Utløpt

Forskar på klimaomstilling

Arbeidsgiver
Vestlandsforsking
Stillingstittel
Forskar
Frist
01.03.2018
Ansettelsesform
Fast

Kunne du tenkje deg å forske på korleis vi kan løyse globale og lokale klima- og miljøutfordringar? Då kan denne stillinga vere noko for deg.

 

Vestlandsforsking søkjer etter ein ny forskar (forskar II eller forskar III) på områda klimaomstilling og klimatilpassing. Stillinga vil bli knytt til fleire pågåande forskingsprosjekt som omhandlar spørsmål om omstilling til eit lågutsleppssamfunn og tilpassing til klimaendringar. Du bør ha ei fagleg  hovudforankring innan samfunnsfag og fortrinnsvis ha erfaring med både kvalitative og kvantitative metodar. Du må også ha grunnleggande kunnskap på klimafeltet. Søkjarar med relevant doktorgrad og forskarerfaring vil bli føretrekte. Søkjarar med relevant mastergrad vil óg bli vurdert.

Du må vere sjølvstendig og trivast med å arbeide med oppdragsforsking. Vi legg vekt på gode kommunikasjons- og samarbeidsevner, arbeidskapasitet, og evne til å inngå i faglege fellesskap på tvers av disiplinar. Du må vidare ha god munnleg og skriftleg formuleringsevne både på norsk og engelsk.

Vi tilbyr fagleg interessante og utviklande oppgåver, godt arbeidsmiljø, gode samarbeidsnettverk, fleksibel arbeidstid, bedriftsidrettslag, gode pensjons- og forsikringsordningar og gode velferdsordningar.

Lønn etter avtale. Arbeidsstad er Sogndal.

For nærare informasjon om stillinga:

Send søknad med CV, referanser og publikasjonsliste elektronisk til: post@vestforsk.no

Søknadsfrist er 1. mars.

Om arbeidsgiveren

Vestlandsforsking er eit forskingsinstitutt som utfører forsking og utvikling for næringsliv og offentleg sektor. Vi er 30 personar i eit spennande fagmiljø som arbeider med forsking innan klima, miljø, reiseliv og teknologi og samfunn. Vi har lange tradisjonar med internasjonalt forskingssamarbeid, og vi utfører både regionale og nasjonale forskingsoppdrag. Vi held til ved Fosshaugane Campus i Sogndal i Sogn og Fjordane. Her er vi lokalisert i eit aktivt og innovativt miljø med både forsking, utdanning, idrett og entreprenørskap. Sogndal er kjend for fantastisk natur og gode forhold for aktivt friluftsliv sommar som vinter.

Nettverk
Facebook
Sektor
Privat
Sted
6856 Sogndal
Bransje
Forskning, utdanning og vitenskap
Stillingsfunksjon
Forskning/Stipendiat/Postdoktor

Nøkkelord

klima, klimaomstilling, forsker

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Halvor Dannevig
Stillingstittel
Forskingsleiar
Mobil
Vis telefonnummer
Kontaktperson
Merete Lunde
Stillingstittel
Direktør
Mobil
Vis telefonnummer

6856 Sogndal

Annonseinformasjon

FINN-kode 112698398
Sist endret 6. mar. 2018 12:53

Rapporter annonse