Utløpt

100% stilling - Spesialsjukepleiar

Arbeidsgiver
Helse Førde - DPS Døgn
Stillingstittel
100% stilling - Spesialsjukepleiar
Frist
21.01.2018
Ansettelsesform
Fast
Vi søkjer etter sjukepleiar med vidareutdanning i psykisk helse i 100% fast stilling ved DPS Døgn Førde. Stillinga inngår i 3-delt turnus og er ledig frå 01.03.18.

DPS døgn i Førde har 14 plassar og er ein del av det distriktspsykiatriske senteret (DPS) for 13 kommunar i Sunnfjord og ytre Sogn. Vi tilbyr behandling av personar med psykosar, depresjonar, bipolare lidingar, angstlidingar og eteforstyrringar m.m., til både frivilleg og tvunge psykisk helsevern.

Arbeidsoppgåver

  • Utøve psykiatrisk sjukepleie til den einskilde pasient i tråd med seksjonen/avdelinga si målsetjing.
  • Handtere medikament etter forskriftene
  • Halde seg fagleg oppdatert og syte for nødvendig veiledning, slik at arbeidet held høg fagleg standard
  • Vere medviten om kostnadseffektivitet og ressursbruk

Kvalifikasjonar

  • Utdanning som sjukepleiar med vidareutdanning i psykiatri/psykisk helsearbeid
  • Erfaring frå og interesse for fagfeltet

Utdanning

  • Høgskule/universitet, diplom-/ bachelorgrad
  • Sjukepleie videreutdanning
  • Vidareutdanning / Tilleggsutdanning utover oppnådd grad

Eigenskapar

  • Du er profesjonell, imøtekommande og syner respekt for pasientar og pårørande
  • Du har god fagleg vurderingsevne, arbeider målretta og strukturert
  • Du tar personleg ansvar for at oppgåver blir gjort, tilbyr gjerne hjelp og deler raust med kompetansen din
  • Du held deg roleg, objektiv og kontrollert og arbeider stabilt under press

Vi tilbyr

  • Stillingsbrøk: 100%
  • Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Triveleg arbeidsmiljø
  • Høgt fagleg nivå
  • Sjukepleiefagleg rettleiing

Om arbeidsgiveren

Helse Førde HF har ansvar for spesialisthelsetenestene i Sogn og Fjordane. Føretaket arbeider kontinuerleg med å utvikle gode og trygge tenester for pasientar og brukarar. Helse Førde sine institusjonar og prehospitale tenester er organisert i faglege og organisatoriske nettverk, og samarbeidet med andre instansar som m.a. kommunane er høgt prioritert. Føretaket har om lag 3 300 tilsette og eit budsjett på nesten 3 milliardar kroner og er den største verksemda i fylket. Helseføretaket er eigd av det statlege Helse Vest RHF.

Sektor
Offentlig
Sted
Førde sentralsjukehus, 6800 Førde
Bransje
Helse og omsorg
Stillingsfunksjon
Sykepleier / Psykiatri

Nøkkelord

Spesialsjukepleiar, Psykisk, helse, Helse, Førde

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Arve Stokkebekk
Stillingstittel
Kst. seksjonsleiar
Telefon
57 83 94 65
91 33 16 44
Følg firma
67 følger dette firmaet

Førde sentralsjukehus, 6800 Førde

Annonseinformasjon

FINN-kode 110468554
Sist endret 11. jan. 2018 16:04

Rapporter annonse