Utløpt

Ved regionskontoret vårt i Tromsø har vi ledig engasjement som prosjektleiar

Arbeidsgiver
Kompetanse Norge
Stillingstittel
Ved regionskontoret vårt i Tromsø har vi ledig engasjement som prosjektleiar
Frist
06.02.2018
Ansettelsesform
Vikariat
Bli kjent med Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse

Stillinga er eit toårig engasjement med moglegheit for forlenging, og er plassert som rådgivar/seniorrådgivar. Stillinga er ledig omgåande. Stillinga høyrer for tida til i seksjonen for karriererettleiing, som utviklar og koordinerer karriererettleiingsfeltet i Noreg. Målet er å auke tilgangen til tenestene, styrkje kvaliteten i karriereeinga og bidra til likeverdige tilbod for unge og vaksne i alle livsfasar.

Den som vert tilsett i stillinga, skal ha som ansvar å leie utviklinga av eit nasjonalt digitalt karriererettleiingstilbod.

Arbeidsoppgåvene vil mellom anna vere:

  • utvikling av ei digital karriererettleiingsteneste

  • prosjektleiing

  • brukarinvolvering

  • relasjonsbygging og prosessleiing

  • ikt-innkjøp

  • akseptansetesting

  • samarbeid med eksterne partar

Kvalifikasjonar:

Vi krev:

  • 3 til 5 års relevant utdanning frå høgskole/universitet eller tilsvarande realkompetanse

  • minimum tre års relevant arbeidserfaring

  • prosjektleiarerfaring

  • erfaring frå innovasjonsarbeid/utviklingsarbeid som er relevant for stillinga

  • god munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk

  • gode relasjonelle evner

Det er ein fordel med:

  • sertifisering innan prosjektleiing (som til dømes Prince2)

  • erfaring med tenestedesign

  • kjennskap til karriererettleiingsfeltet

  • gode engelskkunnskapar

  • kjennskap til offentleg forvalting

Vi ønskjer at du:

  • arbeider analytisk og strukturert
  • har god evne til strategisk tenking
  • arbeider godt både sjølvstendig og i team
  • har gjennomføringsevne, og lyst til å setje deg inn i nye tema og problemstillingar

 Vi vil leggje vekt på at du er personlig eigna for stillinga.

Vi tilbyr:

  • lønnsplassering etter kompetanse
    • rådgivar/seniorrådgivar med eit lønnsspenn ved oppstart mellom kr 474 700 og kr 623 900 i Statens lønnsregulativ.
    • for særskilt godt kvalifiserte søkjarar kan høgare lønn vurderast
  • fleksibel arbeidstid
  • godt tilrettelagde lokale i Tromsø sentrum
  • medlemskap i Statens pensjonskasse, som gir gunstig pensjonsordning og moglegheit for bustadlån, til dette vert det trekt 2 prosent av lønna til lovfesta innskot

Du må rekne med noko reiseverksemd.

 

Kontaktperson: Anders Fremming Anderssen, mobil 99 44 22 08, afa@kompetansenorge.no 

Om arbeidsgiveren

Vil du jobbe for auka deltaking i arbeids- og samfunnsliv?




Kompetanse Noreg, direktoratet for kompetansepolitikk jobbar for å heve vaksnes kompetanse slik at færre fell utanfor. Gode ordningar for læring gjennom heile livet er eit vilkår for eit inkluderande arbeids- og samfunnsliv. Vi er underlagt Kunnskapsdepartementet, og har hovudkontor i Oslo, og regionskontor i Bergen og Tromsø.

Sektor
Offentlig
Sted
Tromsø sentrum, 9272 Tromsø
Bransje
Offentlig administrasjon
Stillingsfunksjon
Prosjektledelse
Følg firma
997 følger dette firmaet

Tromsø sentrum, 9272 Tromsø

Annonseinformasjon

FINN-kode 112700730
Sist endret 23. jan. 2018 13:09

Rapporter annonse