Utløpt

Rådgivar - museum og kulturarv

Arbeidsgiver
Møre og Romsdal fylkeskommune
Stillingstittel
Rådgivar i kulturvernseksjonen
Sted
Molde
Frist
Frist utløpt
Varighet
Fast

 

Kulturavdelinga

Kulturavdelinga er tilretteleggjar, pådrivar og koordinator for aktivitet og satsingar innan kulturlivet og folkehelsearbeidet i Møre og Romsdal. Verksemda omfattar kulturminneforvaltning, kulturformidling, bibliotektenestar, folkehelse og fysisk aktivitet, rammevilkår for frivillig sektor og kreative næringar. Kultur- og folkehelseutvalet er hovudutval for sektoren. Avdelinga drifter Eldrerådet og Råd for likestilling av funksjonshemma. Avdelinga har 51 tilsette og eit bruttobudsjett på 240 millionar kroner.

Opplysningar om stillinga

Det er ledig 100 % fast stilling som rådgivar for museum og kulturarv i kulturvernseksjonen. Tiltreding snarast etter 01.02.18. Kulturfeltet er eit satsingsområde i fylkesplanen, og det museumsfaglege perspektivet er løfta fram i fylkeskommunen sin regionale planstrategi. Stillinga inneber rådgiving, rettleiing og utvikling innan museumsfeltet. I tillegg kjem rådgiving og sakshandsaming innan område kulturminneforvaltning, særleg retta inn mot kulturminne frå nyare tid. 

Arbeidsoppgåver

  • koordinere og samordne det museumsfaglege arbeidet i fylket. 
  • Rådgje, rettleie og vere pådrivar for utvikling innan kulturarvområde gjennom prosjekt, regional planlegging, arealplanarbeid, kompetanse og nettverksbygging.
  • Rådgiving og saksbehandling innan freda bygg og anlegg, samt tilskotsforvaltning
  • Vere pådrivar for tverrfagleg arbeid i Kulturavdelinga

Kvalifikasjonar

  • Godkjent høgare utdanning innan kulturfag, til dømes kulturminneforvalting, kulturarvsstudie og historie, arkitekutdannig. 
  • Det vil bli lagt vekt på tverrfagleg kompetanse og evne til å sjå heilskap og samanheng på tvers av fagfelt.
  • Kjennskap og erfaring frå offentlig sektor/offentleg planlegging er ein fordel
  • Erfaring frå utviklings- og omstillingsarbeid
  • Erfaring frå prosjektleiing er ein fordel
  • Løysingsorientert, sjølvstendig og med gode gjennomføringsevne
  • Gode skriftlege og munnleg framstillingsevne

Vi tilbyr

  • Ein arbeidsgivarpolitikk med satsing på leiarar og medarbeidarar for vekst og utvikling av best moglege tenester
  • Introduksjonsprogram
  • Utfordrande oppgåver i eit aktivt, utviklande arbeidsmiljø
  • Medlemskap i KLP (god tenestepensjon og gode forsikringsvilkår)
  • Løn etter avtale

Den som tiltrer stillinga får muligheit til å utvikle museumsfeltet og kulturminnearbeidet i eit attraktivt og vakkert fylke, både geografisk og kulturelt. Fylket byr på eit mangfaldig kulturliv med nærleik til naturen og ulike urbane tilbod. Det er kort veg til flyplass med avgangar til inn og utland i alle våre tre byar.

Møre og Romsdal fylkeskommune har som mål å spegle mangfaldet i befolkninga. Alle med ønska kompetanse er velkomen til å søkje ledig stilling hos oss. Tilsettinga er elles på fylkeskommunale vilkår og i tråd med gjeldande lovar, avtalar og reglement. Vi nyttar nynorsk i skrifleg kommunikasjon. Opplæring blir gitt

Møre og Romsdal fylkeskommune nyttar elektronisk søknadsbehandling. Vi ber derfor om at du sender elektronisk søknad.

Vi gjer merksam på at søkarlista kan bli offentleg sjølv om søkar ber om anonymitet jf. Offentleglova § 25, 2.ledd. Om dette blir tilfelle, vil vi ta kontakt med søkaren før offentleggjering.

Om arbeidsgiveren

Møre og Romsdal fylkeskommune løyser sentrale utviklings- og forvaltningsoppgåver i ein regional organisasjon - i nært samspel med kommunar, næringsliv og organisasjonar.

Vi skal vere ein god tenesteytar for innbyggjarane og ein tydeleg medspelar i utviklinga av fylket. Vårt samfunnsoppdrag byggjer på verdiane respekt, likeverd, medråderett, fellesskapsansvar og open organisasjon.

Søknad merkes
3307
Nettverk
Facebook LinkedIn
Tiltredelse
Snarast etter 01.02.18
Sektor
Offentlig
Sted
Julsundvegen 9
6412 Molde
Bransje
Offentlig administrasjon
Museer, gallerier og kulturminne
Stillingsfunksjon
Rådgivning / Rådgivning

Nøkkelord

rådgivar, kulturarv, museum, kulturvern, forvaltning

Rapporter svindel/regelbrudd

FINN-kode: 107326201

Sist endret: 27. okt 2017 14:31

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Monica Kjøl Tornes
Stillingstittel
ass. fylkeskultursjef
Telefon
971 95 375
71 28 02 91
Kontaktperson
Bjørn Ringstad
Stillingstittel
fylkeskonservator
Telefon
414 58 971
71 28 04 39
Følg firma
16 følger dette firmaet

Julsundvegen 9, 6412 Molde

Rapporter svindel/regelbrudd

FINN-kode: 107326201

Sist endret: 27. okt 2017 14:31