Utløpt

Førsteamanuensis/førstelektor/høgskulelektor i pedagogikk for lærarutdanninga

Arbeidsgiver
Høgskulen på Vestlandet
Stillingstittel
Førsteamanuensis/førstelektor/høgskulelektor i pedagogikk for lærarutdanninga
Frist
21.01.2018
Ansettelsesform
Fast

Ved Høgskulen på Vestlandet (HVL) er det frå 01.08.2018 inntil tre faste stillingar som førsteamanuensis/ førstelektor/høgskulelektor i pedagogikk. Tidspunkt for oppstart kan drøftast, og tidlegare oppstart er mogleg. Stillingane er knytt til Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett, campus Sogndal.

I samband med fusjonen er organisasjonen under omstilling og frå 1. januar 2018 vil det vera etablert eit nytt Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett ved HVL, med utdanningar i alle dei tre regionane som HVL famnar om. Det nye fakultetet vil ha om lag 500 tilsette og om lag 6000 studentar. Fakultetet vil tilby utdanningsprogram på bachelor- og masternivå innan lærar-, musikk- og idrettsutdanning. Fakultetet tilbyr også doktorgradsstudiet Studium av danning og didaktiske praksisar.

Arbeids - og ansvarsområde
Til stillingane ligg undervisning, forsking og utviklingsarbeid i pedagogiske emne i grunnskulelærarutdanninga, praktisk pedagogisk utdanning (PPU),master i læring og undervisning, vidareutdanningar og eksterne prosjekt. Den tilsette vil bli knytt til forskingsprogrammet for læringsforsking.

Forsking og utviklingsarbeid på problemstillingar med relevans til faget ligg også til stillinga og du bør skissere aktuelle forskingstema i søknaden. Nokre av undervisningsoppgåvene kan bli knytt til desentraliserte studium og medføre noko reising.

Kvalifikasjonar
Den som vert tilsett må minimum ha mastergrad/hovudfag i pedagogikk eller tilgrensande fagområde som har relevans til pedagogikkfaget i grunnskulelærarutdanninga. Det er ønskjeleg med doktorgrad eller tilsvarande kompetanse. Ved tilsetjing blir det lagt vekt på formell kompetanse, undervisningserfaring frå høgare utdanning, yrkeserfaring frå skule og arbeid med barn, dokumenterte undervisnings- og fou - resultat, og eit breitt fagleg engasjement. Det er spesielt ønskjeleg med kompetanse innan rettleiing og/eller utdanningsleiing. Ellers er det ønskjeleg med brei kompetanse innan pedagogikkfaget.

Stillingane krev gode samarbeidsevner og evne til å samarbeide med andre fag og eksterne partar. Det blir lagt vekt på personlege eigenskapar som fleksibilitet, evne til å ta initiativ og engasjement.

For tilsetjing som førsteamanuensis er krava norsk doktorgrad eller vitskapleg kompetanse på tilsvarande nivå. For tilsetjing som førstelektor er krava kvalifikasjonar som samla er på nivå med førsteamanuensis, men vurderinga byggjer på eit breiare grunnlag. For tilsetjing som høgskulelektor er krava eksamen av høgare grad frå universitet eller høgskule. Utdanning tatt utanfor Noreg, skal vera godkjent og stadfesta av NOKUT.

Aktuelle søkjarar vert kalla inn til intervju med prøveførelesing.

Tilsetjingsvilkår
Stillinga er løna etter Statens lønsregulativ for førsteamanuensis/ førstelektor/ høgskulelektor etter ansiennitet og kompetanse. Høgskulen har god tenestepensjonsordning og det vert trekt lovfesta innskot til Statens pensjonskasse.

Tilsetjing skjer på dei vilkår som følgjer av Lov om statens tenestemenn og dei reglement som til ei kvar tid gjeld i høgskulen. Den statlege arbeidsstyrken skal spegle mangfaldet i folket. Det er difor eit personalpolitisk mål å oppnå ei balansert alders- og kjønnssamansetjing og å rekruttere personar med ulik nasjonal- eller etnisk bakgrunn. Høgskulen på Vestlandet er ei IA bedrift.

Arbeidsspråket er norsk.

I samsvar med offentleglova § 25, kan opplysingar om søkjar bli unnateke i offentleg søkjarliste, dersom søkjaren sjølv ber om det. Søkjaren vert varsla dersom oppmodinga ikkje blir teken til følgje.

Meir informasjon får du hos dekan Osvald Lykkebø, osvald.lykkebo@hvl.no, 57 67 60 17, instituttleiar Solfrid Kjoberg, solfrid.kjoberg@hvl.no, 57 67 62 04.

Søknad med CV, attestar og vitnemål skal sendast elektronisk via Søk denne stillinga på denne sida. Søknaden skal gje eit fullstendig oversyn over utdanning og tidlegare praksis og ha ei liste over vitskaplege arbeid (inntil 5 stk.). Dersom eit eller fleire arbeid som vert sendt inn er produkt av samproduksjon, må søkar gjere greie for kva rolle ho/han har hatt i prosessen.

Elektronisk søknad med vedlagde attestar og vitnemål kan bli sendt vidare til ein sakkunnig kommisjon for vurdering. Det er difor viktig at all dokumentasjon kjem med i søknaden. Sentrale vitskaplege arbeid som bør med i vurderinga skal også lastast opp som vedlegg til søknaden.

Vi ber om at det i søknaden vert oppgitt to referansar der ein er frå siste arbeidsgjevar.

Om arbeidsgiveren

Høgskulen på Vestlandet (HVL) er ein av dei største høgskulane i landet, med om lag 1 800 tilsette og 16 000 studentar fordelte på fem campus i Førde, Sogndal, Bergen, Stord og Haugesund.


Vi har sterke og innovative fagmiljø innan helse- og sosialfag, ingeniør- og økonomifag, lærarutdanning og samfunnsfag. HVL tilbyr ulike årsstudium og bachelor-, master- og doktorgradsutdanningar.


HVL skal vere tett på arbeidslivet, regionen og studentane, og har ambisjonar om å bli eit universitet med profesjons- og arbeidslivsretta profil.

Sektor
Offentlig
Antall stillinger
3
Sted
Røyrgata 6, 6856 Sogndal
Bransje
Forskning, utdanning og vitenskap,
Offentlig administrasjon
Stillingsfunksjon
Undervisning og pedagogikk,
Undervisning og pedagogikk / Andre pedagoger,
Undervisning og pedagogikk / Spesialpedagog
Følg firma
964 følger dette firmaet

Røyrgata 6, 6856 Sogndal

Annonseinformasjon

FINN-kode 110384986
Sist endret 3. jan. 2018 10:54

Rapporter annonse