Utløpt

Fast stilling som rådgjevar/seniorrådgjevar

Arbeidsgiver
Høgskulen på Vestlandet
Stillingstittel
Fast stilling som rådgjevar/seniorrådgjevar
Frist
22.10.2017
Ansettelsesform
Fast

Høgskulen har ledig stilling som rådgjevar/seniorrådgjevar ved Campus Sogndal. Stillinga vil få utfordrande og spanande oppgåver knytt til utvikling av studiekvalitet og systematisk kvalitetsarbeid og handsaming av studentsaker i høve gjeldande forskrifts- og regelverk.

Stillinga er ledig frå 1. desember 2017.

Kvalifikasjonar

Søkjarar bør ha fullført mastergrad, god kjennskap til høgre utdanning og erfaring med administrative arbeidsoppgåver. Den som vert tilsett må like å skrive, og kunne skrive godt på norsk og engelsk.

Høgskulen er for tida under omorganisering og organisatorisk plassering av stillinga blir avklart på nyåret 2018. Arbeidsstad vil vere Sogndal. 

Tilsetjingsvilkår

Stillinga er løna etter Statens lønsregulativ som rådgjevar/seniorrådgjevar etter ansiennitet og kompetanse.

Høgskulen har tenestepensjonsordning og det vert trekt lovfesta innskot til Statens pensjonskasse. Tilsetjing skjer på dei vilkår som følgjer av Lov om statens tenestemenn og dei reglement som til ei kvar tid gjeld i høgskulen. Me tilbyr fleksible arbeidsvilkår.

Den statlege arbeidsstyrken skal spegle mangfaldet i folket. Det er difor eit personalpolitisk mål å oppnå ei balansert alders- og kjønnssamansetjing og å rekruttere personar med ulik nasjonal- eller etnisk bakgrunn. Høgskulen er ei IA bedrift. Me oppmodar derfor alle kvalifiserte til å søke. Arbeidsspråket er norsk.

Nærare informasjon om stillinga får du ved å venda deg til viserektor for utdanning Terje Bjelle, tlf 57676130/ 99168189 terje.bjelle@hvl.no. Du finn meir informasjon om høgskulen på www.hvl.no

Søknad med CV og vitnemål skal sendast elektronisk via (Søk denne stillinga) på denne sida.

Om arbeidsgiveren

Høgskulen på Vestlandet (HVL) vart etablert 1. januar 2017, då Høgskolen i Bergen, Høgskulen i Sogn og Fjordane og Høgskolen Stord/Haugesund fusjonerte.


HVL er ein av dei største høgskulane i landet, med om lag 1 800 tilsette og 16 000 studentar fordelte på fem campus i Førde, Sogndal, Bergen, Stord og Haugesund.


Vi har sterke og innovative fagmiljø innan helse- og sosialfag, ingeniør- og økonomifag, lærarutdanning og samfunnsfag. HVL tilbyr ulike årsstudium og bachelor-, master- og doktorgradsutdanningar.


HVL skal vere tett på arbeidslivet, regionen og studentane, og har ambisjonar om å bli eit universitet med profesjons- og arbeidslivsretta profil.

Sektor
Offentlig
Sted
Røyrgata 6, 6856 Sogndal
Bransje
Forskning, utdanning og vitenskap,
Offentlig administrasjon
Stillingsfunksjon
Kontor og administrasjon,
Rådgivning,
Saksbehandler
Følg firma
969 følger dette firmaet

Røyrgata 6, 6856 Sogndal

Annonseinformasjon

FINN-kode 104899398
Sist endret 22. sep. 2017 16:04

Rapporter annonse