Utløpt

Førsteamanuensis/ førstelektor i norsk språkvitskap

Arbeidsgiver
Høgskulen på Vestlandet
Stillingstittel
Førsteamanuensis/ førstelektor i norsk språkvitskap
Frist
07.01.2018
Ansettelsesform
Fast

Ved Høgskulen på Vestlandet (HVL), Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett, studiestad Bergen, er det ledig inntil 2 faste stillingar som førsteamanuensis/ førstelektor i norsk språkvitskap.

 

Avdeling for lærarutdanning er i dag organisert i fire program og 15 fagseksjonar. I samband med fusjonen er organisasjonen under omstilling og frå 1. januar 2018 vil avdelinga bli ein del av Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett. Fakultetet har fire institutt med tilsette i Bergen, Sogndal og på Stord. Det nye fakultetet er ein av dei største lærarutdanningsinstitusjonane i landet med rundt 6200 studentar og 500 tilsette, og tilbyr barnehagelærarutdanning, grunnskulelærarutdanning for 1.-7. og 5.-10. trinn, praktisk-pedagogisk utdanning, bachelorutdanningar, masterutdanningar og Ph.d.-program. Fakultetet har eit omfattande etter- og vidareutdanningstilbod. Forskingsaktiviteten ved fakultetet blir organisert i forskingsprogram og forskargrupper. Denne stillinga vert lagt til Institutt for språkfag og matematikk (foreløpig namn).

 

Norskmiljøet  ved Høgskulen på Vestlandet, studiestad Bergen, har 30 tilsette, halvparten med førstekompetanse, fire professorar og fleire stipendiatar. Fagmiljøet er knytt til mange ulike forskingsgrupper med omfattande forskingsaktivitet og utviklingsarbeid. Frå og med opptaket i 2017 skal alle grunnskulelærarstudentar ta mastergrad.  Fagmiljøet er ved sida av barnehagelærarutdanninga og grunnskulelærarutdanningane 1.-7. og 5.-10. trinn, knytt til mastergradene i Barne- og ungdomslitteratur og Undervisningsvitskap med fordjuping i norsk fagdidaktikk. Vi gir også ei rekke etter- og vidareutdanningstilbod, mellom anna innanfor etterutdanningsprogrammet Kompetanse for kvalitet og satsinga Kompetanse for mangfald, som båe er sett i verk av Utdanningsdirektoratet. 


Ansvars- og arbeidsområde
Arbeidsoppgåvene, i tillegg til FoU-arbeid,  vil primært vere undervisning, oppfølging i praksis, rettleiing og evaluering av studentoppgåver. Den som vert tilsett må kunne undervise både i barnehagelærarutdanninga og i grunnskulelærarutdanningane (1-7 og 5-10). Arbeidsoppgåver innanfor etter- og vidareutdanning og / eller kurs og oppdragsverksemd kan også vere aktuelt, avhengig av søkaren sin kompetanse og instituttet/ fagmiljøet sine behov.

Det er forventa deltaking i forskingsaktiviteten på fakultetet / instituttet.

Kompetanse i lese- og skriveopplæring (1.-10. trinn, men særleg for begynnaropplæring) er ein føremon. I tillegg kan følgande arbeidsoppgåver vere relevante:
? Bidra til å vidareutvikle forskingsmiljøet knytt til norsk språkvitskap og norsk språkdidaktikk.
? Bidra til å integrere masterstudentar og ph.d.-studentar i fagmiljøet.
? Bidra til å utvikle samarbeidet med praksisfeltet (partnerskuler).
? Bidra til utvikling av ny master i begynnaropplæringa.


Kvalifikasjonskrav
Søkaren må ha førstekompetanse i norsk språkvitskap eller norsk språkdidaktikk.

For tilsetting som førsteamanuensis må søkaren ha avlagt doktorgrad med relevans for stillingsprofilen. For tilsetting som førstelektor må søkaren ha dokumentert kompetanse på nivå med norsk doktorgrad, og med tilsvarande relevanskrav.

Den som blir tilsett, må ha gode samarbeids- og formidlingsevner, og dessutan evne til å arbeide sjølvstendig, ta initiativ og vere fleksibel. Høgt etisk medvit i møte med studentar er eit krav. Søkarar må meistre både bokmål og nynorsk. Dersom den som blir tilsett ikkje har formell praktisk -pedagogisk kompetanse, må vedkomande ta kurs i høgskulepedagogikk innan to år frå tilsettingsdato

Tilleggskrav
Ved vurdering og rangering av kvalifiserte søkarar vil det også bli lagt vekt på:
- allsidig og relevant undervisningserfaring, og yrkeserfaring frå barrnehage eller grunnskule
- det vil bli vurdert om søkaren er personleg eigna for stillinga.

Søk på stillinga
Send søknad og CV ved å klikke på knappen merka "Søk denne stillinga " på denne sida. Som vedlegg til søknaden må søkarar også laste opp dei vitskaplege arbeida (inntil 5 stk.) dei ønskjer å ha med i vurderinga, fullstendig publikasjonsliste, attestar og vitnemål. Søkarar bør nemne dei arbeida eller delar av arbeid som særleg skal vektleggjast ved vurderinga. Søknaden må også innehalde oversikt over vedlegg som dokumenterer søkjarens pedagogiske kvalifikasjonar. Dersom vitnemål, karakterutskrifter eller anna dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkar sjølv laste opp attesterte omsettingar.

Vi gjer merksam på at søknader blir vurderte med den informasjonen som ligg føre i Jobbnorge når søknadsfristen går ut. Det er søkar sitt ansvar å sørge for at all informasjon er lagt inn innan fristen. Søknader kan ikkje sendast på e-post til enkeltpersoner ved høgskulen.


Søkarar til stillingane vil bli vurderte og rangerte av eit sakkunnig utval. Aktuelle kandidatar til stillingane vil bli innkalla til intervju og bedne om å halde prøveforelesing


Lønnsvilkår

Førstemanuensis vert løna etter Statens regulativ, stillingskode 1011.

Førstelektor vert løna etter Statens regulativ, stillingskode 1198.

Høgskulen har tenestepensjonsordning og det vert trekt lovfesta innskot til Statens pensjonskasse.

 

Generell informasjon

Den som vert tilsett må rette seg etter dei lover, forskrifter, instruksar og avtaler som til ei kvar tid gjeld for stillinga.

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i folket. Det er derfor eit personalpolitisk mål å oppnå ei balansert alders- og kjønnssamansetting og rekruttere personar med ulik nasjonal- eller etnisk bakgrunn.

Opplysingar om søkar kan bli gjort offentleg sjølv om søkar ber om ikkje å bli ført opp på søkarlista. Dersom førespurnaden ikkje blir tatt til følgje, vil søkar bli varsla om dette.

Høgskulen på Vestlandet er ei I/A-bedrift.

Hjemmeside

Kontaktpersoner:

Programansvarleg Bodil Kjesbo Risøy 55 58 58 44 

Seksjonsleiar Dagmar Andrea Cejka 55 58 57 86

 

Om arbeidsgiveren

Høgskulen på Vestlandet (HVL) er ein av dei største høgskulane i landet, med om lag 1 800 tilsette og 16 000 studentar fordelte på fem campus i Førde, Sogndal, Bergen, Stord og Haugesund.


Vi har sterke og innovative fagmiljø innan helse- og sosialfag, ingeniør- og økonomifag, lærarutdanning og samfunnsfag. HVL tilbyr ulike årsstudium og bachelor-, master- og doktorgradsutdanningar.


HVL skal vere tett på arbeidslivet, regionen og studentane, og har ambisjonar om å bli eit universitet med profesjons- og arbeidslivsretta profil.

Sektor
Offentlig
Antall stillinger
2
Sted
Inndalsveien 28, 5063 Bergen
Bransje
Forskning, utdanning og vitenskap,
Offentlig administrasjon
Stillingsfunksjon
Undervisning og pedagogikk,
Undervisning og pedagogikk / Allmennlærer/kontaktlærer
Følg firma
965 følger dette firmaet

Inndalsveien 28, 5063 Bergen

Annonseinformasjon

FINN-kode 110479095
Sist endret 15. des. 2017 14:30

Rapporter annonse