Utløpt

Sjukepleiar/vernepleiar Øyane DPS

Arbeidsgiver
Divisjon psykisk helsevern / Øyane distriktspsykiatriske senter / Allmennpsykiat
Stillingstittel
Sjukepleiar/vernepleiar
Frist
13.08.2017
Ansettelsesform
Fast
Bli kjent med Haukeland universitetssjukehus
Ynskjer du ein spennande og utfordrande jobb?

Seksjon Allmennpsykiatrisk døgnbehandling har i kombinasjon med Bemanningssenteret i føretaket ledig fast stilling i 100% som sjukepleiar / vernepleiar.. 80% av stillinga er knytt til Allmennpsykiatrisk døgnbehandling medan 20% er knytt til Bemanningssenteret.

Øyane DPS er lokalisert på Straume i Fjell kommune, om lag 15 min. køyring frå Bergen sentrum. Klinikken flytta inn i nytt bygg i juni 2011 og er eit av tre DPS knytta til Divisjon psykisk helsevern ved Haukeland universitetssjukehus

Øyane DPS har sektoransvar for kommunane Askøy, Fjell, Sund og Øygarden med om lag 46 000 innbyggarar over 18 år. Klinikken består av allmennpsykiatrisk poliklinikk (med ambulant team), allmennpsykiatrisk døgnseksjon med 12 senger, psykose døgnseksjon med 8 senger (kor ei seng er er brukarstyrt) og psykose /rehabiliteringspoliklinikk.

Seksjon allmennpsykiatrisk døgnbehandling opna 01.12.2010 og er ein open døgnseksjon som tilbyr korttidsbehandling. Behandlinga er bygd på respekt for kvart menneske og der brukarmedverknad står sentralt. Seksjonen er eit ledd i ein behandlingskjede for menneske med ulike psykiske lidingar og kan ha eit høgt aktivitetsnivå. Vi ynskjer difor ei personalgruppe med god arbeidskapasitet som liker ein variert arbeidskvardag, er løysningsorientert og positive.

Bemanningssenteret er Helse Bergen sitt interne bemanningsbyrå. Tilsette ved Bemanningssenteret arbeider ved ulike einingar ved sjukehuset, noko som gir deg breiddeerfaring frå fleire fagfelt. Ved arbeid i Bemanningssenteret kan du påverke arbeidsplanen din, og den blir tilpassa arbeidsplanen ved Lunge post 3. Ved ekstrabehov ved avdelinga vil du arbeide dei fleste av vaktene der.

Arbeidsoppgåver

  • Arbeide sjølvstendig og i team.
  • Planlegge, legge til rette og gjennomføre sjuke-/vernepleiefaglege og miljøterapeutiske tiltak.
  • Administrasjon av medikamentell behandling
  • Pårørandearbeid
  • Tverrfagleg samarbeid
  • Samarbeid med andre seksjonar i HUS og med kommunehelsetenesta

Kvalifikasjonar

  • Norsk autorisasjon som sjukepleiar/vernepleiar
  • Klinisk erfaring frå psykisk helsevern, fortrinnsvis korttidsbehandling og/eller akuttpsykiatri og tverrfagleg samarbeid
  • Må ha grunnleggjande IKT-kompetanse
  • Må meistre norsk skriftleg og munnleg

Utdanning

  • Høgskule/universitet, diplom-/ bachelorgrad
  • Sjukepleiar/vernepleiar
  • Sjukepleie
  • Vernepleie
  • Vidareutdanning / Tilleggsutdanning utover oppnådd grad

Eigenskapar

  • Pasientorientert og har respekt for kvar enkelt pasient
  • Ansvarsbevisst
  • Gode kommunikasjonsevner
  • Gode samarbeidsevner, evne til å arbeida sjølvstendig, målretta og fleksibelt
  • Må like å samhandle og ha godt humør
  • Det vert lagt vekt på personlege eigenskapar
  • Førarkort klasse B

Vi tilbyr

  • Stillingsbrøk: 100%
  • Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
  • Medlemskap i pensjonsordning, 2% pensjonstrekk, yrkesskadeforsikring, gruppelivsforsikring og tenestereiseforsikring
  • pt. 2-delt turnus med arbeid kvar 4 helg
  • Deltaking i å vidareutvikle seksjonen for våre pasientar
  • Eit positivt og godt kollegialt miljø
  • IA -bedrift

Om arbeidsgiveren

Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har over 12.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane våre, og rett opplæring til våre pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 800.000 pasientar og bidreg i utdanninga av eit par tusen helsearbeidarar. Forsking er ei viktig oppgåve, og vi er blant dei fremste i landet innanfor dette feltet. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.

Sektor
Offentlig
Sted
Blombakkane 75, 5353 Straume
Bransje
Helse og omsorg
Stillingsfunksjon
Sykepleier / Psykiatri,
Helsepersonell / Vernepleier/miljøterapeut

Nøkkelord

sjukepleie, vernepleie, almennpsykiatri

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Eva Mette Haldorsen Leknes
Stillingstittel
Ass. seksjonsleder
Telefon
56 32 66 00
Følg firma
2256 følger dette firmaet

Blombakkane 75, 5353 Straume

Annonseinformasjon

FINN-kode 100698387
Sist endret 24. jul. 2017 10:09

Rapporter annonse