Utløpt

Vil du arbeide med bøkene til Jon Fosse, Maria Parr og Ferrante?

Arbeidsgiver
Det Norske Samlaget
Stillingstittel
Manusredaktør
Frist
08.06.2020
Ansettelsesform
Fast

Samlaget søker manusredaktør til 100% fast stilling.

Som manusredaktør får du bli med inn i litteraturens bakrom: Du får arbeide med å kvalitetssikre og forbetre litteraturen til nokre av dei dyktigaste og mest spanande forfattarane i Noreg i dag. Du bidrar til at tilfanget av god litteratur på nynorsk blir stadig større og betre. Og du får arbeide i eit forlagskollektiv med dyktige og rause medarbeidarar.

Arbeidet med godt og korrekt språk er ein del av kjerneverksemda i forlaget, og manusredaktøren har ei nøkkelrolle. Vi ser etter ein person med solid språkkompetanse, særleg innanfor nynorsk. Du må vere ryddig og strukturert og like å halde kontakten med frilansarar, forfattarar og leverandørar. Du bør ha erfaring frå språkvask og korrekturarbeid, og du bør ha nynorsk som hovudmål. 

Hovudarbeidsoppgåver:

  • Koordinering og framdrift av bokprosjekt
  • Oppfølging av språkvask, klargjering av manus til produksjon og jamføring av korrektur
  • Rettleiing, administrering og vurdering av redaksjonelle frilansarar

Om arbeidsgiveren

Det Norske Samlaget er ei stifting som gir ut bøker på nynorsk: skjønnlitteratur for barn og vaksne, sakprosa og lærebøker til høgare utdanning. Forlaget gir ut om lag 100 nye titlar kvart år og har over 2800 titlar i sal. Forlaget har 25 tilsette. Årleg omsetning er på rundt 65 mill. kroner og økonomien er god. Vi har fleksitid, sommartid og pensjons- og forsikringsordning. Lønn etter forlagets lønnssystem. Arbeidsspråket i forlaget er nynorsk.

Nettverk
Facebook, X
Sektor
Privat
Sted
Mariboes gate 13, 0183 Oslo
Bransje
Forlag og trykkeri
Stillingsfunksjon
Annet

Nøkkelord

forlag, korrektur, språkvask, manusredaktør, redaktør

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Håkon Kolmannskog
Stillingstittel
forlagssjef
Mobil
Vis telefonnummer

Mariboes gate 13, 0183 Oslo

Annonseinformasjon

FINN-kode 112753973
Sist endret 6. jul. 2020 12:12

Rapporter annonse