Vernepleiar 100% - Tenester for utviklingshemma, Idrettsvegen bufellesskap
- Arbeidsgiver
- Os kommune
- Stillingstittel
- Vernepleiar
- Frist
- 26.11.2017
- Ansettelsesform
- Fast
Ved Tenester for utviklingshemma, for tida avdeling Idrettsvegen Bufellesskap er det frå snarast ledig fast 100% stilling
for vernepleiar.
Arbeidsstad
Teneste for vaksne utviklingshemma i Os kommune består av 6 bufellesskap og eit dagsenter.
Idrettsvegen bufellesskap er eit bufellsskap for 10 tenestmottakarar med ulike hjelpebehov.
Arbeidsoppgåver
Du skal yte eit heilskapleg og fagleg omsorgstilbod til tenestemottakarane.
I funksjonen inngår førebygging, habilitering og rehabilitering. Arbeidet består i å yte brukarane den bistanden dei treng for å gjennomføre daglege gjeremål, ta del i sosiale aktivitetar og gjere brukarane meir sjølvhjelpne.
Målretta miljøarbeid og oppfølging av ulike tiltak er sentrale arbeidsoppgåver.
Du må vere villig til å ta på seg hovudkontaktarbeid.
Dette arbeidet inneber å følgje særskilt med ein tenestemottakar sine behov i høve økonomi, helse, dagtilbod, fritidstilbod og hjelp til daglege føremål.
Vidare må du rekne med å arbeide aktivt saman med, og vere initiativtakar i høve tenestemottakaren sine pårørande,familie, vener og hjelpeapparatet elles.
Stillinga er i turnus med arbeid 4. kvar helg. Deler av turnusen har lange vakter.
Kvalifikasjonar
Du har autorisasjon som vernepleiar og erfaring med målretta miljøarbeid med personar med utviklingshemming..
Du er bevisst dine haldningar og prioriterer høgt verdiar som respekt, lojalitet og etikk.
Vi legg vekt på å sette saman personalgruppa med størst mulig kompetansebreidde og personlege kvalifikasjonar.
Det vert lagt stor vekt på din kjennskap til brukargruppa og på dine personlege eigenskapar.
Utanlandsk utdanning må vere NOKUT godkjent
Vi gjer merksam på at du må leggja fram politiattest.
Vi tilbyr
Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø.
Gode pensjons- og forsikringsordningar og løn etter avtale.
Om arbeidsgiveren
Os kommune ligg sør på Bergenshalvøya, der kyst- og fjordlandskapet møtest. Kommunen kan by på dei vakraste natur- og kulturopplevingar, og elles dei fleste tenester både fastbuande og tilreisande har bruk for. Os er ein inspirerande kommune med stor vekst og utvikling. Vi treng medarbeidarar som meiner entusiasme inspirerer, som lyttar med respekt, gjer det dei seier og skaper resultat.
- Sektor
- Offentlig
- Sted
- Idretttsvegen, 5200 Os
- Bransje
- Helse og omsorg,
- Annet
- Stillingsfunksjon
- Helsepersonell / Vernepleier/miljøterapeut
Nøkkelord
vernepleiar, vernepleier, helse, bufellesskap
Spørsmål om stillingen
- Kontaktperson
- Torunn Haugen
- Stillingstittel
- Einingsleiar
- Telefon
- 91 16 64 59
- Kontaktperson
- Miriam Davidsen-Tingvatn
- Stillingstittel
- Avdelingsleiar
- Telefon
- 91 38 24 43
Idretttsvegen, 5200 Os