Utløpt

Førsteamanuensis/ førstelektor/ høgskolelektor innan matematikkdidaktikk / matematikk - vikariat

Arbeidsgiver
Høgskulen på Vestlandet
Stillingstittel
Førsteamanuensis/ førstelektor / høgskolelektor matematikk fagdidaktikk vikariat
Frist
29.10.2017
Ansettelsesform
Vikariat

Ved Høgskulen på Vestlandet (HVL), er det ledig inntil 2 vikariat som førsteamanuensis/ førstelektor/ høgskulelektor i matematikkdidaktikk / matematikk   for perioden 1.1.18 - 31.7.18. Stillingane er knytt til Seksjon for matematikk fagdidaktikk, Avdeling for lærarutdanning, campus Bergen.

Avdeling for lærarutdanning er i dag organisert i fire program og 15 fagseksjonar. I samband med fusjonen er organisasjonen under omstilling og frå 1. januar 2018 vil avdelinga bli ein del av Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett. Fakultetet har fire institutt med tilsette i Bergen, Sogndal og på Stord. Det nye fakultetet er ein av dei største lærarutdanningsinstitusjonane i landet med rundt 6200 studentar og 500 tilsette, og tilbyr barnehagelærarutdanning, grunnskulelærarutdanning for 1.-7. og 5.-10. trinn, praktisk-pedagogisk utdanning, bachelorutdanningar, masterutdanningar og Ph.d.-program. Fakultetet har eit omfattende etter- og vidareutdanningstilbod. Forskningsaktiviteten ved fakultetet blir organisert i forskingsprogram og forskergrupper.


Seksjon for matematikk fagdidaktikk  har i dag 25 fagleg tilsette, halvparten har førstekompetanse, hvorav to professorar. Seksjonen har i tillegg per dags dato fleire stipendiater. Fagmiljøet tilbyr studier i matematikk/matematikkdidaktikk innanfor barnehagelærerutdanninga, grunnskulelærarutdanningane, masterprogram og doktorgradsprogram. I tillegg driver seksjonen utstrakt etter- og vidareutdanningsverksemnd. Seksjonen har omfattande forskingsaktivitet og utviklingsarbeid retta inn mot matematikkdidaktikk og samarbeider med nasjonale og internasjonale fagmiljøer.

Ansvars- og arbeidsområder:

Stillingane  er knytt til matematikk i  grunnskulelærarutdanningane og barnehagelærarutdanninga,  samt eksternt finansierte kurs. Arbeidsoppgåvene vil primært vere undervisning, oppfølging i praksis, rettleiing og evaluering,og deltaking i vidareutvikling av studietilbodene.


Kvalifikasjonskrav

Søkjarar  må ha fagleg kompetanse på  master- / doktorgradsnivå innanfor matematikkdidaktikk .

Dersom søkjar har master-/doktorgrad innan matematikk eller eit tilsvarande fag, krevs det dokumentert matematikkdidaktisk kompetanse på grunnlag av utdanning, undervisning eller rettleiing.

 

Den som blir tilsett må ha gode samarbeids- og formidlingsevner, men og ha evne til å arbeide sjølvstendig. Høgt etisk medvit i møte med studentar er påkrevd. Undervisningsspråket vil vere norsk og søkjar må meistre norsk eller eit anna skandinavisk språk.


Tilleggskrav:

Ved vurdering og rangering av kvalifiserte søkjarar vil det bli lagt vekt på:

  • allsidigheit og relevant yrkeserfaring, særleg frå arbeid i skule/barnehage
  • dokumentert fagleg-pedagogisk utviklingsarbeid og/eller vitskapeleg arbeid
  • høgskolepedagogisk kompetanse
  • evne til deltaking i fagleg utvikling og miljøbygging
  • det vil bli vurdert om søkaren er personleg eigna for stillinga.

 

Søk på stillinga

Send søknad og CV ved å klikke på knappen merka "Søk denne stillinga " på denne sida.

Som vedlegg til søknaden må søkjarar også laste opp attestar og vitnemål. Søknaden må også innehalde vedlegg som dokumenterer pedagogiske kvalifikasjonar. Dersom vitnemål, karakterutskrifter eller anna dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkjar sjølv laste opp attesterte omsettingar.

Vi gjer merksam på at søknader blir vurderte med den informasjonen som ligg føre i Jobbnorge når søknadsfristen går ut. Det er søkjar sitt ansvar å sørge for at all informasjon er lagt inn innan fristen. Søknader kan ikkje sendast på e-post til enkeltpersonar ved høgskulen.

Aktuelle søkjarar til stillinga vil bli kalla inn til intervju.

 

Lønnsvilkår

Førsteamanuensis blir lønt etter Statens regulativ, stillingskode 1011.

Førstelektor blir lønt etter Statens regulativ, stillingskode 1198.

Høgskulelektor blir  lønt etter Statens regulativ kode 1008.

Høgskulen har tenestepensjonsordning og det vert trekt lovfesta innskot til Statens pensjonskasse.

Generell informasjon

Den som blir tilsett må rette seg etter dei lover, forskrifter, instruksar og avtaler som til ei kvar tid gjeld for stillinga.

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i folket. Det er derfor eit personalpolitisk mål å oppnå ei balansert alders- og kjønnssamansetting og rekruttere personar med ulik nasjonal- eller etnisk bakgrunn.

Opplysingar om søkjar kan bli gjort offentleg sjølv om søkjar ber om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom førespurnaden ikkje blir tatt til følgje, vil søkjar bli varsla om dette.

Høgskulen på Vestlandet er ei I/A-bedrift.

Hjemmeside

Kontaktpersoner:

Seksjonsleiar Inger Elin Liland 55 585756

Programansvarleg Nina Grieg Viig 55 585839

Om arbeidsgiveren

Høgskulen på Vestlandet (HVL) vart etablert 1. januar 2017, då Høgskolen i Bergen, Høgskulen i Sogn og Fjordane og Høgskolen Stord/Haugesund fusjonerte.


HVL er ein av dei største høgskulane i landet, med om lag 1 800 tilsette og 16 000 studentar fordelte på fem campus i Førde, Sogndal, Bergen, Stord og Haugesund.


Vi har sterke og innovative fagmiljø innan helse- og sosialfag, ingeniør- og økonomifag, lærarutdanning og samfunnsfag. HVL tilbyr ulike årsstudium og bachelor-, master- og doktorgradsutdanningar.


HVL skal vere tett på arbeidslivet, regionen og studentane, og har ambisjonar om å bli eit universitet med profesjons- og arbeidslivsretta profil.

Sektor
Offentlig
Antall stillinger
2
Sted
Inndalsveien 28, 5063 Bergen
Bransje
Forskning, utdanning og vitenskap,
Offentlig administrasjon
Stillingsfunksjon
Undervisning og pedagogikk,
Undervisning og pedagogikk / Allmennlærer/kontaktlærer,
Undervisning og pedagogikk / Lærer/Lektor
Følg firma
964 følger dette firmaet

Inndalsveien 28, 5063 Bergen

Annonseinformasjon

FINN-kode 105649503
Sist endret 3. okt. 2017 15:37

Rapporter annonse