Utløpt

Førsteamanuensis/ førstelektor i engelsk litteratur / kultur

Arbeidsgiver
Høgskulen på Vestlandet
Stillingstittel
Førsteamanuensis/ førstelektor i engelsk litteratur /kultur
Frist
05.11.2017
Ansettelsesform
Fast

Ved Høgskulen på Vestlandet (HVL), Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett, studiestad Bergen, er det ledig inntil 3 fast(e) stilling(ar) som førsteamanuensis/ førstelektor i engelsk litteratur/kultur ved engelskseksjonen.

 

Avdeling for lærarutdanning er i dag organisert i fire program og 15 fagseksjonar. I samband med fusjonen er organisasjonen under omstilling og frå 1. januar 2018 vil avdelinga bli ein del av Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett. Fakultetet har fire institutt med tilsette i Bergen, Sogndal og på Stord. Det nye fakultetet er ein av dei største lærarutdanningsinstitusjonane i landet med rundt 6200 studentar og 500 tilsette, og tilbyr barnehagelærarutdanning, grunnskulelærarutdanning for 1.-7. og 5.-10. trinn, praktisk-pedagogisk utdanning, bachelorutdanningar, masterutdanningar og Ph.d.-program. Fakultetet har eit omfattende etter- og vidareutdanningstilbod. Forskingsaktiviteten ved fakultetet blir organisert i forskingsprogram og forskargrupper.

 

Engelskseksjonen ved Høgskulen på Vestlandet, studiestad Bergen, har 17 tilsette, der 12 er førsteamanuensar eller førstelektorar, og ein er professor. Seksjonen har ein postdoktor og ein stipendiat, og ein professor II er også knytt til seksjonen. Fagmiljøet tilbyr emne i engelsk språk, engelsk litteratur/kultur og engelsk fagdidaktikk innanfor grunnskulelærarutdanningane og masterprogramma. Seksjonen har stor etter- og vidareutdanningsaktivitet, driv omfattande forskingsaktivitet og utviklingsarbeid, og samarbeider med nasjonale og internasjonale fagmiljø. Dei tilsette ved engelskseksjonen forskar på eit breitt spekter av problemstillingar innanfor engelsklærarutdanning og engelsk språk og litteratur. 

Ansvars- og arbeidsområder
Stillinga(ne) er primært knytte til skulefaget engelsk i grunnskulelærarutdanninga (inkludert didaktikk), og arbeidsoppgåvene er undervisning, oppfølging i praksis, rettleiing og evaluering av studentoppgåver. Arbeidsoppgåver innanfor masterprogramma, kurs og andre oppdrag kan òg vere aktuelle.
Det er forventa deltaking i det faglege og administrative arbeidet, deltaking i utvikling av forskingsmiljø innan engelsk litteratur og kultur og engelsk litteratur- og kulturdidaktikk samt at den som blir tilsett, skal bidra til utvikling av ny master i engelsk innanfor rammene til den nye grunnskulelærarutdanninga.

Kvalifikasjonskrav
Søkjaren må ha førstestillingskompetanse i engelsk litteratur/kultur, og kompetansen må vere relevant for skulefaget engelsk. Kompetanse i fagdidaktikk er sterkt ønskjeleg.

For tilsetting som førsteamanuensis må søkjaren ha avlagt doktorgrad med relevans for stillingsprofilen. For tilsetting som førstelektor må søkjaren ha dokumentert kompetanse på nivå med norsk doktorgrad, og med tilsvarande relevanskrav.

Den som blir tilsett, må ha gode samarbeids- og formidlingsevner, og dessutan evne til å arbeide sjølvstendig, ta initiativ og vere fleksibel. Høgt etisk medvit i møte med studentar er eit krav. Søkjarar som meistrar norsk eller eit anna skandinavisk språk vil bli prioriterte. Dersom den som blir tilsett, ikkje meistrar norsk eller eit anna skandinavisk språk ved tilsetjingstidspunktet, er det forventa at vedkommande tileignar seg denne kompetansen innan to år. Vidare vil søkjarar som har god kjennskap til det norske skulesystemet også bli prioriterte

Tilleggskrav
Ved vurdering og rangering av kvalifiserte søkjarar vil det også bli lagt vekt på:
- allsidigheit og relevant undervisningserfaring, særleg frå arbeid ved universitet,
  høgskule, grunnskule eller vidaregåande skule.
- relevant forskingsarbeid
- dokumentert fagleg-pedagogisk utviklingsarbeid eller vitskapleg arbeid
- høgskulepedagogisk kompetanse
- det vil bli vurdert om søkjaren er personleg eigna for stillinga.

Søk på stillinga
Send søknad og CV ved å klikke på knappen merka "Søk denne stillinga " på denne sida. Som vedlegg til søknaden må søkjarar også laste opp dei vitskaplege arbeida (inntil 5 stk.) dei ønskjer å ha med i vurderinga, fullstendig publikasjonsliste, attestar og vitnemål. Søkjarar bør nemne dei arbeida eller delar av arbeid som særleg skal vektleggjast ved vurderinga. Søknaden må også innehalde oversikt over vedlegg som dokumenterer søkjarens pedagogiske kvalifikasjonar. Dersom vitnemål, karakterutskrifter eller anna dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkjar sjølv laste opp attesterte omsettingar.

Vi gjer merksam på at søknader blir vurderte med den informasjonen som ligg føre i Jobbnorge når søknadsfristen går ut. Det er søkjar sitt ansvar å sørge for at all informasjon er lagt inn innan fristen. Søknader kan ikkje sendast på e-post til enkeltpersoner ved høgskulen.


Søkjarar til stillinga vil bli vurderte og rangerte av eit sakkunnig utval. Aktuelle kandidatar til stillinga vil bli innkalla til intervju og bedne om å halde prøveforelesing


Lønnsvilkår

Førstemanuensis vert løna etter Statens regulativ, stillingskode 1011.

Førstelektor vert løna etter Statens regulativ, stillingskode 1198.

Høgskulen har tenestepensjonsordning og det vert trekt lovfesta innskot til Statens pensjonskasse.

 

Generell informasjon

Den som vert tilsett må rette seg etter dei lover, forskrifter, instruksar og avtaler som til ei kvar tid gjeld for stillinga.

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i folket. Det er derfor eit personalpolitisk mål å oppnå ei balansert alders- og kjønnssamansetting og rekruttere personar med ulik nasjonal- eller etnisk bakgrunn.

Opplysingar om søkjar kan bli gjort offentleg sjølv om søkjar ber om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom førespurnaden ikkje blir tatt til følgje, vil søkjar bli varsla om dette.

Høgskulen på Vestlandet er ei I/A-bedrift.

Hjemmeside

Kontaktpersoner:

Programansvarleg Bodil Kjesbo Risøy 55 58 58 44 / 90575721

Seksjonsleiar Kristian Rusten 55 58 72 29 / kristian.andersen.rusten@hvl.no

 

Om arbeidsgiveren

Høgskulen på Vestlandet (HVL) er ein av dei største høgskulane i landet, med om lag 1 800 tilsette og 16 000 studentar fordelte på fem campus i Førde, Sogndal, Bergen, Stord og Haugesund.


Vi har sterke og innovative fagmiljø innan helse- og sosialfag, ingeniør- og økonomifag, lærarutdanning og samfunnsfag. HVL tilbyr ulike årsstudium og bachelor-, master- og doktorgradsutdanningar.


HVL skal vere tett på arbeidslivet, regionen og studentane, og har ambisjonar om å bli eit universitet med profesjons- og arbeidslivsretta profil.

Sektor
Offentlig
Antall stillinger
3
Sted
Inndalsveien 28, 5063 Bergen
Bransje
Forskning, utdanning og vitenskap,
Offentlig administrasjon
Stillingsfunksjon
Undervisning og pedagogikk,
Undervisning og pedagogikk / Lærer/Lektor
Følg firma
969 følger dette firmaet

Inndalsveien 28, 5063 Bergen

Annonseinformasjon

FINN-kode 106324159
Sist endret 17. okt. 2017 09:33

Rapporter annonse