • Du er ein god teamarbeidar og likar å jobbe tverrfagleg
  • Du bidrar til eit godt arbeidsmiljø
  • Du etterspør rettleiing

Vi tilbyr

  • Stillingsbrøk: 100%
  • Du får grundig opplæring
  • Du får kurs i Terapeutisk møte med aggresjon (TERMA) med moglegheit for trening kvar veke
  • Kurs i risikovurderingsinstrumentet HCR-20
  • Du får kompetanseutvikling i form av fagdagar og kurs
  • Dette er ei stilling som gir både fagleg og personleg utvikling
  • Vi har eit godt og inkluderande arbeidsmiljø med kompetente medarbeidarar
  • 15000 kroner pr år i særtillegg
  • Treningsrom for ansatte
  • Medlemsskap i pensjonsordning, 2% pensjonstrekk, yrkesskadeforsikring, gruppelivsforsikring og tenestereiseforsikring
  • Ein arbeidsplass som er ei inkluderande arbeidsliv-bedrift (IA-bedrift)

Om arbeidsgiveren

Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har over 12.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane våre, og rett opplæring til våre pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 800.000 pasientar og bidreg i utdanninga av eit par tusen helsearbeidarar. Forsking er ei viktig oppgåve, og vi er blant dei fremste i landet innanfor dette feltet. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.

Søknad merkes
3708738813
Tiltredelse
26.03.2018
Sektor
Offentlig
Sted
Sandviksleitet 1
5036 Bergen
Bransje
Helse og omsorg
Stillingsfunksjon
Helsepersonell / Vernepleier/miljøterapeut
Sykepleier
Sykepleier / Psykiatri

Rapporter annonse

FINN-kode: 113802486

Sist endret: 9. feb 2018 10:48

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Jørn Henning Høyset
Stillingstittel
Seksjonsleiar
Telefon
55 95 85 48
Kontaktperson
Bente Baug Grey
Stillingstittel
Ass. seksjonsleiar
Telefon
55 95 83 84
Følg firma
555 følger dette firmaet

Sandviksleitet 1, 5036 Bergen

Rapporter annonse

FINN-kode: 113802486

Sist endret: 9. feb 2018 10:48