Utløpt

Førsteamanunesis/ førstelektor i idrett / kroppsøving

Arbeidsgiver
Høgskulen på Vestlandet
Stillingstittel
Førsteamanunesis/ førstelektor idrett - kroppsøving
Frist
07.01.2018
Ansettelsesform
Fast

Ved Høgskulen på Vestlandet, Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett, campus Bergen, er det ledig inntil 2 faste stillingar som førsteamanuensis /førstelektor i kroppsøving/ idrett  ved idrettsseksjonen.

Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett er ein av dei største lærarutdanningsinstitusjonane i landet med rundt 6000 studentar og 500 tilsette, og tilbyr barnehagelærarutdanning, grunnskulelærarutdanning for 1. - 7. og 5. - 10. trinn, praktisk-pedagogisk utdanning, bachelorutdanningar, masterutdanningar og ph.d.-program. Vi har eit omfattende etter- og vidareutdanningstilbod. Forskingsaktiviteten ved fakultetet er organisert i forskingssenter og -grupper. Fakultetet vert etablert frå 01.01.18 ved at tre avdelingar ved høgskulen blir slått saman.

Idrettsseksjonen ved campus Bergen, har i dag 20 tilsette med ulik kompetanse innanfor eit bredt fagmiljø innan kroppsøving, idrett, fysisk aktivitet og folkehelse. Seksjonen har ansvar for undervisning, forsking og formidling innanfor grunnskule- og barnehagelærarutdanninga, idrettsfeltet og innanfor fysisk aktivitet og folkehelse. Seksjonen tilbyr fordypningseiningar med 15, 30 og 60 studiepoeng, og vil inngå som eit av masterfagene i den nye 5-årige grunnskuleutdanninga. I tillegg tilbys faglærarutdanning i kroppsøving og idrettsfag (bachelor) og bachelorutdanning i folkehelsearbeid. Seksjonen har også ansvar for ein av studieretningane innan master i fysisk aktivitet og kosthold i eit skulemiljø, og er delaktig i master i barnehagekunnskap. Seksjonen er aktiv innan forsking og har fleire pågåande prosjekter både internt, tverrsektorielt og i samarbeid med eksterne samfunnsaktørar.

Ansvars- og arbeidsområde:
Stillinga er knytt til grunnskulelærarutdanningane 1-7 og 5-10, faglærarutdanning i kroppsøving og idrettsfag  og bachelor i folkehelsearbeid. Arbeidsoppgåvene vil primært vere undervisning, oppfølging i praksis, rettleiing og evaluering av studentoppgåver.  Arbeidsoppgåver innan etter- og vidareutdanning- og/eller kurs og oppdragsverksemd kan og vere aktuelt, avhengig av søkjaren sin kompetanse og instituttet/seksjonen sine behov. Det er forventa deltaking i forskingsaktiviteten på instituttet/fakultetet.

  • Undervise, rettleie og evaluere studentar i grunnutdanning, bachelor og på masternivå innanfor både teoretiske og praktiske emnar.
  • Ta initiativ til og bidra til forsking på fagfeltet og utvikling av forskingsmiljø innafor profesjonsorienterte tema og aktuelle undervisningsområder.
  • Involvere studentår i forskingsprosjekter.
  • Utvikle studentanes praksisopplæring i samarbeid med andre aktørar.
  • Bidra til samarbeidsprosjekter internt og eksternt ved HVL, nasjonalt og internasjonalt

Søkjarane må kunne undervise i fleire av følgjande emnar, og dette må fremgå av søknaden:

  • Idretts- og kroppsøvingsfagets støttedisipliner som mellom anna biomekanikk/ bevegelseslære, anatomi og treningslære
  • Ulike praktiske idretter og aktiviteter inne og ute og for ulike årstider, som for eksempel svømming, skøyter, dans og ulike nyere aktivitetsformer i kroppsøvingsfaget 
  • Det flerkulturelle perspektivet i kroppsøving og idrett
  • Metoder som er aktuelle for fagfeltet som for eksempel: Samfunnsvitskaplege forskningsmetoder, både kvalitative og kvantitative
  • Vitenskapsteoretiske og etiske problemstillinger for fagfeltet

Ekskursjoner er ein del av seksjonens undervisning og ein må ved behov delta på disse. I stillinga inngår ressurs til fagleg-administrativt arbeid. Tilsette søkjar om tid til forskings- og utviklingsarbeid som er relevant for utdanningane ved seksjonen.

Kvalifikasjonskrav
Søkjaren må ha første kompetanse i  kroppsøving /idrett eller eit anna fag/fagområde med stor relevans for stillinga.

For tilsetjing som førsteamanuensis må søkjar ha avlagt doktorgrad med relevans for stillingsprofilen. For tilsetjing som førstelektor må søkjar ha kompetanse på nivå med norsk doktorgrad, og med tilsvarande relevanskrav.

Den som blir tilsett må ha gode samarbeids- og formidlingsevner, men og evne til å arbeide sjølvstendig, ta initiativ og vere fleksibel. Høgt etisk medvit i møte med studentar er påkrevd. Søkjar må meistre norsk eller eit anna skandinavisk språk.


Søkjarar som ikkje meistrar skandinavisk språk ved tilsetjingstidspunktet må forplikte seg til å meistre norsk innan to år. Dersom den som blir tilsett ikkje har formell praktisk pedagogisk kompetanse, må vedkomande delta på kurs i høgskulepedagogikk innan to år frå tilsettingsdato.

Tilleggskrav
Ved vurdering og rangering av kvalifiserte søkjarar vil det bli lagt vekt på:
  - Allsidigheit og relevant yrkeserfaring, særleg frå arbeid ved universitet/høgskule

    og/eller skule/barnehage 
  - Dokumentert fagleg-pedagogisk utviklingsarbeid og/eller vitskapeleg arbeid
  - Høgskulepedagogisk kompetanse
  - Andre ønska kvalifikasjonar, f. eks språkkompetanse/engelsk (vurder i kvart tilfelle)

Det vil bli vurdert om søkjaren er personleg eigna for stillinga.

    

Søk på stillinga
Send søknad og CV ved å klikke på knappen merka "Søk denne stillinga " på denne sida. Som vedlegg til søknaden må søkjarar også laste opp dei vitskaplege arbeida (inntil 5 stk.) dei ønskjer å ha med i vurderinga, fullstendig publikasjonsliste, attestar og vitnemål. Søkjarar bør nemne dei arbeida eller delar av arbeid som særleg skal vektleggjast ved vurderinga. Søknaden må også innehalde oversikt over vedlegg som dokumenterer søkjarens pedagogiske kvalifikasjonar. Dersom vitnemål, karakterutskrifter eller anna dokumentasjon ikkje er på eit
skandinavisk språk eller engelsk, må søkjar sjølv laste opp attesterte omsettingar.

Vi gjer merksam på at søknader blir vurderte med den informasjonen som ligg føre i Jobbnorge når søknadsfristen går ut. Det er søkjar sitt ansvar å sørge for at all informasjon er lagt inn innan fristen. Søknader kan ikkje sendast på e-post til enkeltpersoner ved høgskulen.

Søkjarar til stillinga vil bli vurderte og rangerte av eit sakkunnig utval. Aktuelle kandidatar til stillinga vil bli innkalla til intervju og bedne om å halde prøveforelesing.

Lønnsvilkår

Førsteamanuensis vert løna etter Statens regulativ, stillingskode 1011.
Førstelektor vert løna etter Statens regulativ, stillingskode 1198.
Høgskulen har tenestepensjonsordning og det vert trekt lovfesta innskot til Statens pensjonskasse

Generell informasjon
Den som vert tilsett må rette seg etter dei lover, forskrifter, instruksar og avtaler som til ei kvar tid gjeld for stillinga.
Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i folket. Det er derfor eit personalpolitisk mål å oppnå ei balansert alders- og kjønnssamansetting og rekruttere personar med ulik nasjonal- eller etnisk bakgrunn.

Opplysingar om søkjar kan bli gjort offentleg sjølv om søkjar ber om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom førespurnaden ikkje blir tatt til følgje, vil søkjar bli varsla om dette.
Høgskulen på Vestlandet er ei I/A-bedrift.

Hjemmeside

Kontaktpersoner:
Programansvarleg Nina Grieg Viig 55 58 58 39
Seksjonsleiar Anne Henriksen 55 58 59 29

Om arbeidsgiveren

Høgskulen på Vestlandet (HVL) er ein av dei største høgskulane i landet, med om lag 1 800 tilsette og 16 000 studentar fordelte på fem campus i Førde, Sogndal, Bergen, Stord og Haugesund.


Vi har sterke og innovative fagmiljø innan helse- og sosialfag, ingeniør- og økonomifag, lærarutdanning og samfunnsfag. HVL tilbyr ulike årsstudium og bachelor-, master- og doktorgradsutdanningar.


HVL skal vere tett på arbeidslivet, regionen og studentane, og har ambisjonar om å bli eit universitet med profesjons- og arbeidslivsretta profil.

Sektor
Offentlig
Antall stillinger
2
Sted
Inndalsveien 28, 5063 Bergen
Bransje
Forskning, utdanning og vitenskap,
Offentlig administrasjon
Stillingsfunksjon
Undervisning og pedagogikk,
Undervisning og pedagogikk / Faglærer(IT, idrett, kunst),
Undervisning og pedagogikk / Lærer/Lektor
Følg firma
960 følger dette firmaet

Inndalsveien 28, 5063 Bergen

Annonseinformasjon

FINN-kode 109568905
Sist endret 29. nov. 2017 16:10

Rapporter annonse