Når annonsen er aktiv kan du tipse en venn Når annonsen er aktiv kan du dele på Facebook Når annonsen er aktiv kan du dele på Twitter
Utløpt

Vikariat som rådgivar/seniorrådgivar på området berekraft og samfunnsansvar - NFD 22/17

Arbeidsgiver
Nærings- og fiskeridepartementet
Stillingstittel
Vikariat som rådgivar/seniorrådgivar på området berekraft og samfunnsansvar - NFD 22/17
Frist
Frist utløpt
Varighet
Vikariat

Vikariat fram til 1. august 2019 i Eigarskapsavdelinga, fag- og prosjekteininga.  

Eigarskapsavdelinga si hovudoppgåve er å medverke til profesjonell forvaltning av staten sitt direkte eigarskap der målet er høgast mogeleg avkastning over tid for staten og ei god og ansvarleg utvikling for selskapa. Avdelinga forvaltar staten sitt eigarskap i 22 selskap. Porteføljen omfattar børsnoterte selskap som blant anna DNB, Telenor og Norsk Hydro, selskap som staten eig aleine som blant anna Statkraft og Flytoget, og enkelte ikkje-noterte selskap som staten eig saman med andre.

Fag- og prosjekteininga støttar opp under avdelinga si eigarstyring gjennom fagleg bistand, utvikling og prosjektleiing på området eigarskapspolitikk. Dette inkluderer arbeid med styreval, juss, eigarstyring og selskapsleiing, berekraft og samfunnsansvar, leiarlønn, rapportering m.m. Eininga er òg eit kompetanse- og ressurssenter for andre eigarmiljø i departementa.

I samband med permisjon søkjer avdelinga etter ein person til vikariat i fag- og prosjekteininga frå ca. 1. januar 2018 og fram til 1. august 2019.

 

Arbeidsoppgåver

Vikariatet inneber i hovudsak arbeidsoppgåver på området berekraft og samfunnsansvar.Den som blir tilsett skal vere med på å bidra til at staten som eigar følgjer opp regjeringa sine forventningar på området og videreutvikle departementets praksis og politikk. Dette skal støtte avdelinga sitt arbeid med å bidra til ei høgast mogeleg avkastning og ei god og ansvarleg utvikling for selskapa. Oppgåvene vil særleg vere å bistå i å vidareutvikle og systematisere arbeidet med berekraft i avdelinga og å gi støtte i den praktiske oppfølginga overfor selskapa. Dette inkluderer praktisk og fagleg bistand, bl.a. med analyser av selskapa sitt arbeid på området, forslag til utviklings- og oppfølgingspunkt til bruk i eigardialogen og praktisk bistand og initiativ i samband med å arrangere møteplasser. Stillinga inneber òg andre oppgåver i avdelinga ut frå aktuelle behov.

Ønskelege kvalifikasjonar

Vi søkjer ein fagleg sterk person med utdanning på masternivå med minimum 1-5 års relevant erfaring. Vi legg vekt på erfaring med og forståing for næringsliv og forretningsverksemd og kompetanse innanfor praktisk arbeid med berekraft og samfunnsansvar  på  områder som klima og miljø, anti-korrupsjon, arbeidstakarrettar og menneskerettar. Dersom ein òg har kompetanse på arbeid med eigarstyring og selskapsleiing og/eller erfaring frå private eller statlege eigarmiljø, er det positivt. Vi søkjer ein person med god skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk og engelsk. Aktuelle kandidatar bør ha godt skjønn, vere fleksible og god til å samarbeide og bør trivast med å arbeide under tidspress.

Vi tilbyr

  • Lønnsspenn: kr 430 100 - 722 400 (ltr. 49-60/60-77)
  • Interessante og utfordrande arbeidsoppgåver i eit aktivt og engasjert arbeidsmiljø
  • Kompetanseutvikling og fagleg oppdatering
  • Heimekontorløysingar og trening i arbeidstida
  • Fleksibel arbeidstidsordning og betalt overtid
  • Låneordning til bustad gjennom Statens pensjonskasse (SPK)
  • God pensjonsordning gjennom SPK
  • Moderne lokale i sentrum

Kopi av attestar og vitnemål som ikkje kan sendast elektronisk, skal sendast Nærings- og fiskeridepartementet, Postboks 8090 Dep, 0032 Oslo. Søknadsdokument blir ikkje returnerte.   

Kontaktpersonar

Karianne K. Wasenden, avdelingsdirektør, tlf. 95 74 78 67

Muriel B. Hansen, seniorrådgiver, tlf. 99 69 86 39

Søknadsfrist: 6. november

Om arbeidsgiveren

Nærings- og fiskeridepartementet har ansvaret for å forme ein framtidsretta nærings- og sjømatpolitikk. Arbeidsområda femner om forvaltning og tilrettelegging for norsk næringsverksemd. Det gjeld mellom anna fiskeri- og havbruksnæringa, forskings- og innovasjonspolitikk, næringsutvikling, handelspolitikk, fremme av  eksporten, forenkling av reglar og skipsfartspolitikken. Departementet forvaltar også staten sine eigarandelar i ei rekkje selskap.

Sektor
Offentlig
Sted
Kongensgate 8,
0153 Oslo
Bransje
Offentlig administrasjon
Stillingsfunksjon
Annet

Rapportér annonse

FINN-kode
106612907
Sist endret
27. okt 2017 09:45
Følg firma
172 følger dette firmaet

Kongensgate 8, 0153 Oslo

Stort kart Hybridkart Flyfoto

Rapportér annonse

FINN-kode
106612907
Sist endret
27. okt 2017 09:45