Utløpt

Assisterande avdelingsleiar - Teneste for utviklingshemma, Vestre Lurane bufellesskap

Arbeidsgiver
Os kommune
Stillingstittel
Assisterande avdelingsleiar
Frist
11.12.2017
Ansettelsesform
Fast
Bli kjent med Bjørnafjorden kommune

Ved Tenester for utviklingshemma, for tida avdeling Vestre Lurane Bufellesskap, er det frå snarast ledig 100% fast stilling som assisterande avdelingsleiar.

Arbeidsstad
Teneste for vaksne utviklingshemma i Os kommune består av 6 bufellesskap og eit dagsenter.
Vestre Lurane Bufellesskap er eit bufellesskap for 9 personar med ulike bistandsbehov. I tillegg har avdelinga oppfølgingsansvar for ein del tenestemottakarar som bur i eigen bustad utanom bufellesskapet.

Arbeidsoppgåver
Stillinga er i hovudsak ei miljøterapeutstilling i den daglege drifta, med oppfølging av tenestemottakarane. Det inngår administrativ tid i stillinga ved behov, og ved fråvær hos avdelingsleiar. 
Oppgåver og ansvarsområde som assisterande avdelingsleiar vil vere:
- Bistå avdelingsleiar i høve til drift av bufellesskapet og vere stedfortreder for avdelingsleiar.
- Organisering av vikarar og føring av elektroniske timelister
- Opplæring, fagleg rettleiing, medikamenthandsaming og deltaking på ansvarsgruppemøter.
- Andre oppgåver etter avtale med avdelingsleiar.

Som miljøterapeut skal den tilsette skal yte eit heilskapleg og fagleg omsorgstilbod til tenestemottakarane.
I funksjonen inngår førebygging, habilitering og rehabilitering. Arbeidet består i å yte brukarane den bistanden dei treng for å gjennomføre daglege gjeremål, ta del i sosiale aktivitetar og gjere brukarane meir sjølvhjelpne.
Målretta miljøarbeid og oppfølging av ulike tiltak er sentrale arbeidsoppgåver.

Du må vere villig til å ta på seg hovudkontaktarbeid.
Dette arbeidet inneber å følgje særskilt med ein tenestemottakar sine behov i høve økonomi, helse, dagtilbod, fritidstilbod og hjelp til daglege føremål.
Vidare må du rekne med å arbeide aktivt saman med, og vere initiativtakar i høve tenestemottakaren sine pårørande,familie, vener og hjelpeapparatet elles.

Stillinga er i turnus, med arbeid 3. kvar helg.

Kvalifikasjonar
Du har utdanning som vernepleiar, og har breid erfaring frå arbeid med målretta miljøarbeid med personar med utviklingshemming. Anna relevant høgskuleutdanning med tilsvarande erfaring, kan også verta vurdert. Det er også
ønskeleg at du har erfaring med praktiske/organisatoriske oppgåver knytta til drift.
Du er bevisst dine haldningar og prioriterer høgt verdiar som respekt, lojalitet og etikk.
Vi legg vekt på å sette saman personalgruppa med størst mulig kompetansebreidde og personlege kvalifikasjonar.
Det vert lagt stor vekt på din kjennskap til brukargruppa og på dine personlege eigenskapar.
Utanlandsk utdanning må vere NOKUT godkjent.

Vi gjer merksam på at du må leggja fram politiattest.

Vi tilbyr
Som assisterande avdelingsleiar er du ein del av eininga si leiargruppe. Du vil også få tilbod om rettleiing.
Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø.
Gode pensjons- og forsikringsordningar og løn etter avtale.

 

Om arbeidsgiveren

Os kommune ligg sør på Bergenshalvøya, der kyst- og fjordlandskapet møtest. Kommunen kan by på dei vakraste natur- og kulturopplevingar, og elles dei fleste tenester både fastbuande og tilreisande har bruk for. Os er ein inspirerande kommune med stor vekst og utvikling. Vi treng medarbeidarar som meiner entusiasme inspirerer, som lyttar med respekt, gjer det dei seier og skaper resultat.

Sektor
Privat
Sted
Vestre Lurane, 5200 Os
Bransje
Helse og omsorg,
Annet
Stillingsfunksjon
Helsepersonell / Vernepleier/miljøterapeut,
Annet

Nøkkelord

vernepleiar, leiar, helse

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Torunn Haugen
Stillingstittel
Einingsleiar
Telefon
91 16 64 59
Kontaktperson
Monica Rød
Stillingstittel
Avdelingsleiar
Telefon
91 67 20 67
Følg firma
481 følger dette firmaet

Vestre Lurane, 5200 Os

Annonseinformasjon

FINN-kode 109626011
Sist endret 30. nov. 2017 14:33

Rapporter annonse