Tannhelsesekretær (vikariat) ved Institutt for klinisk odontologi

Arbeidsgiver
Universitetet i Bergen
Stillingstittel
Tannhelsesekretær (vikariat) ved Institutt for klinisk odontologi
Frist
01.01.2018
Varighet
Vikariat

Ved Universitetet i Bergen, Institutt for klinisk odontologi , er det ledige vikariat som tannhelsesekretærar i ulike stillingsbrøkar.

 

Dei som vert tilsette må rekne med å gjere teneste ved ulike fagseksjonar/einingar etter instituttets behov. Instituttet har følgjande seksjonar/einingar: Endodonti, Førebyggjande tannhelse, Gerodonti og samfunnsodontologi, Kariologi, Kjeve- og ansiktsradiologi, Kjeveortopedi, Oral kirurgi og oral medisin, Oral protetikk, Pedodonti, Periodonti, Hovudresepsjon og Pasientinnskriving.


Tannhelsesekretærane arbeidar i team saman med tannlegar og har ansvar for studentar i kvar økt på klinikken.

 

Arbeidsoppgåver

  • pasientomsorg
  • assistanse til tannlegar og studentar
  • røntgenfotografering
  • opplæring av studentar i hygiene
  • oppdekking, etterfylling av instrument og materialar
  • reinhald, sterilisering, vedlikehald av utstyr
  • registrere og hente ut informasjon frå Opus, rettleiing av studentane i programmet
  • registrering/innskriving av pasientar

 

Andre oppgåver kan leggast til stillinga.

 

Krav til kvalifikasjonar og personlege eigenskapar      

  • søkjarar må ha autorisasjon som tannhelsesekretær
  • erfaring som tannhelsesekretær er eit ønskje

 

Den som vert tilsett må ha god kunnskap i norsk, vere serviceinnstilt, fleksibel, ansvarsmedviten og ha gode kommunikasjons- og samarbeidsevner. Ved vurderinga vert det lagt vekt på personlege eigenskapar.

 

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til klinikkleiar Neshe Lie, tlf.: 55 58 66 30 eller e-post: Neshe.Lie@uib.no

 

Vi kan tilby

  • eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø
  • lønssteg 30-42 etter tenesteansiennitet (kode 1545/lønsramme 09.8), for tida 333 300 - 386 700 kr brutto pr. år for ei fulltidsstilling. (Løn er for tida under revisjon)
  • medlemskap i Statens pensjonskasse
  • stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd)
  • gode velferdsordningar

 

Du kan lese meir om kva Universitetet i Bergen kan tilby som arbeidsgjevar ved å gå inn på nettsida: http://www.uib.no/poa/74687/hva-kan-universitetet-tilby-sine-medarbeidere

Om rekruttering i statlege stillingar

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er difor eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetjing. Personar med innvandrarbakgrunn og personer med nedsett funksjonsevne vert oppmoda om å søkje stillinga.

 

Opplysningar om søkjaren kan verte gjort offentleg sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å verte ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teken til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

 

Den som vert tilsett må rette seg etter dei retningslinene som til kvar tid gjeld for stillinga.

 

Slik søkjer du stillinga

Send søknad elektronisk via lenkja Søk stillingen på denne sida.

Søknaden skal innehalde:

  • søknadsbrev der du seier noko om din motivasjon for stillinga, kvifor du søkjer og kvifor du passar til stillinga
  • kva stillingsbrøk du ønskjer
  • oversikt over utdanning og arbeidserfaring (CV)
  • attesterte kopiar av vitnemål og relevante attestar
  • to referansar (namn og kontaktinformasjon)

Søknadane vert sendt elektronisk til nemnda som skal vurdere desse.

Vi gjer merksam på at søknadar vert vurdert med den informasjonen som ligg føre i Jobbnorge når søknadsfristen går ut. Det er søkjar sitt ansvar at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen.

Søknadar som vert sendt på e-post vil ikkje verte vurderte.

Nærare om tilsettingsprosessen her.


Søknadsfrist: 01.01.2018

Om arbeidsgiveren

Sektor
Offentlig
Sted
Årstadveien 19
5009 Bergen
Bransje
Forskning, utdanning og vitenskap
Offentlig administrasjon
Stillingsfunksjon
Helsepersonell / Tannhelse

Rapporter svindel/regelbrudd

FINN-kode: 110078109

Sist endret: 8. des 2017 00:00

Årstadveien 19, 5009 Bergen

Rapporter svindel/regelbrudd

FINN-kode: 110078109

Sist endret: 8. des 2017 00:00