Vernepleiar -100 % stilling - Presbrekka bustader, OMSUT
- Arbeidsgiver
- Radøy kommune
- Stillingstittel
- Vernepleier
- Frist
- 04.02.2018
- Ansettelsesform
- Fast
Kort om stillinga
Vernepleiarstillinga er ein del av personalgruppa ved Prestbrekka bustader i avdeling OMSUT. Stillinga har ansvar for oppfølging av personar med hjelpebehov. Vernepleiarstillinga inneber miljøarbeid og deltaking i planlegging av dei daglege tenestene. Ein vil også ta del i dei ulike samarbeidsmøter og koordinering av tenestetilbodet.
Ansvar og arbeidsoppgåver
Som vernepleiar vil ein i tillegg til den daglege tenesteutøvinga ta del i utvilking og planlegging av fagleg gode tenester tilpassa den einskilde. Arbeidet inneber vakter på dag og kveld samt helgevakter kvar 3 helg.
Om arbeidsstaden
Prestbrekka bustader er ei bustadgruppe for vaksne personar med utviklingshemming og med varierande hjelpebehov.
Kompetanse
Vi ser etter ein person som er utdanna vernepleiar. Det er ønskjeleg med erfaring i å yte tenester til personar med utviklingshemming. Tilsvarande relevant utdanning kan vurderast.
Personlege eigenskaper
Vi ynskjer ein person som er sjølvstendig i arbeidet og god til å samarbeide både med kolleger og tenestemottakarar. Vidare ynskjer vi ein person som er flink til å sjå brukar sine behov og god på å tilretteleggje på ein måte som gir utvikling og meistring.
Lønsvilkår
Stillinga har ei årsløn på kr.376.200-456.500,- etter ansiennitet etter stige for stilling med krav til 3 årig hødskuleutdanning. Anna avlønning kan vurderast ved særskilt kvalifiserte søkjarar.
Politiattest
I tråd med perhelsepersonellovgjevnaden er det krav om godkjend politiattest ved tiltrede.
Du kan sende søknad slik
Send søknad elektronisk via Visma rekruttering. Bruk postalen på www.radoy.kommune.no under ledige stillingar.
Attestar og vitnemål kan du laste opp til søknaden eller du tar dei med til eit eventuelt jobbintervju.
Ta kontakt med sørvistorget tlf 56 34 90 00 viss problem med å registrere deg som søkar.
Om arbeidsgiveren
Radøy – den grøne øya med trivsel, tryggleik og livskvalitet for alle, har vel 5000 innbyggjarar og ligg sentralt plassert i Nordhordland. Det tek om lag 25 minutt å køyre frå Knarvik til kommunesenteret Manger, og avstanden frå Bergen sentrum er 45 km.
- Nettverk
- Sektor
- Offentlig
- Sted
- Prestmarkavegen1C, 5936 Manger
- Bransje
- Helse og omsorg
- Stillingsfunksjon
- Helsepersonell / Vernepleier/miljøterapeut
Nøkkelord
Vernepleiar, miljøarbeid, koordinering
Spørsmål om stillingen
- Kontaktperson
- Jørgen Bleikli
- Stillingstittel
- leiar
- Telefon
- 40 03 84 76
- Kontaktperson
- Lene Christensen
- Stillingstittel
- burettleiar
- Telefon
- 99 47 73 75
Prestmarkavegen1C, 5936 Manger