Utløpt

IKT-konsulent systemdrift

Arbeidsgiver
Gol kommune
Stillingstittel
IKT-konsulent systemdrift
Frist
11.02.2018
Ansettelsesform
Fast

100 % fast stilling ved IKT Hallingdal, heimel nr. 100019 (NY 1.1.2018) er ledig for tiltreding snarast.


Kommunane i Hallingdal har i dag eit samarbeid om dei fleste av sine IKT-løysingar, tufta på felles innkjøp og drift av programvare, maskinvare, interkommunalt nettverk og telefoni-/kommunikasjonssystem. Løysingane vert drifta av IKT Hallingdal, som har utvikla seg frå eit samarbeid mellom dei IKT-tilsette i dei seks kommunane i Hallingdal, til ein interkommunal teneste med 16 tilsette samt lærlingar.

IKT Hallingdal driftar IKT-løysingar for om lag 7 000 tilsette og elevar. Det vert også levert tenester til kommunale og interkommunale verksemder og over 20 skuler i regionen.


Stillinga vil ha hovudansvaret for drift av kommunane sitt ERP-system Visma Enterprise:


• Planlagt vedlikehald, og oppdatering av hovudversjonar i samarbeid med konsulent frå Visma.
• Dagleg drift og feilsøking/-retting ved avvik.
• Delta i prosjekt ved t.d. større endringar, nye modular og integrasjonar.
Vi søkjer etter ein person med:
• Erfaring med drift av fagsystem i større driftsmiljø.
• Helst erfaring med drift av Visma Enterprise, der erfaring frå anna ERP-system også vert vurdert.
• God kjennskap til basis Microsoft infrastruktur.
• Gjerne kjennskap til offentleg og kommunal forvaltning.
• Ynskje etter å lære meir og stadig bli betre.


Kvalifikasjonar:


• Relevant høgare utdanning eller erfaring innanfor IKT-faget.
• Gode norskkunnskapar, god skriftleg- og munnleg framstillingsevne.
• Gode kommunikasjonsevner med alle nivå i ein organisasjon, med fokus på å forstå behov, finne løysingar og gode resultat. Du må ha god dialog med både kunde/brukar so vel som teknisk personale.


Vi tilbyr:


• Varierte og utfordrande arbeidsoppgåver i det største IKT-miljøet i regionen Hallingdal.
• Moglegheiter for utvikling i eit dynamisk og uformelt arbeidsmiljø.
• Fagleg rettleiing og mogelegheit for vidareutdanning.
• Fleksibel arbeidsplass og arbeidssituasjon.
• Gode pensjons- og forsikringsordningar.
• Hjelp til å skaffe bustad og eventuelt barnehageplass.


For stillinga gjeld:


• Løn og tilsetting i samsvar med arbeidsmiljølova, KS Hovudavtale og KS Hovudtariffavtale.
• Oppdatering og vedlikehald av fagsystem må primært gjerast utanom dagtid, og det er difor pålagt noko arbeidstid kveld og helg.
• Ved tilsettinga vert det lagt vekt på personlege eigenskapar og erfaring.


Anna:


Attestar og vitnemål må takast med til eventuelt intervju, det blir berre rekna ansiennitet ut i frå innleverte attestar.
 
Det er viktig at du fyller ut alle punkt under skule og utdanning. Det blir produsert ein CV på grunnlag av dei data du legg inn.
 
I skjemaet er det mogleg å kryssa av for at søknaden ikkje skal verta offentleggjort. Dersom du ynskjer at søknaden ikkje skal verte offentleggjort må du grunngje dette. Vi gjer merksam på at opplysningar om søkjarane likevel kan verta offentleggjorde, jamfør offentleglova §25. Du vil då bli varsla om dette på førehand slik at du har høve til å trekkje søknaden din.
Send søknad:
Gol kommune nytter elektronisk søknad, søknader som kjem på papir eller e-post vert returnert. Ved spørsmål om registrering av elektronisk søknad, kontakt Trine Eidsgaard via Tenestetorget 32029000.
Søkjarar som er tilsett i Gol kommune har allereie eit brukarnamn. Dette er som regel namnet ditt, skrive med store bokstavar. For å generere passord må du følgje instuksane du får når du trykker på «Glemt brukarnamn/passord», som du finn på nettsida der du søkjer stilling. Du vil då få instruksar på den e-posten som vi bruker for å sende deg lønsslipp.
 
Alle søkjarar vil få kvittering på at søknaden er motteken dersom de har fylt ut rett e-postadresse i søknaden.

Om arbeidsgiveren

Gol er ein kommune i Hallingdal med ca. 4.600 innbyggjarar. Vi kan by på gode moglegheiter for aktiv fritid, både innan friluftsliv og kultur. Gol har eit koseleg og innbydande sentrum, som er eit knutepunkt i Hallingdal og ein populær handleplass med mange og varierte butikkar. Kommunen har ny grunnskule og ny fleirbrukshall, god barnehagedekning og eit variert skuletilbod innan vidaregåande skule.

Nettverk
Facebook
Sektor
Offentlig
Sted
GAMLEVEGEN 4, 3550 Gol
Bransje
IT
Stillingsfunksjon
IT drift og vedlikehold / Drift/Operations

Nøkkelord

IKT, IT, Data-kosulent, IT-kosulent, IKT-kosulent

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Erling Torkelsgard
Stillingstittel
Leiar IKT-Hallingdal
Telefon
32 07 86 05
Følg firma
21 følger dette firmaet

GAMLEVEGEN 4, 3550 Gol

Annonseinformasjon

FINN-kode 112448970
Sist endret 19. jan. 2018 16:20

Rapporter annonse