Utløpt

Fast stilling som rådgjevar

Arbeidsgiver
Høgskulen på Vestlandet
Stillingstittel
Fast stilling som rådgjevar
Frist
31.12.2017
Ansettelsesform
Fast

Høgskulen har ledig stilling som rådgjevar ved Campus Sogndal. Stillinga vil få utfordrande og spanande oppgåver knytt til utvikling og rapportering om studiekvalitet, handsaming av studentsaker og internasjonal studentutveksling.

Stillinga er ledig frå 1. februar 2018.

Kvalifikasjonar
Vi ser etter ein medarbeidar som har lyst til å prøve seg i ei travel og utfordrande stilling, og som likar å vere med å utvikle og ta i bruk moderne og brukarvenlege løysingar for høgskulen sine studentar og utdanningar. Vi legg vekt på serviceinnstilling, samarbeidsevne og evne til å arbeide sjølvstendig.
Søkjarar må ha høgre utdanning, gjerne mastergrad, og ha gode kunnskapar i norsk og engelsk, både skriftleg og munnleg. Internasjonal røynsle og gode språkkunnskapar blir vektlagt.

Høgskulen er for tida under omorganisering og organisatorisk plassering av stillinga blir avklart på nyåret 2018. Arbeidsstad vil vere Sogndal.

Tilsetjingsvilkår
Stillinga er løna etter Statens lønsregulativ som rådgjevar etter ansiennitet og kompetanse. Høgskulen har tenestepensjonsordning og det vert trekt lovfesta innskot til Statens pensjonskasse. Tilsetjing skjer på dei vilkår som følgjer av Lov om statens tenestemenn og dei reglement som til ei kvar tid gjeld i høgskulen. Me tilbyr fleksible arbeidsvilkår.

Den statlege arbeidsstyrken skal spegle mangfaldet i folket. Det er difor eit personalpolitisk mål å oppnå ei balansert alders- og kjønnssamansetjing og å rekruttere personar med ulik nasjonal- eller etnisk bakgrunn. Høgskulen er ei IA-bedrift. Me oppmodar derfor alle kvalifiserte til å søke. Arbeidsspråket er norsk.

Nærare informasjon om stillinga får du ved å venda deg til viserektor for utdanning Terje Bjelle, tlf. 57676130/ 99168189 terje.bjelle@hvl.no.

Du finn meir informasjon om høgskulen på www.hvl.no

Søknad med CV, vitnemål og attestar skal sendast elektronisk via (Søk denne stillinga) på denne sida.

Om arbeidsgiveren

Høgskulen på Vestlandet (HVL) er ein av dei største høgskulane i landet, med om lag 1 800 tilsette og 16 000 studentar fordelte på fem campus i Førde, Sogndal, Bergen, Stord og Haugesund.


Vi har sterke og innovative fagmiljø innan helse- og sosialfag, ingeniør- og økonomifag, lærarutdanning og samfunnsfag. HVL tilbyr ulike årsstudium og bachelor-, master- og doktorgradsutdanningar.


HVL skal vere tett på arbeidslivet, regionen og studentane, og har ambisjonar om å bli eit universitet med profesjons- og arbeidslivsretta profil.

Sektor
Offentlig
Sted
Røyrgata 6, 6856 Sogndal
Bransje
Forskning, utdanning og vitenskap,
Offentlig administrasjon
Stillingsfunksjon
Rådgivning,
Saksbehandler,
Undervisning og pedagogikk
Følg firma
965 følger dette firmaet

Røyrgata 6, 6856 Sogndal

Annonseinformasjon

FINN-kode 109489692
Sist endret 28. nov. 2017 12:58

Rapporter annonse