Utløpt

Sunnhordland Kraftlag (SKL) søker ny administrerande direktør

Arbeidsgiver
Sunnhordland Kraftlag AS
Stillingstittel
Administrerande direktør
Frist
15.10.2017
Ansettelsesform
Fast
Den noverande leiaren vår går av med pensjon, og vi søker difor etter etterfylgjaren hans.

Vi søker etter ein leiar med høgare utdanning på masternivå eller tilsvarande som kan kombinere solid fagleg innsikt med menneskekunnskap og leiareigenskapar – og som veit korleis denne kombinasjonen kan utnyttast til det beste for SKL og den enkelte medarbeidaren.

Du må trivast med å vera leiar, ha gode kommunikasjonsevner, kunne motivere medarbeidarar og utvikle kompetansen i selskapet. Samarbeid og alliansebygging er også sentralt, saman med respekt for politiske rammevilkår og kompleksiteten i rammevilkåra som norsk vasskraft er omfatta av. Digital utvikling og evne til å drive prosesser er andre viktige område i stillinga.

Du bør ha personlege eigenskapar som passar i ein organisasjon prega av høg fagkompetanse i eit uformelt og sosialt miljø. Vi kan på vår side love deg spanande utfordringar både fagleg og personleg, i tillegg til konkurransedyktige lønns- og arbeidsvilkår.

Arbeidsstad er på Stord, men du må rekna med noko reiseaktivitet.

Vil du vite meir om stillinga, kan du ta kontakt med Terje Bøe, mobil 934 07 460

Om arbeidsgiveren

SKL produserer rein elektrisk energi frå fornybare vasskraftkjelder. Selskapet eig og driv kraftstasjonar ei rekkje stader på Vestlandet. Største anlegga er lokalisert til Blådalsvassdraget i Kvinnherad kommune, Hordaland. I tillegg eig SKL større kraftstasjonar i Litledalen, Etne kommune og Eikelandsosen, Fusa kommune. Selskapet har også eigarpostar i Sima kraftverk, Eidfjord og Ulla-Førre anlegga i Rogaland og Aust Agder, samt 15% eigarpost i AS Saudefaldene. SKL har ei stor småkraftportefølje på Vestlandet, både heilegde kraftverk, og i lag med andre. Samla produksjon er om lag 2.600 GWh i året, nok straum til 130.000 husstandar. Hovudkontoret ligg på Stord. Selskapet har 60 tilsette.

Sektor
Privat
Sted
Lønningsåsen 2, 5401 Stord
Bransje
Kraft og energi
Stillingsfunksjon
Ledelse

Nøkkelord

leiar, adm.direktør

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Terje Bøe
Telefon
93 40 74 60
Følg firma
36 følger dette firmaet

Lønningsåsen 2, 5401 Stord

Annonseinformasjon

FINN-kode 105568644
Sist endret 3. okt. 2017 11:41

Rapporter annonse