Utløpt

Avdelingsingeniør (vikariat)

Arbeidsgiver
Universitetet i Bergen
Stillingstittel
Avdelingsingeniør (vikariat)
Frist
11.02.2018
Ansettelsesform
Vikariat
Bli kjent med Universitetet i Bergen

Ved Institutt for Biomedisin er det ledig eit 6 månader vikariat som avdelingsingeniør (100%) i perioden 01.03.18-31.08.18. Stillinga er knytt til Neurotargeting forskingsgruppe.

 

Hovudoppgåver

Hovudoppgåver for stillinga vil vere organisering av laboratoriet og laboratorieoppgåver innanfor cellebiologi og biokjemi, med spesiell vekt på proteinkjemi i samband med ulike forskingsprosjekt. Dette omfattar mellom anna cellekultur, genteknologiarbeid, ekspresjon av rekombinante protein i bakteriar og eukaryote celler, proteinreinsing og karakterisering, proteinkrystallisering, væskekromatografi og elektroforese. Oppgåver inkluderer og vedlikehald av laboratorieutstyr og innkjøp og registrering av utstyr og kjemikaliar.

 

Rettleiing og samarbeid med studentar og tilsette er og viktig. Avdelingsingeniøren vil gje opplæring i HMT knytt til arbeidet ved laboratoriet for studentar og tilsette.

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til Jan Haavik; jan.haavik@uib.no , telefon 55586432.

 

Krav til kvalifikasjonar og personlege eigenskapar

  • mastergrad i biologi eller tilsvarande kvalifikasjonar oppnådd ved relevant praksis og relevant etter- og vidareutdanning er eit krav

  • relevant erfaring for dei arbeidsoppgåvene som stillinga skal dekke er eit krav

  • erfaring med genteknologi, ekspresjon av rekombinante protein, proteinreinsing med væskekromatografi og enzymkinetikk er eit krav

  • erfaring med drift og vedlikehald av høgtrykksvæskekromatografi (HPLC) utstyr er eit krav

  • erfaring med bruk av eukaryote celler i kultur er eit krav

  • erfaring frå arbeid med ioniserenda stråling er eit krav

  • erfaring med spektroskopiske teknikkar, inkludert sirkulær dikroisme og fluorescens er eit krav

  • erfaring med program for kjemikalieregistrering (FileMaker og ECOonline) og HMT kurs er eit føremon

  • personen må kunne arbeide og planlegge arbeidet sjølvstendig, men og ha gode evner til samarbeid og kommunikasjon

  • må vere fleksibel og ha evne til problemløysing, vere serviceinnstilt og imøtekomande

  • god munnleg og skriftleg engelsk og norsk framstillingsevne er eit krav

  • personlege eigenskapar vil bli vektlagt 

Me kan tilby

  • Eit godt og internasjonalt arbeidsmiljø og spanande arbeidsoppgåver i eit fakultet med fagmiljø som hevdar seg godt nasjonalt og internasjonalt.

  • Faglege utfordringar med gode høve for personleg utvikling og kompetanseutvikling.

  • Fleksibel arbeidstid og pensjonsordning i Statens pensjonskasse.

  • Stilling som avdelingsingeniør (kode 1085) i lønssteg 47-52 (for tida kr 416 600 - 451 300). For særs kvalifiserte søkjarar kan høgare løn vurderast.

Her kan du lese meir om kva UiB kan tilby: www.uib.no/poa/karriere-ved-uib

Om rekruttering i statlege stillingar

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad avspegle mangfaldet i folket. Det er difor eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetning og rekruttere personar med nedsett funksjonsevne og innvandrarbakgrunn. Personar med nedsett funksjonsevne og innvandrarbakgrunn vert oppmoda om å søkje stillinga.

Opplysningar om søkjaren kan verte gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å verte ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teken til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Den som vert tilsett må rette seg etter dei retningslinene som til kvar tid gjeld for stillinga.

Søknad

Send søknad elektronisk via lenkja Søk stillingen på denne sida.

Søknaden skal innehalde:

  • søknadsbrev der du seier noko om din motivasjon for stillinga, kvifor du søkjer og kvifor du passar til stillinga

  • oversikt over utdanning og arbeidserfaring (CV)

  • attesterte kopiar av vitnemål og relevante attestar

  • to referansar (namn og kontaktinformasjon)

Søknadane vert sendt elektronisk til nemnda som skal vurdere desse.

Vi gjer merksam på at søknadar vert vurdert med den informasjonen som ligg føre i JobbNorge når søknadsfristen går ut. Det er søkjar sitt ansvar at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen.

Søknadar på e-post vil ikkje verte vurderte.

Om arbeidsgiveren

Sektor
Offentlig
Sted
Jonas Liesvei 91, 5009 Bergen
Bransje
Forskning, utdanning og vitenskap,
Offentlig administrasjon
Stillingsfunksjon
Ingeniør,
Ingeniør / occupation_engineer_bioengineering
Følg firma
1196 følger dette firmaet

Jonas Liesvei 91, 5009 Bergen

Annonseinformasjon

FINN-kode 112679350
Sist endret 23. jan. 2018 00:00

Rapporter annonse