Når annonsen er aktiv kan du tipse en venn Når annonsen er aktiv kan du dele på Facebook Når annonsen er aktiv kan du dele på Twitter
Utløpt

Vil du arbeide med gjennomføring av nasjonal miljøvernpolitikk?

Arbeidsgiver
Fylkesmannen i Hordaland
Stillingstittel
Overingeniør / rådgjevar / seniorrådgjevar
Sted
Bergen
Frist
Frist utløpt
Varighet
Fast
Bli kjent med Fylkesmannen i Hordaland

Miljøvern- og klimaavdelinga har ledig fast stilling innan vassforvalting med søknadsfrist 3. november 2017

Miljøvern- og klimaavdelinga har ansvar for rettleiing, tilsyn og forvaltingsoppgåver innan vassforvaltinga i fylket. Vi skal sjå til at nasjonale miljømål for vatn vert nådd i alt vårt arbeid etter vassforskrifta, forureiningslova, vassressurslova og naturmangfaldlova. Våre oppdrag på dette området kjem i  hovudsak frå Miljødirektoratet.

Stillinga er knytt opp til gjennomføring av nasjonal miljøvernpolitikk innan vassforvalting. Hovudoppgåva er gjennomføring av den regionale vassforvaltingsplanen, følgje opp tiltaksprogrammet i planen, sikre miljøovervaking og gjennomføre sakshandsaming knytt til inngrep i vassdrag og kystvatn. Andre oppgåver knytt til vassdragsforvalting og miljøvern kan og bli aktuelle. Frå 1. januar 2019 vert Fylkesmannen i Hordaland og Fylkesmannen i Sogn og Fjordane eit embete og det vil bli oppgåver i begge fylker.

Til stillinga vert det kravd høgare teknisk eller naturfagleg utdanning. Praktisk røynsle frå vassdragsforvaltning og kjennskap til offentleg forvalting er ein føremon. Det vert elles lagt stor vekt på gode formidlings- og samarbeidsevner, innsatsvilje samt evne til å arbeide sjølvstendig og målretta med forvaltings- og utviklingsoppgåver.

Felta gir spennande utfordringar, ikkje minst når det gjeld forvaltningsmessige og miljøfaglege problemstillingar.

Søkjaren må :

- ha høgare utdanning

- ha erfaring frå miljøvernforvaltning

- ha kunnskap om kommunesektoren og offentleg forvaltning

- kunne kommunisere kompliserte problemstillingar på ein god måte, skriftleg og munnleg

- kunne arbeide innanfor fristar

- kunne samarbeide nært med andre faggrupper

 

Vi søkjer ein kollega som har erfaring frå - og engasjement for - miljøforvaltning, og evne til å setje seg inn i aktuelle lovverk og styringsdokument. Vidare søkjer vi ein kollega som ser det som viktig å samarbeide tett med kollegaer, både når det gjeld eigne saker og oppgåver, men og i avdelinga sitt samla arbeid. Vi tek atterhald om endringar i arbeidsoppgåver, arbeidsområde og avdelingstilknyting.

 

Vi tilbyr:

- spanande arbeidsoppgåver som opnar for kontakt med mange fagmiljø

- gode vilkår med omsyn til utveksling av kompetanse med kollegaer i andre sektorar

- eit godt arbeidsmiljø

- strukturerte møtepunkt i avdelinga og fleksible møtepunkt med kollegaer

- løn etter avtale i tråd med verksemda sin lønnspolitikk

- medlemsskap i Statens pensjonskasse

- bedriftsidrettslag

 

Stillinga er lønna i stillingskode 1087 overingeniør eller 1434 rådgjevar/1364 seniorrådgjevar med lønn i spenn frå 450 000 til 580 000 kroner etter kvalifikasjonar. For særleg godt kvalifiserte søkjarar kan vi vurdere høgare lønn. Fylkesmannen følgjer elles statlege tilsetjingsvilkår. Tenestemålet er nynorsk. Fylkesmannen ønskjer mangfald. Vi oppmodar difor alle kvalifiserte til å søkje, uansett kjønn, alder, funksjonsevne eller etnisk bakgrunn.

 Nærare opplysningar om stillinga kan du få hos miljøvernsjef Kjell Kvingedal på tlf. 55 57 23 12, mobil 97 50 40 50 eller e-post fmhokkv@fylkesmannen.no.

 Du søkjer stillinga gjennom søkjarportalen www.jobbnorge.no.  Søkjarar lastar opp relevante vitnemål og attestar i portalen. Dersom du har utdanning frå utlandet må du laste opp NOKUT-godkjenning og godkjende omsettingar av vitnemål.

 

Vi gjer merksam på at du kan bli  ført opp på søkjarlista sjølv om du ber om konfidensiell handsaming. Dersom ønske om konfidensiell handsaming ikkje blir  tatt til følgje, blir  du varsla.

 

Om arbeidsgiveren

Fylkesmannen i Hordaland er representant for dei nasjonale styresmaktene i fylket, og held til i Statens hus i Bergen. For meir informasjon sjå: www.fylkesmannen.no/hordaland

Nettverk
Facebook
Tiltredelse
Snarlig
Sektor
Offentlig
Sted
Kaigaten 9,
5020 Bergen
Lønn
Etter avtale
Bransje
Offentlig administrasjon
Stillingsfunksjon
Biolog,
Ingeniør / Kjemiingeniør,
Ingeniør / VVS- og klimateknikk

Nøkkelord

vannforvaltning, miljøvern, klima, vassforvaltning, vassforvaltningsplan

Rapportér annonse

FINN-kode
106269913
Sist endret
12. okt 2017 12:41

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Kjell Kvingedal
Stillingstittel
Miljøvernsjef
Telefon
55 57 23 12
Følg firma
98 følger dette firmaet

Kaigaten 9, 5020 Bergen

Stort kart Hybridkart Flyfoto

Rapportér annonse

FINN-kode
106269913
Sist endret
12. okt 2017 12:41